Svarte-Liten.

Eventyr fraa Flatdal i Telemorki.
(Fortalt av Kjersti Haugeland)
 
Det var eingong ein Gut, som gjorde inkje annat hell Pingsestykkje med Stjukmoeri si. "Det var likar, du gjekk burt aa fann att Systeri di, du, hell du gjeng heran og gjer Vondt," sa Stjukmoeri hans. "Ja, skaffa meg ei Nisteskreppe, du," sa Guten, "so skal eg avstad." – Han var fulla glad i Bodi, han, ottast eg.
 
Nisteskreppa fekk han, og reiste. Og so aatte han ei liti kvirv Bikkje, som heitte Svarte-Liten; henne tok han med seg. Som han daa var komen eit Stykkje paa Vegen, aat han av Nista si og lagde seg te sova.
 
Svarte-Liten flaut burti Holti og skvakkad, ho. Um ei Stund kom ho att med ein Rev, ho hadde teket.
 
"Statt upp, Alv Unge, og sjaa den Karen," sa Svarte-Liten tiendfus.
Alv vaknad og sa: "Aa, lat han fylgja, te friar' bli Ferdi!"
 
So reiste dei alle tri. Alv Unge og Svarte-Liten og Rev Diltand'. Guten aat og lagde seg te sova. Svarte-Liten kjende som ein Tev og foor inn i Skogen. Um ei Stund veidad ho ein Skrubb. Den kom ho dragandes med etter Rova.
 
"Statt upp, Alv Unge, og sjaa den Graakallen, du!" sa Bikkja.
"Aa, lat han fylgja, te friar' bli Ferdi!" sa Alv, daa han vaknad.
Som dei so hadde reist ei Stund att, aat Alv og lagde seg te sova som han plagad.
So var Svarte-Liten burti Skogen lengje og væl, men kom til Slut att med ein avleggjande stor Bjønn, ho hadde fangat. – D'er 'kje altid største Bonur og Bein, som lyfter den tyngste Stein!
 
"Statt upp, Alv Unge, sjaa paa den Gufsen!" sa den vesle Bikkja, røyvde paa seg, stod paa tri Bein og smaamurrad.
"Aa vene deg, lat han fylgja, te friar' bli Ferdi!" sa Alv, reiv Augo og einstirde.
 
So reiste dei, heile Rekkja: Alv Unge og Svarte Liten og Reven Raude og Skrubb Flyksand' og Bjønn Byksand', - alle fem reiste dei. Seint um sigje kom dei til Gyvergarden, der Systeri til Alv var. Gyvri sat uppe; det var langt paa Kvelden. Alv stod i Dyrni og gloste inn til sjølvehenne.
 
"Vil du 'kje koma inn og klaa Moer di's Rygg, du!" sa Gyvri. Ho trudde nok det var Son sin, det gamle Trollet; for ho tok til aa dimmast paa Syni i dei seinaste hundrad Aari.
"Gakk inn du, Rev Diltand', og pirkle slikt du kann," sa Alv.
 
Reven inn til aa klora; men det tok 'kje nokot, og Gyvri vart finna, - slog til Reven, so han kantad.
 
Kann du 'kje koma inn og klaa meg, din Skarv!" sa Gyvri ovsinna.
"Aa gakk so inn du, Skrubb Flyksand', og pirkla litevetta," sa Alv.
Skrubben inn og kramsad; men det var au forlitet, - ho slog Skrubben so han svinglad.
"Vil du 'kje koma inn og klaa Moer di's Rygg, du dit skarve Beist, du er!" skreik Gyvri
eitrande sinna.
"Aa, so fær du inn daa, Bjønn Byksand', pirkla det du kann," bad Guten.
 
Men ho likad ikkje det helder; det var væl hosta hardt, det; og dreiv til Bjønnen so at.
"So fær d u inn daa, Svarte-Liten, og pirkla litegrand," sa Alv Unge.
Svarte-Liten kvesste Klørne paa ein Stein, sputtad i Labben og lagad seg fælskeleg til.
"Aa, hossi du riv!" illskreik Gyvri, so Berget ristad. – Smaae Sylar hev au Odd!
 
Med det sama sa Alv: "Aa, puss tak 'o!" - og Bjønn Byksand og Skrubb Flyksand og Rev Diltand og Svarteliten reiv Gyvri i Fillur.
 
So leitad dei i Gyvregarden, og Guten fann Systeri si. Men ho vart glad!
Der var so mykje Gull og Sylv i Garden, at Alv lesste baade byksand' og Flyksand' og Diltand' og Svarte-Liten og sjølve-seg alt det dei orkad bera, og so reiste den gilde Ferdi heimatt.
- Men eg var 'kje med lenger, eg!
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum