Notisar

Minnestein yver Vinje. Dei skriv i Bladom um aa faa ein slik Minnestein uppsett her i Kristiania, anten so, at Ein flutte hit den, som no stend paa Gravi hans med Granskyrkja, elder so, at Ein fekk upp ein ny. Alle som elskar norsk Maal og norsk Dikting vil vist gjerna vera med paa detta; men det skulde vera ei nokot gild Stytta, fyrst me foor til.
 
Konrad Maurer, tysk Professor, er ein av dei glupaste Granskarar av den gamle norske Soga. Han hev no nyst skrivet ei Bok um "Norigs Uppgjeving til den heilage Olav" (at Magnus Erlingson tok Landet til Len av St. Olav, d.e. av Kyrkja), og lika eins hev han skrivet tvo lange og lærde Stykke i ei tysk Tidsskrift um "Gulathing" og "Gulathingslag."
 
I Stavanger hev det voret ein hard Strid millom dei tvo Prestarne Oftedal og Welhaven, og denne sistnemnde hev skuldat Oftedal fyrr rang Lærdom. No hev Biskop Moe dømd i Striden soleids, at Welhaven skal taka i seg att 6 av dei Klagemaali, han hev ført fram mot Oftedal; dei andre lyt Oftedal sjølv tenkja etter, "i sanningskjær Prøving fyr Herrens Aasyn i Løynkammeret." - Men Welhaven vil ikkje bøygja seg fyr denne Domen.
 
Norigs Skibsfart. Det franske Bladet "Moniteur de la Flotte" gjev Norigs Skibsstell eit framifraa godt Lov. Norigs Handelsflote er no den største i Europa næst Englands, og tenar horvlaust med Pengar. (I 1874 uppimot 22 Millionar Dalar). (Etter Berg. Tid).
 
"Ny-Sætersdal" heiter eit nytt "Settlement" som er grundat i Amerika, mest av Folk fraa Valle i Sætersdal.
 
I Finland hev dei au eit "Maalstræv." Der er det Svensken, som er Herremannsmaalet, og Finsken som ligg nede. I desse Tider hev dei eit fælt Bask um Maalet i dei høgare Skularne. Det er likt til, at Finskemaalet vinn fram i detta som i andre Spursmaal, endaa dei Svensk-Finske legg all si Magt paa aa halda det nede. (Etter Dagbl.)
 
Draap. Ein Arbeidsgut ved Kværner Bruk hev drepet ein Kameraten sin ved aa slaa honom i Hovudet med eit Jarnstykkje. Han hadde eit Agg til honom og vilde jula honom; men det var ikkje Meiningi aa taka Livet.
 
I fleire Blad er det komet inn ei Melding um, at Det norske Samlaget er meint paa aa gjeva ut alle Vinjes Skrifter i ei Samling. I detta er det nokot Sannt; Tanken er framsett. Men daa Saki er stor, og slett ikkje so bein aa setja i Verk, er enno ingen Ting visst avgjort. Men det er sjølvsagt, at eingong lyt slik ei Samlings-Utgaava koma, og di fyrr ho kom, di gildare meiner me det var.
 
Retting. Det som stod i fyrre No. um Kand. Ross var skrivet slik, at det kunde mistydast. Det er sannt, at han hev funnet 700-1000 nye Ord. Men dei hev han ikkje funnet berre paa Nordmøre, men paa ymse andre Stader med.
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum