Yrjar 15de Decbr. (Brev).

 – Yrjar ligg rett ut fyr Agdanes i Innlaupet aat Throndheim og høyrer til den Deild av Utthrøndelagen som dei no kallar Fosen, det gamle Folksn. Yrjalandet (no "Ørlandet") er eit mesta skoglaust, flatt Bygdelag, der Gardarne ligg so tett ihop, at det i Myrkret, naar Ljosi glimtar i Vindaugom, ser ut paa Lag som ein liten By i kvar Grend. Folket her driv paa baade med Landbruk og Sjødrivt, og naar her er Sild paa Vaagen, daa er her eit Liv, og ei Annsemd, som er mesta makalaus; ein fær stundom ikkje Tid til kvaarkje eta elder sova. Men iaar hev me havt Tid til baade det eine og det andre. Inkje Sild og helder klent paa Jordi og. - Likavæl hev me ikkje voret gjerdlause. Ja det ser endaa ut som det vert berre meir og meir aa gjera, no etter me hev fengjet alle desse nye Arbeidsgreidurne: Slaattemaskinar, Eimtreskemaskinar, fulltupp med Eimbaatar og Eimskip, Telegraf og mangt og mykje, som ein fyrr berre hev høyrt gjetet. No er her "Meierier" og Fesjaa, "Aftenskular" og "Amtsskular" og mange Innretningar, som Folk her ikkje hev drøymt um. Attaat alt detta er her Lutlag med Farty og Sildnotbruk, Torskgarnsbruk alt aat Lofoten og Finnmorki. Fyrr var det ikkje stort fleire Blad aa sjaa enn Almuevennen hjaa Bøndom; no veit eg ikkje aa rekna upp Namnet paa alle. Men Almuevennen held seg godt endaa, som eg trur mykje kjem seg taa Namnet, og so at det er helder ringt i Prisen; for Folk vil gjerna spara paa Mynti, og so fær dei no der sjaa og høyra so mykje um Mord og Brann og annan slik Styggedom. Det er Inkje, Folk er meir glad i enn slike Ting. Politik og slikt bry dei seg ikkje stort um enno. Men det kjem vel snart den Tidi og. - -
 
F. H.
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum