Ei Segn.

Av B. Konstad
 
Det var um Hausten, dei skulde flytja heim med Buskapen fraa ei Sæter i Valdris. Sætri heiter Staklia. Sonen paa Heimgarden var au uppkomen og skulde hjelpa til med Flutningi. Det skulde ikkje vera braadt fritt fyr "Haugfolk" paa den Sætri; men Guten var no ikkje den, som trudde paa slikt Vas. Likevæl fekk han Hug til aa leggja seg etter paa Sætri um Notti, naar dei andre var heimfarne, til aa røyna ut, korleids det hekk ihop med detta Snakket um Haugfolket. Han lagde seg paa Golvet og kvelvde Ystepanna yver seg. Og korleids det no var elder ikkje var: daa det leid ut paa Notti, kom det inn ei heil Horg med Haugfolk, og ei av Gjenturne deira flaug trast stad og lettad paa Panna, der Guten laag. Han skynad greit, at her var han komen uppi Uføre, og treiv Tollekniven fyr aa kasta Staal yver seg; men der gjorde han eit stygt Mistak og kasta Staal yver Gjenta istadenfyr yver seg sjølv. Daa steig Haugkjeringi sjølv, Moer aat Gjenta, fram og sagde, at hadde han kastat Staal yver henne, laut han og hava henne; og dermed kvarv dei burt att.
 
Guten foor heimatt Dagen etter, og hugad ikkje detta meir, daa han ikkje brydde seg um slik Fanteskap. Men ein Dag, han stod i Smidjunn' og smidde, kom Haugkjeringi inn til honom. Ho treiv ein Hestesko, som laag i Smidjeavlen og var gloande raud, vreid honom um millom Fingrarne sine og sagde aat Guten, at slik vart ho og gjerande med honom, um han ikkje vilde taka Dotterhennar, som han hadde kastat Staal yver. "Men tek du henne," sa ho, "so skal ho ikkje koma eintom til Gards; ein heil Bøling med Kyr skal ho faa med seg i Heimanfylgja, og aat dei skal du gjerda inn ein serskild Kve; og -
                              
ikkje skal du byta
og ikkje skal du selja,
men drepa og elja".
 
Eit gildt Avkjøme skulde Guten og faa, og det skulde standa godt ved Lag alt til i niende Leden; daa skulde Ætti døy ut. – Ja, det var daa ikkje onnor Raad fyre, Guten laut taka Gjenta, han, kor nauvleg han vilde. Gjenta kom, og vigde vart dei. Men daa dei skulde heimatt fraa Kyrkja, fekk han sjaa, at ho hadde ei Rova. Hadde Guten voret leid fyrr, vart han ikkje gladare no, kann du vita; men gjort var gjort, og no laut han hava henne, um so ho hadde havt baade Horn og Klør.
 
Bølingen, som var utlovad i Bruregaava, vart ikkje lengje saknad. Ei heil Mengd med store, fagre, brandutte Kyr kom ein Dag dragande til Gards. Fyrst gjekk Bjøllekui, ho var større og stautare enn dei andre, og hadde Sylvklave. Mjølkebøtta med Sylvgjorder bar ho paa Horni. Bølingen gjekk ende burt aat Kvei og vart innsleppt, og treivst sidan godt, som Haugkjeringi hadde lovat.
 
Med Guten og Hauggjenta gjekk det likare enn Ein skulde tru. Moer hennar hadde sagt ved honom, at han laut vera snill med henne, og det var han au. Ho skautst paa Folket sitt i di, at ho var strid og hardlynd; dermed laut han laga seg væl, so ikkje nokot gjekk henne imot. Born fekk dei mange av; men ingen av dei hadde Rove som Moeri. Fleire av dei vart klokare enn andre Folk, og skulde kunna litet meir enn Fadervaaret sitt. Ætti er no mesta utdøydd, truleg fyr di det alt no er yver den niende Ættleden; men det vert daa sagt, at der endaa skal finnast Leivingar att av henne, baade i Valdris og i andre Bygder der ikring.
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum