Altslag.

Daa Saki millom Jaabæk og Riddervold var fyre, fekk me høyra um ein Hest i Kentuky, som trudde paa det Ordet, at "alt Kjot er Høy", og som difyr beit Øyra av Eigaren sin. No hev det sist Vinter hendt det same paa Garden Manneraak i Lister og Mandals Amt. Daa Mannen skulde ut med Fo'r, saag Hesten sitt Snitt og nappad Øyrat av honom. – Um Hestens Tru veit me ikkje nokot.
K. Hv.
 
Ordensutdeiling. Ein Flokk med Basjibosukar tok strakst etter Donauyvergangen ei Føringsferd; dei trudde daa, at dei her skulde finna Nøgdi av allslags Matvara, og at dei skulde rettugt godgjera seg paa Ryssarne sin Kostnad, skundad seg difyre og braut upp dei store Kistur og Kassur, og fann – berre einaste spildernye Ordensteikn; Villturkarne forsmaadde seg ikkje, men spjaakad seg til og dragsad paa sine Ordensteikn so sjølvbyrge som andre "dekorerade."
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum