Lysingar

"Fedraheimen"
kjem ut kvar Laurdag og kostar Kr. 1,20 (36 Skilling) fyr Fjordungaaret med Postpengar og alt. Bladet er aa tinga paa alle Posthus. Her i Kristiania kann Ein og skriva seg i Ekspeditionen, Ringvolds Trykkeri, Jernbanegata 6, elder hjaa Bokhandlar Alb. Cammermeyer. – Betaling fyreaat.
 
Arbeidstanken i Bladet er den: etter beste Makt aa hjelpa fram Folkets Upplysning og Framgang paa national og kristeleg Grunn. Fleire gode Maalmenn vil hjelpa til med aa skriva; me hev Lov aa nemna Kristofer Janson, Umsetjaren af Heimskringla, og endaa Ivar Aasen vonar me aa faa eitkvart Smaatt ifraa so bilimillom. Brevsendingar tenkjer Bladet og det fær fraa Landsens fleste Luter.
 
Ein kann her i Bladet skriva baade paa Landsmaal og Bygdarmaal (naar det er gode Bygdarmaal daa). Skriv Nokon paa framifraa ringe Maalføre (deribland Bymaal), skal me sjølve skriva det um, naar Stykki hellest er brukande.
 
Den, som samlar og sender Pengar fyr 6 nye Tingarar, kann faa Bladet fritt sjølv.
 
Hermed Tillegg (ei Tingarlista).
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum