Kongedøme og Republik.

II.
(Sluten.)
 
[Del 4 av 4. Fyrste delen.]
 
Til detta er myket aa svara. Under ein Konge yver heile Grekenland hadde inkje kvar liten Kommyne vortet so overlag sterk fyr seg. Me lyt hugsa paa det og, at den høgste Uppgaava fyr eit Folk er aa vera godt og fritt, og at Fridom fyr eit Folk inkje vil segja, at der kann gjera alle andre til Trælar. Den, som i Aand og Sanning er fri, vil inkje trælka andre, men helder hjelpa dei og til aa verta frie. Eg kann difyr inkje skyna, at det hadde voret godt fyr Grekararne aa hava ein Konge, so lenge dei kunne sleppa. Kongedømet skulde verja eit Folk mot Fiendar, verja Fridomen. Men det tek tidt nettupp det fraa Folket, som det er sett til aa verja. Det er Bukken, som skulde gjæta Havresekken.
 
Ei 150 Aar etter Ufreden med Persia fekk Grekenland ein Konge yver seg, og den kom i ei høveleg Tid. Eit gresk Folk, Makedonarne, som livde langt mot Nord, var litet upplyst og hadde liten Framgang gjort og hadde hatt Kongar yver seg heile Tidi. Difyr hadde helder inkje Folket øydt seg sjølv upp, men var lika ungdomsfriskt. Det var som ein national Kapital, som hadde stadet i Sparebanken til Bruk, naar høveleg Tid kom. Og no høvde det godt til. Det var liksom i Frankrike, daa Napoleon den fyrste kom. Den republikanske Aand hadde dovnat so av, at dei paa ei Vis kunne tola ein Konge, men denne Aand var endaa sterk nog til aa fylla Grekararne med Manndoms-Mot og Lyst til Storverk. Det er vidkjent, at dei greske Herarne under Alexander tok Persia og fyllte Landi umkring Austenden av Middelhavet med gresk Kultur. Det makedoniske Kongedømet var her eit stort Reidskap i Guds Hand: det var "Væren fraa Vest," som Profeten Daniel spaar um. Men det var den Kulturen, som var upparbeidt av dei greske Republikkarne, som gjorde denne Herferdi til nokot meir enn ei Røvarferd og gjorde ho til nokot av det merkelegaste, som nokor Tid hev hendt.
 
Sidan kom Grekenland under den store romerske Republikken. Det var daa som fyrr litet Samhelde millom Grekararne, so dei kunne inkje verja seg mot ein so ovsterk Fiende som Rom. Det var endaa ein Ting, som gjorde detta. Etterkvart som Upplysning og fin Livemaate tok til, vande Borgararne seg av med aa bera Vaapen. Under Rom livde Grekenland eit Liv, som inkje var det som Folk vilde kalla "ærefullt"; men kannhenda mange i vaar Tid, daa me set vaar Æra meir i fredeleg Framgang enn i Herjing og Brenning, vil finna, at det inkje var som verst endaa, naar me tek undan, at dei maatte lyda framande Herrar. Det stolte Rom i allt sitt Velde var endaa litet mot  Grekenland. Greske Vitenskapsmenner reiknade ut, kor stor Jordi var, visste at ho var rund, at naar ein siglde mot Vest, vilde ein til Slutt finna Land og koma att i Aust og soleids fara Jordi rundt - Ting som sidan vart reint avgløymt og som fyrst vart utfunnet paa nytt Lag fyr 3-400 Aar sidan! Athen med sine store Minne hadde det godt under Rom, Rom ærade Athen og sende sine beste Søner dit fyr aa studera. Alt det, som høyrde til Kunst og Vitenskap lærde Romararne av Grekararne, so desse var den aandelege Magti i Rom og i heile Verdi, til Kristendomen kom og tok den greske Kulturen i si Tenesta. "Det slegne Grekenland slo Rom." Romararne gjorde Latin til det Maal, som raadde i vestre Holva av Verdi, men Gresk Maal og Nationalitet raadde i heile den øystre, den rikaste og mest upplyste. Naar eit Folk treng politisk Magt og militær Styrke, er det fyr aa halda sin Nationalitet uppe. Ein skal inkje sneida Grekararne, fyr di dei korkje hadde politisk Magt elder militær Styrke: Rom trengde desse Ting, men Grekenland naadde sitt Maal fyrutan.
 
Daa det store Rike vart bytt i tvo, vart det øystre Rike til eit gresk Keisardøme og stod innpaa 1000 Aar lenger enn det andre.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum