Eit nytt Brageløvte.

(Gjeng som: Marki grønas Snjogen braanar.)
 
Av Jørund Telnes
 
Mæ eg sit i Pallen hera
Jamsis Olav Jolegris, 1)
Vi' eg Brageløvte gjera
Paa dei gamle Kjempurs Vis.
Ufre vi eg inkje lova,
Men eg lovar Borkjen min,
At han hera skaa faa sova
Paa den trøytte Foten sin.
 
Tent meg hev han trutt aa lengje,
Vont aa gott me hopes sleit.
Saa hev han i Krubba fengje
Vore alstøtt fin og feit.
Mangein Timmerstokk or Skogjen
Drog han fram paa Velta, han;
Kneip dæ, drog han eismall Plogjen,
Fint han fram paa Vegjen rann.
 
Eg syns sjaa, hoss lett han kjila
Daa at Margjit ho sto Brur;
Leiv konn ut or Tune spila
Borkjen kneggja under Ur.
Bjørkji briska mæ si Kruna,
Margjit lyste ou mæ si, -
Borkjen traava, saa dæ duna
Gjenom lange ljose Li.
 
Som ein Mann han trutt hev "dela
Konnses Glæe, konnses Sut."
Plent han saag, her noko fela,
Daa me Bestefar bar ut.
Daa han blei fe Sleen sprette
Aa skull' ut av Tune traa,
Ne paa sine Kne han dett'e,
Fram dei honom leie maa.
 
Bestefar han Folen køypte
Av 'n gamle Lofthus-Thor.
Aa som paa eit Ljos du støypte
Blei han utlagd, feit aa stor.
Borkjen hev ou Lyti sine,
D'æ nok inkje dylja fe;
Men saa heve eg ou mine, -
"Likt sin Herre æ alt Fe."
 
Aa saa drikke eg ut Bollen,
Høgt aa lytt eg lovar dæ,
At han hera bortpaa Vollen
Skaa faa bøygje sine Kne.
Dersom Løvte er 'kje halde
Neste Hausten utav meg,
Hundre Dalar – høyr det Alle! –
Æ eg, Olav, skullig deg!
 
1) Jolegris: Ein, som heve leigd seg ne hjaa ein
  Mann i Joli.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum