Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 7 av 25. Fyrste delen.]
 
II.
Paa Kapitolium.
(Framhald).
 
Ein Rykk av Gleda fer igjenom Rosina og Theresa og Marietta, Døterne i Huset, daa dei sjaa dei nye Gjesterne, for detta verd Dans kannhenda. Mutter ved Skjenkebordet nikkar venlegt og skumpar burt i Reidsveinen, som trudde alt var vel gjort, og heve teket seg ein liten Blunder paa ei Vintunna. Me setja oss ned og sjaa paa Husveret. Stova er ei stor Bjelkestova med Langbord og Benkjer og Skjenkebord. Midt fyre oss er upphengt paa Veggen som eit stort Fuglebur elder Trev, som kviler paa fjore Stolpar, og heve du ein sterk Diktarhug, kann du gjera det til Sulerader. Upp til Buret ber ein Stige, og uppetter denne Stigen kliva kvar Kveld Fa'r og Mo'r og Born, for deruppe er Soverumet til heile Huslyden. Fatter synest vedkjenna seg det gamle Verset:
 
"hun Rasmus var, og han var Abelone."
 
Fatter er sømnug, litet grinen og litet vintung og kannhenda. Fatter kann drikka, men Mutter kann skjenkja, og Pietro, fyrste Statsraaden, flyg  som ein Hjort, naar Mutter flir honom ei tom Foglietta 1). Men Mutter er ogso makalaus, so feit og triveleg, med eit Andlet, som skin av Velvilje og Vin, med kvite Tenner og haas Røyst. Ho skipar og ho steller, ho kokar Mat, og ho skjenkjer Vin, ho held Ungarne velflidde og reine, ho hev Greida paa Utgift og Inntekt, ho gjerer alt det Arbeidet, Mannen skulde gjera, og er endaa lika venleg og smilande. Ja gakk du upp og legg deg du gamle Fa'r, me sakna deg slett inkje! Ho giv deg god Mat til Kvelds, og rett som det er ein Erving, kvat kann ein so krævja meir? Der ligg sidste Utgaava, Hr. Julius, og krabbar paa Golvet og gjerer Kunster med Staven min. Mutter heve voret burte og rødt med oss, og er no alt i Ferd med Svinekoteletterna, som ho vil traktera oss med. Makkaroni (eit Slag Kveitebakster) syg alt i Gryta, og Mutter knar Salaten med Fingrom, heller meir Olje paa og knar igjen. Han skal verda so overlag god daa, segja dei. I Rumet atmed sitja Romarfolk, spila Kort og drikka sitt Vin. Dei risa smaatt um Senn, sjaa paa Klokka, helsa sitt "buona notte" 2) og ganga. Men atter verd det ein Skomakar med Dotter si, ei Vaskarkjering fraa Milano, og ein, som kann vera baade Jason og Herkules og Keisar Augustus, fraa den Tid han endaa var Model. No kann han gjera Trollkunster. Ein merkar, det er faste Gjester detta og velkjende med Huslyden. Dei setja seg burt til Gjentorna og snakka med deim. Best som det er, taka dei til at syngja, Skomakaren legg Bas til, og no ber det i Vegen med "Ernani" og "Belisario" og "Trovatore" og Folkevisor, snart alle, snart berre ein. Det er friske, klaare Røyster, og dei synga reint. Mutter stend og lyder, men der kom dei ut or Takti, og no set ho i av full Hals, so haas som ein Ramn, og slær Takt med Neven i Bordet. Og daa det kjem til Upptaket: "beviam, beviam, beviam" (lat oss drikka!) daaskin Andletet paa Mutter, ho lær og lyfter Glaset, og St. Pietro, som me kalla honom, som nettupp kjem farande med tvo nye Foglietter, verd so hugteken av Songen, at han verd standande midt paa Golvet, sprikjer med Glas og Foglietter, og skrik paa "beviam! beviam!" so det ljomar. Glasi verd tømde, atter fylde, atter tømde, for Romarvinet er lett, kveikjer upp men rusar inkje. Tunna er ei utømande Kjelda, og St. Pietro er vaknat til nytt Liv. Gjentorna koma burt aat oss, og me bjoda deim Vin; men Mutter er paa Vakt som ein Smed; dei faa inkje meir enn sovidt munsa til Glaset, for sidst drakk Rosina for myket, so ho vardt øri og laut leggja seg. Mutter dessimillom nauvar det inkje, og ho drikk fyre alle Døterna sine. Men der er Julius somnad paa Stolen, so taka dei daa honom og bera honom upp aa Hjellen. Men nede gjeng Songen atter, og no skal me og leggja vaart Ord i Laget og syngja norske og svenske Visor. Dei sitja og lyda, dei skyna inkje Ordet, men Tonarne var væne, tykte dei. So koma me daa til at røda um Song, og Vaskarkjeringi fraa Milano segjer daa, at i hennar Fødeby syngja dei best, for ingen vaagar treda fram med Song i Roma, med minder dei hava givet honom Skotsmaal i Milano. Detta verd Romarskomakaren tykkjen fyre og meiner, at Rom er beste Staden fyre Song, og so koma dei daa upp at kjeftast um detta, til Sonen i Huset, ein ung, væn Kar, tek i med ein Solo, so me med nokra Visor, og endelega Modellen med Kunsterna sine. Han tek Kulor ut or Naserna paa dei unge Gjentor og fær deim til at kverva burt og koma atter under nokre Blikkoppar berre med at slaa paa Kopparne med Staven. Gamle Mo'r stend og stirer paa Trollmannen med open Munn og lyder paa alle dei løynlege Trollord um San Antonio, som renna fraa Lipporna hans. Ho meiner nog, ho skulde gjera det same, fekk ho berre sosant laana Staven, for det var greidt, Trolldomen laut liggja i Staven. So skal daa Mutter til at vera Trollmann. Ho svingar Staven og dengjer paa alle Kopparne, mest kjøvd av Laatt, og ropar paa San Antonio alt ho vinn, men Kulorna verd liggjande der dei laag, og San Antonio vil slett inkje koma og taka deim.
 
Men kor gjeng det med Spelemannen, Maddalena med Tamburinen, som hadde lovat det so visst. Det rigner ute, er rett eit Ruskeve'r, so Maddalena er vel rædd Skinnet sitt. Ja, ja, det gjerer ingen Ting, at tralla, trappa med Føterne og slaa med Henderna er god Musik, og der set Kjellberg i med ei svensk Visa, me trappa og klappa, og der fljuga Skomakaren og Mutter upp i ei Saltarella. Mutter heve fenget blod paa Tonn. Daa Skomakaren er kvitt, triv ho meg, og no hoppa Mutter og eg i tjukk Vinterfrakk nett som Kraakor paa Golvet. Og so fær eg Blod paa Tonn, av med Frakken, og no gjeng det i Galoppade og Vals og Polka med Rosina og Theresa og Marietta, so Busti fyk, og etter kjem Skomakaren og Modellen, og Mutter er "prima donna" 3). Og so faa Gjentorna Blod paa Tonn, Dansen er komen i Beini, og orka inkje me dansa meir med deim, so dansa dei seg imillom. Men Marietta heng i meg som ein Klegg (ho er inkje meir enn seks, sjau Aar) og naar me hava dansat, til Sveitten renn, so dreg ho meg i Frakken og Armen og segjer: "kom og dansa!" Detta kann inkje ganga. Difyre kjem og Rosina burt som den kjærlege Syster og skjemmer paa henne, fyredi ho plaagar Framandmannen. Og i same Blinken ser ho fult paa meg og myser med Augo – aa du trulause Kvinna! - og so kastar eg Marietta og triv Rosina. Rosina er væn og tekk og ung, berre fjortan Aar. Synd er det, at ho skal vera litet skakk og so rund i Ryggen. Marietta dansar i Grunnen betre, ho er lett som ei Fjø'r, og ho stend der ovharm og slær til Syster si, som kann vera so trulaus, og ho vil klaga fyre Mo'r. Jau detta var Jolemoro! men puh – no lyt eg kvila. Kvila no, daa Leiken fyrst er komen i Gong? Rosina kviler aldri, og no fær ho Skomakaren fram. No skal dei syna oss ein Stevleik dei hava, der dei syngja og dansa og leika paa same Tid. Det er paa Lag som Saltarella, same Fotlaget, og so syngja dei ei Visa ataat. Men best som det er, byksa dei ikring og skumpa til kvarandre – Skam at segja det – med Bakenden. Og so skratta dei som Smaaborn. Rosina hamlar inkje upp Skomakaren her. Ho er meir yndefull, naar ho set Hondi i Sida, lyfter eine Foten og hoppar paa hin med Hovudet paa Skakke som ein liten Fugl, men naar det kjem til Tørning, daa vinn Skomakaren. Han er henne for sterk i det Stykket. Men Mutter kunde vel paa Lag ro Baat med Skomakaren? Kvar er Mutter avkomi? Jau der kjem ho stigande i ei stor Soldatkaapa  med digre Kolstrek kring Munnen og Soldathuva paa, og legg Hondi til Huva paa Soldatvis. So heve ho voret stad og klædt seg ut. Og Mutter lær og hoppar inn i Kvarvet, og no kann du agta deg Skomakar. Mutter tiltar paa Taa og hoppar paa Hæl, og so sviv ho braadt ikring og skumpar til Skomakaren, so det syng, og skrattar, so Taarorna drjupa, medan me standa tvikrokutte av Laatt og skoda paa. So tek Julius til at gaula uppe paa Hjellen, og Mutter lyt ut or Dansen og kjem eit litet Bil etter dragande med Julius med sin moderlege Barm. Og der somnad Guten. So skal Modellen atter til med Kunsterna sine; og denne Gongen er det han og Pietro. Pietro skal halda Henderna utifraa kvarandre, og so skal han sjaa aat at driva til Kjakarne aat Modellen, medan han smett igjenom med Hovudet. Kann han inkje det, fær han ein Fik. Og der stend St. Pietro og skrevar med Beini med upplyste Hender og utspilade Augo og Nasa som ei Rotta og lurar og lirkar – men der smatt Modellen, og der fekk han ein Fik og der ein til og der – nei detta gjeng inkje. So skal ein av oss til Knivs, og det gjeng sameleides, og so er Modellen fyrste Kunstnaren paa Tufti. Men Gjentorna lengta etter Dans, og no byrjar gamle Leiken atter. Vesle Marietta er reint  utrøyttande, og det gjeng med Song og Laatt og Dans Framigjenom. Kvat er Klokka? – yver tolv! Det er nog paa Tidi at koma seg heim. Daa smyg Rosina seg burt til oss og bed oss syngja meir, det var so hugsamt at høyra. Ja, ja daa! men fyrst Rekningi Pietro! Medan Pietro klorar Rekningi med Krit paa Disken, og medan Vaskarkjeringi fortel oss, at ho stødt lyt ganga so tunnklædd (ho heve berre Skyrta og Stakk) av di ho sveitter so, syngja me vaar sidste Song paa Kapitolium. "Buona notte!" - "felicissima notte!" "Regnhatt? nei Takk Rosina, me berga oss utan. Korleids er Vedret, lat oss ut i Hagen og sjaa". Der blakkra Stjernorna paa den djupe Natthimmelen millom drivande Skyer, og Pinierna 4) deruppe teikna seg som svarte Skuggar mot Himla-Kvelven. Kor kyrt det er, inkje ein Ljod. Deruppe søv no Bambino i Kyrkja, og dei kvite Marmorbilæti i Utstillingshusi. Berre Markus Aurelius vakjer paa Hesten sin og ser utyver det daude Rom. Og attanfyre oss ligg Leik, Dans, Foglietter, Piorro – me lyfta Augat i Vedret – me standa under den tarpeiiske Berghamaren.
 
 
1) Eit Slag Flaskor, dei bruka i Rom.
2) God Nott.
3) den fyrste i Dansen.
4) Eit Slag Fura.
 
[Meir.]
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum