Kristiania, den 28de December.

Elverum. (Østerdalen.) December. Eg ser Fedraheimen hev fenget mange Brev, fraa ymse Landskantar, men enno inkje nokot herifraa. Dermed vil eg senda nokle Ord. Fyrst lyt eg – som dei andre – takka fyr sjølve Bladet. Me likar det "ovlega godt," helst me Bondegutarne. Og me vilde gjerna hjelpa til aa faa det ut. Men det er enno mangt, som stend i Vegen og synest visa, at "Tidi er ikkje endaa komi". Men det kjem seg væl, "um ikkje so braadt!"
 
Upplandi er no væl hellest ein av dei Landsbolkar, som hev dei sterkaste Minningarne etter Dansketidi. Iser er detta aa merkja i Maalet, som er so avskapat, at det er vandt um Landsmaalet vil falla oss lettare aa læra enn det aalmenne Bokmaalet. Væl hev me att sume Leivningar av vaart rette Maal; men denne lette Samferdsla millom By og Land, som er komi upp med alle desse Jarnveger og Eimskip, gjer Sitt til, at det Heimslege kjem meir i Gløymeboki og det Framande strøymer inn. Difyre vil Maalsaki nauveleg her faa so varme Talsmenn som andre Stader, der ho hev større Rett. Men me kjenner so godt den stygge Uretten, dei hev gjort oss ved aa "paadytte" oss eit framandt Maal, at me likevæl ynskjer, at denne store Saki maa vinna meir og meir Magt i detta Landet. Framfyr alt er me stor Takk skylduge til alle dei, som slik ofrar seg fyr oss Bønderne; maatte dei so sannt faa Studning af det Folket, dei arbeida fyre, so dei ikkje trøytnad for snart av i Strævet sitt! Den Tidi, daa Bonden sjølv tek "Haand i Hanke" med, kann og koma, og daa tenkjer eg, at Mange i sitt Hjarta vil vita dei Folk Takk. – Endaa me ikkje hev lært det norske Maalet, skynar me likevæl so mykje, at det er fagrare og meir fullklingande enn det danske, og naar me les det, kjenner me so væl den heimlege Grunntonen, at det liksom "tek oss um Hjartat", og Tankarne grip me og meir lett, enn um det var skrivet paa Dansk.
 
Hausten hev voret makalaus mild. Snjo hev det voret litet og inkje av, og Glauma, som plar vera islagd alt i Oktober, hev iaar voret siglande alt til den 15de December. Daa hadde me eitpar kalde Nætter, men so det same linde Veeret paa nytt Lag. Detta Veeret er oss Østerdølar litet til Lags; for Skogbruket er her den fremste Næringsvegen næst Jordbruket, og med slikt Veer og Føre er det mangestader raadlaust aa faa Timbra fram. Det er hogget ein uhorveleg Braate med Timber i Aar; men vert det ikkje snart Vinter, so kjem visst myket av det til aa liggja inne. Men det er no ikkje stort aa faa fyr det held. 12 Al. 10 Tom. er no ikkje meir vyrd enn 8 Tom. paa same Lengdi fyr nokre Aar sidan, og Smaatimber tek dei ikkje dessmeir. Detta sidste kann no hellest vera godt, for det liiver paa Ungskogen. Vil det ikkje besna med Prisarne, kann Ein spaa ei mannjamn Pengenaud fyr Folk her uppe. Bankarne laanar ikkje ut Pengar under 7 og 7 ½ av Hundradet, og slike Renter er for høge fyr Gardbrukaren. Daalegt var det med Aarvegen hellest au. Medels Høyaar elder kanhenda lite under; Kornet fekk ikkje Tid aa mogna fyr Skuld den seine Varen; sumetider fraus det fyrr det vart skoret.
 
- Av Hamarbladi held me, kann du vita, "Oplandenes Avis," og det er aalmennt Ord, at detta er eit av dei best redigerte Blad i Landet, og utan Likning det beste i denne Landsbolken. "Stiftstidenden" er nok tæringssjuk no og gjeng og dregst med Dauden. Endaa dei, som i Politikken gjeng med det, jamrar seg av Naudi, for det er so "turt" og traadt. Dei snakkar um Redaktionsskifte; men det er væl vandt um Bladet kann heilast fyr Sykja si. Det hev boret uppe slik ein "Ufordragelighedens Aand" mot Folk av andre Meiningar, at det væl seint kann faa detta gløymt. - Ei stor Sak, som hev voret uppe her i Aar, var Avgjerdi i Amtsthinget um Pengehjelp til Folkehøgskulen paa Sagatun. At denne Avgjerdi var eit Utslag fyr Folketankarne her i Amtet, er det væl Ingen her som trur. Det Meirtalet, som fekk Yvertaket i Amtsthinget var dertil so grøteleg litet, at der var ikkje stort aa gjera seg til av. Likevæl vart der eit Staak, so du kunde fæla. No hadde Ein Syn fyr Saki, meinte dei; no kunde daa Alle sjaa, kor meiningslaus han var, denne "Høgskulen". Dei slog paa Stortromma i Bladom, so Skindet kunde rivna, og telegraferad baade hit og dit um denne store "Sigren". Eg tykkjer det er underlegt, at ei Samling av Bønder enno i det Herrens Aar 1877 kan soleids vilja taka Livet av sin eigen Skule; det syner, kor langt me er komne. - Andre merkjelege Ting, som hev voret framme i Aar, er Bjørnsons "Kongen", som vitskræmde alle gode Morgenbladsmenn her uppe au, og so Striden um Prestvalet i Faaberg, der Kjyrkjestyret, som du veit, foor slik fram mot gamle Fr. Wexelsen, at visst ikkje Mange kunde skyna det. Men Brevet mitt hev alt vortet for langt, og eg lyt sluta med berre halvkvedi Visa. God Framgang i det nye Aare!
 
E. G.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum