Fraa Finland (Or eit Privatbrev).

– Er det so i Norig, at Folket talar eit annat Maal enn Skulen? Daa er det kvar vitug Nordmanns Skylda og læra Skulen tala sama Maalet som Folket. Og Ingen skal nokotsinn turva trega paa, at han hev arbeidt fyr Folket sitt, di meir beintpaa (direkte), di betre: men aldri arbeider Ein no so direkte paa eit Folk gjenom eit framandt Maal som gjenom Folksens eiget. – Hardt Motstand hev me Fennomanarne havt av Svekomanarne 1); men Sanningi skal sigra, og hev alt sigrat. Fyrst vilde Svekomanarne paastaa, at det finske Folket var heilt upp uført til aa taka imot Kultur, og dermed var det gagnlaust Stræv, meinte dei, aa arbeida fyr dei "raa Finnarne." Men so kunde det sannprovast, at fleire av desse Finnar, som skulde vera dømde til æveleg Faakunna, likevæl hadde evlat aa eigna til seg endaa til den "svenska bildningen." Ja, vart det daa svarat, Folket kunde kannhenda faa Daning; men Maalet var so avstyggjeleg stygt, og so reint uskaplegt, at det ikkje kunde verta brukt i Skulen. "Lat oss daa faa arbeida fyr Maalets Utvikling," bad Folkets Vener. Nei, sagde "Kulturberararne," me hev jo fyrr kunnat berga oss utan detta Maalet; - men de hev vortet galne, de er "Fennomanar." Gjev oss Skular, bad Folket og dess Talsmenn. "Kvat gjer de med Skular, me hev jo ikkje Skulebøker?" – Ja men kor kann me skriva Skulebøker, naar me ikkje fær læra oss? – Fennomanarne fekk daa skriva, og umsette Skulebøker so godt dei kunde, daa sagde "Kulturberararne": "no hev Fennomanarne vortet reint galne, dei skriv Skulebøker, og det finst – Ingen, som kauper deim!" Likevæl kvarv det eine Upplaget etter det andre fraa Boklødurne, og nye kom istaden. Gjev oss no finske Skular, for no finst det Bøker, og Folk, som les deim, sagde dei Finske. "Ja det er ein 'imaginär publik' (drøymd Lese-Ring)" sagde dei Ikkje-"Imaginære". I Helsingfors kjem det ut eit finsk Blad "Uusi Suometar" (Finlands nye Dotter) i 6000 Eksemplar. Det er det finske Folket, som les det, "og detta Folket vil, ja det skal faa Skular!" Det fekk Skular og, men um eit Bil skulde nokre av desse verta nedlagde, daa "flere än tre finska skolor icke är öfverenstemmande med bildningens verkliga intressen." Men det Finske Folket samlad ihop Midlar og heldt dei nedlagde Skularne sjølv. - - So hev Svekomanarne funnet paa nye Krokar, til aa stengja Skulen fyr oss Finnarne. Dei segja: "inga svenska skolor få indragas, ock skolspråket skall bestämmas, icke i förhållande til folkmängden, utan til det sig företeende bildningsbehof" 2). Dei veit, at Staten ikkje kann kosta paa so reint mange Skular, og at det finske Folkets "bildningsbehof" (Trong paa Daning) ikkje so lett kann vekkjast og verta synbert, daa Folket ikkje hev Skular. "Men," slutar Brevskr., "finska folket är så genomträngdt af nationalandan, at tinga medel skola vara nog starka att utestänga det från Skolor med dess eget språk."
 
Til Hjelp fyr dei som vart husville ved Brannen i Levanger, vert det no paa ymse Stadersamlat Pengar. Alle burde vera med her; for du kann tru det maa vera fælt, naar so mange Folk vert husville og matlause nett no, daa Vetren tek til paa det Verste. – H. M. Kongen hev gjevet 1000 Kronur.
 
1) "Fenomonar:" dei finske Maalmenn. "Svekomonar": dei Svensk-Finske. (Bldst.)
2) Endaa "Landtdagsmenn," av dei som kallar seg "Kulturberarar," hev order um slikt – "ock detta i 19de århundradet. Men latom oss håppas, att deras namn, till lycka för dem, skola snart for glømmas."
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum