Gamall norsk Jolepreika.

Den kristne Trui, som fyrst kom her til Landet, var, som du veit, den romersk katholske. Me hev tenkt, um Lesararne vaare kunde hava Moro av aa sjaa, korleids ei Jolepreika fraa den Tidi ser ut, og dermed hev me umsett ei slik fraa Gamallnorsk til Nynorsk, og tek den inn her nedanfyre. Maalet hev me gjort so likt det gamle som me trudde det gjekk an. Preika er teki or "Homilieboki," som Prof. C. R. Unger hev gjevet ut.
 
Gode Brøder! lyde til, kvat her verdt sagt i denne heilage Boki um denne Herrens Dag, di at denne Dagen er helgad aat hin heilage Konungen til Lov og til Dyrd, 1) so vida som Kristendom finst. Og so kjem Gud til kvars Brjost, og me skal halda oss væl bune til aa taka imot denne Dagen, so som David mæler um honom: Hæc est dies, quam fecit Deus, exultemus et lætemur in ea dvs. Denne er den Dagen, som Gud gjorde, lat oss fagna oss i honom og gleda oss.
 
Kvat var som gjekk fyr seg paa den Notti, daa Gud var fødd, vaar Drottin? Daa foor Keisar Augustus med stor Her 2) til Betlehem, den Borgi, som Gud var fødd i. Men daa saag Keisaren upp til Himmels og saag ei Stjerna ljosare enn han fyrr hadde set. Daa minntest han, kvat Spaamenn hadde fyre spaat um Guds Fødsla. Og dei sagde, at ein Mann skulde vera fødd av reinan Møy, og han skulde vera kallad Jesus, og det er hin sælaste Fødsla som fødd er. Men den som trur paa honom, han skal liva med Englom og dei Heilagom, der som ikkje er Hungr og ikkje Torste og ikkje Alderdom og ikkje Myrkr, ikkje Skrik og ikke Ank, ikkje Jamring, ikkje Graat og ikkje Pine. Der er Ljos fyrutan Myrkr og Liv fyrutan Daude, Ungdom fyrutan Alderdom, Helsa fyrutan Sott. Og um so kvar livande Mann talad fraa Heimsens Upphav og til Verdalderens Ende, dei kunde endaa ikkje ut segja all Himmelens Fagnad og all den Dyrd, som der er, og som Gud heve etlat sine Vener og deim, som hans Bodord fylgja. Væl er det fyr deira Saaler, at dei til Verdi vardt borne, dei, som kann vinna det Rike og den Dyrd, som der er, so som Profeten Daniel mælte med desse Ord: Tusund Gonger Tusund tenad honom, og ti Tusund Gonger hundrad Tusund stod framfyre honom og song: heilag, heilag, heilag er du, Himmeldrottin; fulle er Himlar og Jord utav din Herlegdom. So song Englarne, Drotnen vaar til Dyrd og Æra, fyrdi han vart fødd hit i denne Heimen, Mannsens Ætt til Hjelp; og detta var eit stort Under. Aatta Vetrar fyre Guds Fødsla, paa same Tidi, daa skein Sol midt paa Notti so fagert som um midjan Dag, daa, naar ho skin fagrast og ljosast.
 
No er denne Dagen hardla heilag, gode Vener, og alle dei Saaler, som i Helheimen er, dei fær daa Ro, um dei fekk Kristendom fyre denne Dags Helg. Og d i fyre er denne Dagen so heilag, at Drotnen vaar er fødd denne Notti, han som løyste all Mannsens Ætt ut or Helheimen. Men fyrr at Gud let seg føda i denne Heimen, daa foor alle Saaler til Helheimen, gode og vonde; so stort Velde aatte Djevelen, fyrr enn Drotnen vaar let seg føda i denne Heimen av Maria Møy, paa den Dagen, som me kallar Sundag, diat so vida som kristet Folk er, so vyrda kristne Menn denne Dagen.
 
Men daa kom Ord til Herodes, hin vonde Konungen, at det Barnet var fødd i Betlehems Borg, som skulde vera Konung yver alle Konungar og yver all Heimen. Og daa saag Hjurdingar, 3) som gjætte Sauder paa eit Fjell der, ei fager Stjerna yver Betlehems Borg, og stor Dyrd, og høyrde kor Englarne song dyrlege, og saag det Ljoset, som skein yver sankta Maria, diat ho fødde hin beste Fødsla, som fødd var i denne Heimen. Det var hin same Engelen Gabriel, som bar Bod til Maria, at ho skulde føda ein Son, med desse Ord: Heil vere du Maria! av Miskunn vere du full! Herren vere med deg, signad vere du millom alle Kvinnur! og signad vere di Livsens Frukt! So mælte Engelen ved Maria, og ho var daa med Barn. Men daa svarad Maria og mælte: Korleis kann det so vera, Guds Engel, med di at eg kjende ikkje Mann? Daa svarad Guds Engel og sagde: Høyr du, Maria, Guds Møy. Anden hin heilage kjem yver deg, og Krafti aat den Høgste umskyggjer deg. Di at fyr di Skuld kjem Ljos i allan Heim, som fyrr var i Myrkr, fyrr det Barnet vart født, som du skal eiga. For alt Kvendkyr var bannstøytt fyr Eva Skuld, Kona Adams, diat ho braut Guds Bodord fyr Ormens Freisting, daa ho aat Eplet og gav Adam. Daa bannstøytte Gud all Kvinne Ætt, av di dei aat av bannlyst Tre. Og endaa skal dei vera vælsigna, diat du skal eiga Barn, det sælaste og dyraste, som i Heimen fødast skal.
 
Di skylda me væl aa halda denne Tid heilag med rein Framferd, at me kunde bera fram Lov og Takk fyr Herren vaar, han, som skapad oss hit i denne Heimen; og no er han med oss i denne Helgartid; for han baud Langfedrom vaare aa halda henne, med Rettlæte og Kyrkjegang og heilage Bøner og Sælebotsgaavur. Fare ikkje med Ovdrikking elder Oveting, for Salomon hin vise mælte so: Der som Drykken raader med Mannen, der raader Djevelen. Men Vaarherre sagde i sitt Ord: Dei, som her i Verdi prisa Ovdrikking elder Ovfyll, og ikkje vilja gjera Bot, og una i desse Synder til sin døyande Dag, dei hava ikkje Lut i Himlom med Gud, og aat deim er Helvite ætlat med Djevlom. Der er Skrik og Graat, og Hungr og Torste, og sveljande Eld, 7 Gonger heitare enn den heitaste i Verdi. Og der er ævelegt Myrkr fyrutan Ljos, Alderdom fyrutan Ungdom. Og um kvar Mann havde 100 Hovud, og det i kvart Hovud var 100 Tungur av Jarn, og dei alle talad fraa Heimsens Upphav og til Enden, daa kunde dei endaa ikkje segja alt det Vonde, som i Helheimen er. Der høyrest hard Jamring av arme Saaler, og alle mæla dei med ei Røyst: ve oss, ve oss, at me skulde verta fødde og koma i slike Pinslur fyr Synderne vaare!
 
Daa svarar Herren med Skalden Davids Ord: Quid gloriaris in malitia, qui potens es in iniqvitate? Kvat var deg so dyrt det Bilet du var i Verdi, at du inkje godt gjorde, og inkje godt vilde du gjera? Naar Armingar kom til Huset ditt og bad deg um ei Gaava fyr Guds Skuld, daa vilde du Inkje gjeva deim, og rak deim fraa Dørerne dine. Kvat! trudde du, di arme Saal! at du vardt fraarøvad Godset ditt, um du gav deim Olmosur, med di du ikkje hadde mildt Hjarta i Verdi? Og daa segjer Herren framleides til dei arme Saaler: Myket tolde eg fyr dykk, men liten Takk unnte de meg. Eg fastad fyr dykk i 40 Dagar og 40 Nætter. Eg vardt seld til Jødarne og krossfestad. Det tolde eg fyr dykk, men de vilde ikkje tola eit Ord, som vardt sagt med dykk, utan at de tok Hemn. Eg kunde, um eg vilde, med eit einaste Ord senda dykk aat Hel. Eg vardt fordømd fyr Domstolen fyr dykkar Skuld. Eg vardt slegen og hengd aa Krossen. Dei tok Tornehjelm og sette paa Hovudet mitt til Hæding. Dei lagde Spjotet i Sida paa meg, so Blodet rann aa Jord. Eg vardt gravlagd, og reis upp av Dauden. Kvat gjorde de fyr meg i Verdi, naar eg tolde so myket fyr dykk? – Eg gav dykk Solskin og Regn og Jordar Blom, Mat og Klæder, Liv og Helsa, men de unnte meg inkje Takk. Daa mæler vaar Herre til desse Saaler: Fruktlaust gjorde eg Æra paa Verdi fyr dykkar Skuld. No heve de sjølve gjort um Inkje det, som eg hadde ætlat dykk. Ikkje kann mi Rettvisa døma dykk annan Dom enn de sjølve heve lagat til aat dykk. No heve de det, de valde dykk. De brydde dykk ikkje um det same Ljoset; vere no i Myrkr. De elskad Dauden; vere no fortapte. De fylgde Djevelen; fare no med honom til Helvites Eld hin æveleg brennande. Daa fara dei til Helvites Pinsla; der er endelaus Vist.
 
No, Brøder og Syster, lat oss vara oss fyr Hels Pinslur, den Stundi, me er der. Gud unne oss det, at me maatte faa det Riket og den Signing, som Paulus Apostel mælte um med det desse Ordi: Ikkje kann Auga sjaa, og ikkje kann Øyrahøyra, og ikkje kann i Hjartat koma, kor stor ei Dyrd Gud hev ferdt til aat Venerne sine og kvar Dag ferder til. No skal me væl halda denne gode Tid, og søkja Tenesta desse tolv Nætter, at Gud kunde vera oss miskunnsam og forlata oss Synderne vaare, og verja oss mot all urein Lyst, og taka imot Olmosurne og Bønerne vaare fyr Fødetidi hans, som me dyrker og vyrder. Men den som væl held og væl agtar denne Tid, han skal hava Lut i Himmelen med Gud. Men dei, som ikkje vil, dei skal tola Pinsla i ein annan Heim, og Strid i denne. Lat oss daa væl halda denne Tid, og gjivmildt, Gud til Æra, oss til Miskunn baade i denne og i hin Heimen. Honom verre Dyrd og Æra per omnia secula seculorum 4) Amen.
 
1) Herlegheit, Herlegdom, Æra. Ordet er so godt og fagert, at ein lyt hava Løyvil te aa bruka det i Nynorsk ogso.
2) Presten hev ikkje voret fullstød i Bibelen sin, er det likt til.
3) Gamallnorsken hev "smalamenn."
4) i alle Ævur.
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum