Altslag.

I Joli, helst i Annandagsotta, vart det jamt fyrr i Tidi gjort mange Heimløysur og mange rare Spikk, som Folk no vilde tykkja var helder ulikleg Jole-Moro. Soleids brukad dei sumstad aa reisa av Garde og moka Fjoset aat Grannen. Den som daa kunde vera tidlegaste ute og gjera detta, han var gildaste.
 
Men det var ikkje altid slikt Gagnsverk, som vart gjort. Sumetider kunde dei ganga inn ein Stad og bera full Gangen med Ved, so Folk mest ikkje fekk upp Dyrni, naar dei skulde ut. Elder dei kunde stappa Halm i Skorsteinspipa, so Folket rauk mest ihel, naar dei nørde upp Varmen um Morgonen. Sumestader selad dei Hesten paa Stallen, sumetider lagde dei Selen paa Hoggestabben og beitte den fyr Sleden o. m. a.
 
Einstad var det nokre Sellar, som sleppte ein Bøkaar (Veder) inn i Stova um Jolenotti. Bøkaaren tok til aa blækta; Kjeringi vaknad upp og vart reint forstøkkt, men tenkte endaa det laut vera Katten, som let i seg. So vekte ho Mannen sin og spurde honom, um han nokotsinn hadde høyrt Katten bækta fyrr, det kunde ikkje vera fyr det Gode, meinte ho.
 

Frå Fedraheimen 22.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum