Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson)
 
III.
Um den katolske Kyrkja og det katolske Kyrkjestellet.
 
[Del 9 av 25. Fyrste delen.]
 
Nei so er det betre hernede. Her er Golvet reint og prydelegt. Vil ein sitja, finst det eit litet Hus i Kyrkja, der mange Smaastolar og Krakkar er staplade ihop. Der kann du ganga og finna deg ein Stol. Ellest bruka dei litet at sitja her, for dei liggja mest paa Kne frampaa Golvet elder paa dei mange Altarknefall rundt ikring og beda. Og det kann dei gjera, naar dei vilja, for Kyrkjedøri stend altid opi. Ogso detta tykjer eg er godt og verdt at likjast deim i. Heima der læsa me Kyrkja til med digre Jarnlaas, so ein inkje kann sleppa inn utan um Sundagen. Med detta skil ein liksom Kyrkja fraa seg paa Kvardagarne, læt henne berre vera til Sundagsbruk. Det er vel so, at Gud er alle Stader, so ein inkje einkom lyt ganga i Kyrkja, skal ein finna honom, og det er vel so, at ein kann beda lika godt til Gud heima i Stova si som fyre Altaret. Men eg veit, det gjorde meg godt, naar eg var trøytt av at renna kring i den store Byen, at ganga inn i ei Kyrkja og kvila ut paa eit Altarknefall. Og eg trur, at mang ein kunde faa Hug til at smetta inn i Kyrkja, naar han saag Porten stod open, og der i denne Logn og Stilla kjenna seg gripen av Guds Nærvære og senda honom sin Tanke. Eg veit, det gjorde meg godt at sjaa Kaupmannen fraa sitt Kantor og Handverkaren staa sin Verkstad, den fine Frøykni fraa sitt fine Rum og Tiggarkjeringi fraa Gata, Gamle, Unge, Smaaborn leggja seg paa Kne jambreid kvarandre paa det berre Golvet og beda til sin same Gud og Frelsar.
 
So skal ein og tenkja paa at mange av dei Skikkerna, som sjaa so løglege ut fyre oss, hava sin Meining hjaa deim. Det som fyre oss berre synest som Komedispil, kann fyre Aalmugen her, som veit, kvat det skal segja, vera heilagt og uppbyggjande. Dei trenga myket meir fyre Augat enn heima, daa dei her er so syrgjelegt uvitande. Difyre alle desse Bilæti, som den katolske Kyrkja eig. Men i Praksis heve detta ført til, at Aalmugen dyrkar desse Bilæti nett som Heidningarne dyrka sine Avgudar. Dei snakka um, at dette Bilætet er betre og megtugare enn hitt, og so giva dei Sylvhjarto og andre Gaavor til det Bilætet, som gjorde Mannen elder Dotteri heil etter den og den Sjukdomen. Hjaa deim gjeld endaa det gamle Verset dei hadde heruppe i Midaldren:
 
"For Tandverk er St. Apollonis sterk,
og Santa Lucie for Øienverk,
St Gjertrud skal Herberg bestille
Øster og Vester, eller hvor de ville,
St Ludvig kan røgte en Hest,
St Deyens tager Feet vare best,
St Antonius skal røgte vel Svin,
De andre have hver Gjerning sin."
 
Eg skal fortelja nokre løglege Reglor um, korleides dei bera seg aat med desse Bilæti; eg borgar fyre, dei er sanne.
 
I ein By sud i Italia hava dei reist ei stor Bilætstytta av Koparmalm fyre St Oronsio, og til honom beda dei daa, kvar Gong dei vilja hava Regn. Denne Stytta var hol innantil, og daa ho var ovgomol og hadde stadet ute i alt Slag Ve'r i mange Herrens Aar, var det komet ei liti Sprunga i Hovudet hans, so Vatnet silad inn, kvar Gong det rignde, og sidstpaa var daa St Oronsio vorden mett med Vatn. Men all denne Væta innantil og sterk Sol utantil gjorde somyket, at ein Dag, som det var steikjande heitt, og Folket sukkad til St Oronsio etter Regn, so sprakk Stortaai hans, og Vatnet inne i tok til at tippa ut. Men daa vardt det vel ein Styr og eit Rop: "eit Furdeverk (Mirakel)! St Oronsio rigner!" Og so strøymde heile Byen, Unge og Gamle, Store og Smaa ut med Flaskor og Tintor og slost um at sanka upp Vatnet til St Oronsio.
 
Det er no inkje altid, dei er so snilde mot Heilagmennet sitt, for det er ein Dag, nær innpaa den Tidi, daa dei skal inberga Oljefrugterna sine, at dei ottast fyre Regnet, av di det vil skjemma myket av Oljeavlingi. Paa den Dagen taka dei daa eit Bilæte av denne same St Oronsio utor Kyrkja og bera det rundt i Heidersstemna (Procession) kring heile Byen. Verd det daa godt Ve'r, so takka dei honom og bera fram Blomar og Kransar til honom; men verd det Ruskeve'r, so hiva dei honom i Gata, trakka, sputta og spenna paa honom og skjella honom ut som ein annan Tjuv. Og naar dei hava svalat Harmen sin paa denne Maaten, bera dei honom inn i Kyrkja atter og setja honom paa sitt gamle Stelle. Ein skulde inkje tru, vaksne Folk kunde vera so barnskne.
 
Den øvste av alle dei heilage er no Madonna; soleides kalla dei Jomfru Maria. Herheima hava me mest gløymt, at Gudsmoder er til, og det er no inkje bra, men jamen gjera dei for myket av det ned i dei katolske Land. Dei beda langt tidare til henne enn til Kristus og Gud Fader. Dei hava Salmar til hennar Æra, Styttor fyre henne, Kyrkjor og Helgedagar nemnde etter henne, og du kann sjaa Bilætet hennar, med ei liti brennande Kola under, mest paa kvar Gatehyrna, i kvar Bud, i kvar Skjenkestova. Dei tenkja soleides: "ein Son, som er god og lydug, vil naudlega gjera Mo'r si nokot imot. Naar me no beda til Madonna, so er ho mildare og meir mjukhjartad, av di ho er Kvende, og so vil ho atter beda Sonen sin, Kristus, fyre oss." I Kyrkjom ser du difyre ofta, at det heng ikring hennar Bilæte smaae Armar og Bein og heile Smaaborn av Vaks. Det skal daa vera ei Takkegaava fraa alle deim, som er vordne gode atter fraa Sjukdomar og hjelpte i Barnsnaud med at beda til Madonna. So fortelst det, korleides eit Bilæte av Madonna heve rengt Augo, eit annat heve nikkat, eit tridje heve lidat paa Hond elder Fot og so frametter. So verd det daa eit Renn til desse namngjetne Bilæti, som er reint overslegt, og Kyrkja elder Mannen, som eig Bilætet, tener gode Pengar. Ein kann lett skyna, at Prettemakarar og andre fule og mangfreistne Folk maa kunne bruka denne Ovtru hjaa Aalmugen til baade det eine og det andre.
 
Soleides var det ein, som hadde gjort seg eit Mariabilæte, som kunde baade rengja Augo og nikka. Det kom snart ut i Byen, at so var Tilfellet. Og den, som saag ut til at vera mest handfallen yver Furdeverket, var Mannen sjølv. Det kom daa ei stor Mannamengd daglega til Huset hans og skulde sjaa paa denne Bisni, og alle hadde dei daa Pengegaavor med, forstend seg. Naar daa Madonna inkje vilde nikka, var det reint utrøystande, for dei trudde, ho daa laut vera harm paa deim; men Mannen, som aatte Bilætet, talde deim til at freista med nokot fleire Skilingar, og daa nikkad Madonna.
 
Ei onnor løgleg Regla gjekk i Rom, daa eg var der. Ei gomol, fatig Kjering hadde lenge gjenget og set og set paa alle desse Sylvhjarto, som hekk kring Madonna, og so saag ho so lenge, til ho fekk Hug paa at taka eit. "Jomfru Maria er rik nog fyrr," tenkte ho; "ho treng inkje nokot, men eg Stakkar gjeng her og slit og slæper og aldri munar det nokot lel." So stal ho daa eit, men Stulden vardt opendagad, og Kona sett. No skulde ho svara fyre seg, men ho var ein sløg gamall Krok var ho. Ho legg i Vegen med ei lang Regla um, at det visst inkje hadde voret hennar Tanke at stela, men som ho laag der og klagad si Naud fyre Madonna, hadde Madonna openberrat seg fyre henne, peikat paa eit av Sylvhjartom og sagt, ho kunde taka det. Kvat Domaren trudde um detta, skal eg inkje segja for visst, men sant er det, at Kona slapp fri, og no strøymde det inn Gaavor i Tusundtal til dette Bilætet, som Madonna hadde gjort slikt Furdeverk med.
 
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum