Kristiania, den 22de December.

Daa Noreg vart eiget Rike paa nytt Lag, stod Landet aa kalla paa berve Bakken. Det "var Inkje og hadde Inkje". Attaat di vilde Danmark ha Pengar. Noreg skulde taka Lut i den Riksskuldi, som var gjord under Samfestet, mest ved Dragsmaal med Svensken. Og Noreg maatte greida Mynti. Væl var Landet utfaatøkt og nybølt og kunde turva det Litle det hadde til aa setja Fot under eiget Bord, men Danske-Skuldi kunde – og vilde det ikkje helder – sleppa fraa. Byggja eit gildt Slott aat den nye Kongen sin vilde Noreg ogso gjerna, for Slott skal det til aat ein Konge, det veit me av Eventyri, og det var før snipplegt aa ha berre det skarve "Palaiet," som Bernt Anker gav burt til eit "Braadnøyte" so i dei fyrste Aari. So tok Landet til aa laana. Det fyrste norske Rikslaanet, av 1822, Slottslaanet elder "Tjuvelaanet," som skjemtefulle Folk kallad det, til stor Undring fyr Landsfolket, som veit væl aa skilja millom Tjuv og Tjuge, var ovleg dyrt. Men Rentur og Avdrag vart lagde i rett Tid, og sidan hev det ikkje voret nokon Vande aa faa so mange og so store Laan, me hev viljat, og med betre Skilord ogso. Det var no likvæl so, at Innkomurne i Fyrstunne var helder smaae, og det vart eit Bil utyver utskrivet ein endefram Skatt til aa fylla Rikskassa, - den aalkjende Land- og Kaupstadskatten. Han kom paa ein halv Million Dalar elder derikring, men vart ettergjeven i 1836. Sidan hev me ikkje havt nokon slik Skatt, naar me undantek Vegskatten, som vardt paalagd i 1824, og fastsett paa ein litet annan Maate i 1851. Denne Skatten gjerer no paa Lag 520,000 Kronur (fyrr i Tidi nokot meir). Men Riksinnkomurne hev likvel sleget godt til, og Tid etter Tid hev Storthinget endaa kunnat strjuka elder setja ned Tollen paa Raa-Emne, Klædeog Matvarar, so me no ikkje legg meir i Rikskassa enn 20 Øyrur Tunna fyr Rug og Bygg, medan Havre er tollfri.
 
Tollen, som Faatøkmannen fær bera likso mykje av som Rikmannen, og stundom meir, daa det er størst Toll paa Kaffe og Tobak, som den Faatøke bruker mest av, hev Riksstyret og Storthinget funnet aa vera ei Velsigning fyr Landet elder eit "Nationalgode", so sagde iminsto ei Nemnd i 1827. Men andre baade her heime og i Utlondi hev sagt, at det er ei Skam aa plundra den Faatøke slik, som Ein gjerer med Tollen, allvisst naar Tollen er so høg som i Noreg. Likvæl finnst det enno dei, som ser paa Tollen som ein Heilagdom og held honom fyr "ei Velsigning"; og me, som ikkje er ovleg glade i høg Toll, er vel nøydde til aa halda paa denne Skatten, me og, solenge. For no er det komet ei Tid, som gjerer framifraa store Krav paa Pengar. Pengar fyrst og Pengar sidst, til aa greida Rentur og Avdrag paa den Riksskuldi me hev gjort til aa byggja Jarnveger, og til aa byggja endaa fleire Jarnveger. Pengar tarv me og til aa fylgja med i Kulturen paa andre Maatar. Det legst mangt til no, som maa fram, men som krev Pengar, og det hev vist seg, at Storthinget kann fara som det vil, Riksreikneskapen veks likvæl Aar fyr Aar. – Detta er no elles i seg sjølv berre godt; det maa fulla vera eit Merke paa, at Landet gjeng fram, veit me. –
 
Me hev no ei Riksskuld paa 73 Millionar Kronur, men me maa enno laana i langsameleg Tid, ei 10-12 Millionar kvart Aar, til aa driva fram den Jarnvegsbyggingi, som alt er sett i Gang, og til aa byggja dei Jarnveger, som Folk lengtar saart etter i dei Landsbolkarne, som enno ikkje hev høyrt den fagre Ljoden av ei Lokomotivpipa. Det gjeld daa aa finna eit nytt Skattegrundlag, som kann gjeva nokot av seg. Og so tenkjer dei paa aa føra inn att endefram (direkte) Skatt, det, dei kallar Inkomeskatten. 1) Detta
 
Den Skattelognemndi, som sidste Storthing sette til aa granska Spursmaalet, hev arbeidt i dei sidste 4 Maanadar, og me hev set av Storbladi, at Nemndi skal vera langt paa Veg med Arbeidet sitt. Me veit no just ikkje, um det nettupp er so mykje sætande, det Storbladi segjer; kann henda dei ikkje veit stort meir dei, enn me; men det kann me skyna av oss sjølv, at det ikkje kann vera Spursmaal um annat enn aa taka Innkome-Skatt ogso her til Lands. Det er den einaste Skatten, som det er nokon Mun i, naar alle andre Kjeldur er tømde, og det er dei no hjaa oss. For auka Tollen paa Korn, det vaagar Ingen, kor god Hug Sume enn kunde hava paa det.
 
Litetvetta kunde Ein vel faa inn ved aa leggja større Avgivt paa Arv, og ved Stempelskatt paa ymse Papir, som no er fri, men det vert ikkje stort av Stempelskatten, han vil altid vera som ein Drope i Havet. Og me vil ikkje eingong nemna slike Smaaskattar, som me fyrr hev havt (Engsletteskatt, Sagbruksskatt, Rangskatt o. s. fr.) elder slike Avgivter, som dei enno hev paa sume Stader i Utlandet (Vindaugeskatt, Vognskatt o.a.) Riksstyret held nok paa og bryggjer paa ei ny Log um Stempelskatt paa mest alle Papir, som til er, men me er rædde fyr, at det kjem til aa ganga med den, som det gjekk med det Framlegget, som vart gjort her paa sidste Thinget. Me hev ogso høyrt, at Skattelognemndi held paa med nokot dilikt. Men er det sannt, so gjerer det oss vondt. Det er ingjen Ting, som Folk likar so litet som Stempelskatt paa Skuldbrevi sine. Dei Herrar Nemndemenn maa ogso vita, at den Stempelskatten, som me no hev, er drjugare enn godt gjerer, imindsto i eitt Stykke. Den, som kauper ein Gard, maa greida 4/ 5 % av Kaupverdet i Avgivt til Rikskassa, altso heile 320 Kr., naaar Kaupverdet er 40000 Kr., og det paa ei Tid, daa han skal setja Bu, og, paa Landet imindsto, hev Bruk fyr Pengarne sine til alt annat, til aa kaupa Korn, Driftsgogn, Buskap o. m. Fyr desse Pengar kunde han t. D. kaupa seg ein gjild Hest elder tvo-tri Naut. Me, som hev havt Høve til aa røyna, kor denne Skatten tek ein nybølt Mann, me kann ikkje annat enn ynskja, at han vart nedsett elder ettergjeven. 5 elder 10 Aar etter, at Mannen hadde kaupt Garden sin, vilde han helder kunna leggja ein slik Skatt. Ein annan Ting vilde me ogso leggja Nemndi paa Hjarta, um me kunde: Krev inn Innkomeskatten i stutte Terminar, t. D. med 1/ 12 kvar Maanad, daa soleids, at den, som vil, ogso kann faa bitala alt med ein Gong. Vert ikkje det gjort, daa vil denne Skatten tyngja helder hardt paa dei, som hev smaae Innkomur, um han so er aldri so rimeleg i seg sjølv.
 
Maaten enn ein Mann med smaae Innkomur. Det kann ogso vera slik, at Eigedom i Pengar elder Pengeverd vert ilagd serleg Skatt, elder at Inntekt av Eigendom er skattlagd høgre enn Arbeidsinntekt.
 
1)Innkomeskatt (eng. income-tax) er Skatt af Inntekt og Næring (slik som Faatøkskatten kann vera alt no), soleids at den, som hev store Inntekter legg stor Skatt, den, som tener litet, liten Skatt. Denne Skatten kann ogso vera "progressiv" d. e. soleids, at ein Mann med store Innkomur legg meir etter hev Mange ikkje likt fyrr, men no ser det ut til, at Alle er samde. Berre sidan i Vaar er det stort Meiningsbrigde i detta Stykket. Endaa "Morgenbladet" tek no Ordet fyr Innkomeskatt.
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum