Utlandet

Frankrike. Det er enno ikkje greidt aa spaa, kvat Vend det kann taka med Røra i Frankrike. Landet lid storlege ved den Uvissa, som er, og det kjem Sendelag paa Sendelag til Marskalken fraa Arbeidarar, fraa Arbeidsherrar og fraa handelsfolk og skal klaga fyr honom og faa honom til aa slaa inn paa ein annan Veg. Som ventande kann vera, legg kvar av dei politiske Fylkingom Skuldi paa den andre fyr all Ugreida og Utrivnaden. Eit Bil no eit Aattedagar sidan var det likt til, at Marskalken hadde fenget Augo upp fyr, at det bar ikkje dit aav med den Politiken, han førde; men han hadde nog ikkje fenget deim meir enn paa Glytt, og snaudt det, kannhenda. Det, som i fyrre Vika saag ut til aa tyda paa Semjing, var det, at Marskalken hadde havt Samtal med Fyremennerne fyr baade Tingi. Desse hadde boret fram fyr Politiet, at dei ottadst, at eit Riksumkast var i Gjerdom, og det var Politistyraren, som fekk Mac Mahon til aa taka imot deim. Til Utgreiding av Tilstandet skal me taka upp Hovudinnhaldet av Samtalom. Fyremannen fyr Senatet, Hertug d'Aubiffret Pasquier, tok i Vegen med det, at han ikkje hadde havt den Æra aa sjaa Marskalken paa tri Vikor. Han hadde haldet seg undan fraa alt, medan Riksraads-Skiftet stod paa, fyrdi at han tykte, dei Meiningar, som raadde i Styresgarden, stod i Strid med all Parlamentarisme (Tingstyre). Han vilde vera nøydd til aa taka til Fyregjerder, som kunde vera til Trygd og Vern, i Fall at Tingi skulde verta utsette, og han bad Riksstyremannen aa slaa inn paa ein annan Politik. Han talad um den Uridi, som er, i Handel og Industri, um Sendebrevet fraa Handelsstandet i Paris, um det aalmenne Ynskjet, at Riksstyraren skulde søkja sine Raadgjevarar imillom dei hovsame Fristyremenner i Senatet. Hovudet fyr eit Rike – sagde han – kunde ikkje bannstøyta den eine Halvdeilen av Folket og berre ansa paa, kvat den andre tenkjer og tykkjer. Ein Husbond raadfører seg med alle Lemer av Huslyden sin, fyrr enn han tek ei Avgjerd. Beste Raadi var det aa venda tilbake til den Andsvarsløysa, som tilkjem Riksstyraren etter Grunnlogi, lata Andsvaret falla paa Raadet og ikkje gjera seg til ein Partihovding. Um ei ny Uppløysning ordadst han soleids: "Det er sagt Dykk, Hr. Marskalk, at mine Vener i Høgre Centrum vilde, um det so var med Dauden i Hjartat, røysta fyr alt, som ein Motstandspolitik vilde krevja. Daa lyg dei paa Fedralandselsken deira. Dei hadde imot Dagsordenen den 19de November, men røystad likevel fyr den, og dermed hev dei vist, at dei er viljuge til aa tøygja seg so langt dei kann; men eg lyt segja Dykk beint fram, at ei ny Uppløysning vil dei ikkje røysta fyr. Til Slut lagde Audiffret Pasquier til, at han aldri vilde stydja ein Freistnad paa Vald mot Landsens valde Utsendingar. Mac Mahon svarad, at dei turvte ikkje ottast fyr nokot Valdsverk fraa honom. – Jules Grevy, Fyremannen i Folketinget, fann Marskalken myket hugfallen etter det Samtalet, han hadde havt med Audiffret Pasquier. Marskalken sagde, at korkje han elder nokon av Raadgjevarom hans hadde tenkt paa nokot Umkast, dei hadde berre tenkt paa ei ny Uppløysning. Grevy svarad, at sume av Folketingmennom hadde lagt Merke til ein Deil av Bladom, som dagstødt eggjad til Statskup, men at dei same Tingmennerne slett ikkje hadde kjendt nokor Hugsott paa seg av det, for dei viste vel, at ein Statskup var ugjerande, og at Marskalken aldri vilde vera med paa det. Han lagde til, at fyr Marskalken var det berre ein Veg aa ganga: paa Timen aa taka eit Riksraad utor Ting-Fleirtalet; men til det svarad Marskalken, at han ikkje kunde svikja sine Venner utan aa vanæra seg. Det var ikkje større Vanæra fyr honom, svarad Grevy, enn det var fyr Dronning Viktori og andre konstitutionelle Riksstyrarar. "Men," lagde Marskalken imot, "eit Raad utor Vinstreflokken vil krevja Aabyrgslor av meg, som eg ikkje kann gjeva."
 
- "Eg vert aldri Riksraad," svarad Grevy, men eg er viss paa, at dei Menner, som De vilde kalla til Raadet, ikkje vil krevja nokot, som ikkje De kann taka ved. Fleirtalet veit, kvat Avsyn det hev aa taka til Dykk, og det vil stræva til aa forsona Dykk med dei Skyldor, den aalmenne Røysteretten hev lagt paa Dykk." Marskalken syntest ikkja aa vera hugad til aa slaa inn paa den Vegen, men han letst vera vel-nøgd med Samtalet. Sidan hev det voret Tal um, at Marskalken hev vendt seg til den gamle Dufaure (som alt i 1836 var Minister saman med Thiers) fyr aa faa honom til aa skipa eit nytt Riksraad. Men so heittest det, at den Raadgjerdi rauk, fyrdi Vinstrefylkingi var for strid i sine Krav; dei vilde ikkje hava nokot Forlik, utans Tingi kom saman i "Storting" og gjorde den Umboti i Grunnlogi, at det skal krevjast eit Fleirtal paa 2/ 3i Senatet til aa senda Folketinget heimatter, og det var eit Vilkor, som Marskalken ikkje kunde taka ved. Deretter saag det myrkare ut, enn nokotsinn fyrr. Men det skulde vera ei Mistyding, som var Orsaki til den nye Ugreida, og etter dei siste Tidender skal Marskalken ha teket til aa tinga med Fleirtalsstyrararne atter. Finansnemndi i Folketinget, som hev Gambetta til Fyremann, raader til aa negta Riks-Budgettet, soframt ikkje Mac Mahon gjev seg.
 
Krigen. Austheren til Turkarne hev havt Fyremunen i ein Bardage med Heren til Storfyrsten; men det munar litet, for paa andre Leider hev Ryssarne gjort ny Framgang, og dei hev no Lykkja og baade Endarne, maavita, baade i Asia og Europa. Det talast no myket um Fredsvilkori baade i Ryssland og utanfyre. Som Voni var, so vil Ryssen ikkje nøgja seg med det, han sette seg til Maal fraa Fyrstningi; men fyrst vil han hava seg bitalt fye mannspillet og Kostnaden, og dertil vil han hava Aabyrgstor fyr Framtidi. Og England kjem trulege til aa finna seg i alt, for etter den nyaste Læra, skal det slett ikkje vera nokon Faare fyr Englands "Interesse", um so Ryssarne tek heile Armenia og meir enn det. Helder ikkje Austrike fær røyva seg, solenge Venskapen millom Ryssland og Tyskland er so heit, som han er.
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum