Utlandet.

Frankrike. Um dei Raadlag, som gjekk fyre Tilskipingi av det nye Riksraadet, er det fortalt ein heil Deil laust og fast i dei utlendske Bladom. Daa Batbie var komen ærendslaus fraa det, fyredi at han ikkje kunde finna ein Mann, som vilde bera Andsvaret fyr eit Millombils-Budget, um Folketinget skulde negta aa lata til Budgettet fyr næste Aar, syntest Mac Mahon aa ha etlat gjeva fraa seg Styret, so myket meir som dei konstitutionelle i Senatet sagde beint fram, at dei ikkje vilde røysta fyr ei ny Uppløysning.
 
Nokre Menner utor høgre Centrum og nokre legitimistiske Senatorer, altso hans eigne Vener, hadde seg daa aat Marskalken og talde honom til aa tinga med Dufaure atter. Onsdagen den 13de reiste Marskalken aat Versailles og hadde eit langt Samtal med Dufaure. Det hev og voret sagt, at vigtuge Tidender fraa Utheimen hjelpte fram det Umslaget, som vart. Batbie vart no gjord stad aat Grévy og Audiffret Pasquier fyr aa kalla deim aat Marskalken; Grévy negtad aa koma, men Senats-Fyremannen møtte fram hjaa Marskalken seint um Kvelden. Dei taladst lenge ved, og deretter gjekk Pasquier aat Dufaure, og denne samtykkte i aa kalla aat seg dei Menner, som var utsedde til aa vera med honom i Raadet. Alle var dei samde um, at dei ikkje kunde taka nokor Avgjerd, fyrr enn dei var visse paa Huglaget i Palais Élysée (Fyremannsgarden). Den 14de raakadst Marskalken og Dufaure atter, og etter eit lengre Raadlag kunde Dufaure segja seg viss paa, at Marskalken vilde taka eit Raad utor vinstre Centrum, det stod berre atter aa semjast med honom um ein "Bodskap" aat Tinget. Dufaure fekk frie Hender til aa velja Ministrar, og innan Kvelden var Raadet tilskipat og Bodskapenferdug. Dei fremste Mennerne i dette Raadet høyrer alle til den Thier'ske Skule, altso det konservative Fristyre. Raadsfyremannen og Justitsministeren Dufaurehev voret Minister fleire Gonger; i 1839 var han Minister fyr dei aalmenne Arbeid under Thiers, i 1848 var han ein av dei varmaste Tilhengjarar aat Cavaignac, men etter den 2dre December 1852 drog han seg utor Rikslivet; daa Thiers i 1871 vart Riksstyrar, vart Dufaure utnemnd til Justitsminister og hadde det Embættet til Thiers' Fall; ifjor fekk han i Stand eit Riksraad under Mac Mahon, men laut snart vikja fyr Motstandet fraa dei konservative. Finansministeren Léon Say er ein dugleg Mand og stend paa same Sida som Dufaure i Politiken. Innriksministeren Marcère, Førar fyr vinstre Centrum, er ein helder ung Mann, som fyrst i dei seinare Aar hev komet fyr Ordet i Rikslivet. Ifjor var han med i Dufaure sitt Riksraad, og det same var Handelsministeren Teisserenc de Bort og Utriksministeren Waddington; denne sidste er Protestant og var den Tid Kultusminister. Den 14de vart Bodskapen fraa Riksfyremannen upplesen i baade Tingi. Han var no komen etter det, sagde han, at det var ikkje annat fyre enn aa halda seg tru mot den republikanske Riksskipnaden, som Landet ved dei nye Vali hadde vist seg aa hava Lit til, og difyre hadde han valt seg eit Raad av menner, som var fast meinte paa aa verja og halda uppe denne Skipnaden. Uppløysningi var ikke til annat enn aa faa sidste Avgjerdi av ein Domar, som sjølv var den høgste, so det ikkje var skjotande aat høgre Rett fraa honom. Han hadde brukt Retten sin til Uppløysning og vilde no retta seg etter Landsens Vilje. Han vilde venda tilbake til det, som var ein Grunnsetning i Riksskipnaden, at han var andsvarslaus, og at Ministrarne bar heile Andsvaret. Etter at den Uridi var yver, som no hadde voret, vonadst han, at det skulde koma ei ny lukkeleg Æva. Folketinget hadde no Bissa fyr, at det kunde gjera sitt Arbeid ferdugt i Ro, og Semja med Senatet gav Tilgang til aa fremja og enda dei store Logverk, som Landsens Velferd kravde. "Den store Utstellingi stend fyr Døri, Handel og Verksemd vil gjera nye Framtak, og me vil syna Verdi, at Landet vaart eig Livskraft." Vinstreflokkarne tok imot Bodskapen med høgmælt Samtykke, Høgresida heldt seg kald og tagall. – Millom dei hovsame Fristyremenner – dei andre er det ikkje talande um, dei er ville og galne – raader det eit aalment Velnøgje med, at Riksstellet no er komet i sitt rette Lag atter, men nokot Mistru heng det sjølvsagt enno atti. Marskalken hev skilt seg fraa dei gamle Vennerne sine, og hev ikkje enno vunnet full Tiltru hjaa dei, som han no styd seg paa. – Tinget hev latet til 2/ 12 av Budgettet aat næste Aar, altso aat 2 Maanader; dei vil sjaa, kor det gjeng, fyrr enn dei gjerer meir av det.
 
Krigen. Etter at Ryssen hev teket Plevna, hev han fenget Tak til aa styrkja Magti si paa andre Leider. Ein Part av Plevnaheren er send i Aust og ein annan i Sud. Suleiman Pasja hev rømt Elena og sett Eld paa Byen; daa Plevna rauk, skynad han fulla, at han ikkje kunde halda seg der lenger. Fraa Sjipkaskardet, der dei hev ofrat so myket Folk, dreg no Turkarne seg ogso undan. Eit annat Etterkjøme etter Plevnas Fall er det, at Serbia hev byrjat Ufreden. Den serbiske Heren er paa Ferd til Viddin og skal der naa saman med ei Avdeild av den rumænske Heren. Porten hev gjort Tilbod um Fred, men han færnog taka større i, fyrr Ryssen er nøgd; det ser ellers ut til, at Porten hev sett sitt Lit til, at det skulde verta Usemja millom dei europæiske Magter, og at Lukka daa til Slut kunde venda seg so, at Vilkori vart litet betre fyr den sjuke Mannen, som no synest aa liggja i Dauds Von.
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum