Jolesong.

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng,
Eit Gitord gjeng
Um Kongeson i Krubbeseng.
Halleluja, Halleluja!
 
Av Davids Rot den Sonen rann,
Og han er baade Gud og Mann.
 
Og Englesong og Stjerneljos
Til Heimsens Endar ber hans Ros.
 
Og Jesus er den Davids Son,
Som større er enn Salomon.
 
Hans Rike gjeng so langt som Sol,
Og evig stend hans Kongestol.
 
Hans Velde naar fraa Hav til Hav,
Men Rettferd er hans Kongestav.
 
Han reider Rett fyr arme Smaa,
Som truande til honom traa.
 
Han sonar Synd og løyser Band.
Han friar Folk og fredar Land.
 
Hans Ord som Dogg um Morgon fell,
Og Freden gror fraa Fjord til Fjell.
 
Og Sol renn upp og Sol gjeng ned,
Men utan Ende er hans Fred.
 
Idag hans Folk i Sud og Nord
Som Brøder syng um Fred paa Jord.
 
No kann og me faa syngja med
Den Songen, som Guds Englar kved.
 
Gud vere Lov i høgste Høgd,
I høgste Høgd!
No er eg sæl og glad og nøgd.
Halleluja, Halleluja!
 
X.
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum