Kongedøme og republikk

II.
 
[Del 2 av 4]
 
Men det tek Tid, fyrr eit Folk lærer aa standa paa Vakt um Fridomen. I Athen, Hovudstaden i Attika, var det ein Mann Peisistratos, som traadde etter aa verta Einvaldsherre. Han fekk dei raae og ukunnuge Fjellbønderne med seg og reiv all Magti til seg. Solon kallade Folket til Vaapen, men ingen lydde han. Sidan jagade Adelen Peisistratos burt fleire Gonger, men han kom att, og styrde Attika til Døyande-Dagen sin.
 
Dei gamle Grekararne og Romararne kallade den Mannen fyr ein Tyran, som gjorde seg til Einvaldsherre i ein By elder eit Land, som fyrr hadde voret fritt, endaa um han inkje var streng. Det som dei gamle kallade fyr Tyranni, er det same, som me i vaar Tid kallar "Cæsarisme." Det er den Skilnaden paa Kongedømet og Cæsarismen, at ein Konge støder seg paa "Guds Naade" og ein ned-ervd Rett, men ein "Cæsar" støder seg paa det store Folk og styrer, fyr di han hev Magti.
 
Me ser tidt "Tyranniet" (elder "Cæsarismen") koma fram i ein Republik. Det hev tvo store Gjerningar aa fullføra. Det athenske Folk hadde ynskt seg politisk Magt fyr aa sleppa ut or Fatigdomen, det var inkje endaa mognat fyr politisk Fridom og Sjølvstyre. Difyr saag Folket i Tyrannen eit Forsvar mot Adelen, 1) inkje ein Trældom fyr seg sjølv. I Athen, liksom i Frankrike etter den store Revolutionen, hjelpte "Tyranniet" Folket til aa halda fast paa nokot av det, som det hadde vunnet (den økonomiske og sociale Stilling) mot at det skulde gjeva fraa seg nokot (den politiske Fridomen). Detta er den eine store Gjerning, Tyranniet hev.
 
Peisistratos var ein god Styrar og minner i mange Maatar um Napoleon den tredie. Han let so myket som mogelegt av dei republikanske Logerne standa ved Magt. Han hjelpte upp Jordbruk og Handel, bygde Hospital fyr Soldatar, som var saarade, og sette upp store Bygningar, so Folket skulde gløyma aa tenkja paa Fridomen, dei hadde misst.
 
Den andre store Gjerningi, som Tyranniet hev aa gjera, tok Sønerne hans Peisistratos paa seg aa fullføra: ved Synder og Logbrot aa syna Folket, at økonomisk Vælvære inkje er nok, faa Folket til aa styggjast ved Einvaldsmagt og lengta etter Sjølvstyre. Den eine av Tyrannarne vart drepen og hin burtjagad, og no vart heiltupp folkelegt Sjølvstyre innført. Alle Borgarar vart frie og like og Brøder, alle var med um aa styra og verja Fedralandet, og alle totte, at detta var likso myket ein Rett som ein Skyldnad (Pligt). Kvar Borgar hadde myket aa missa, um det gjekk galet med Fedralandet.
 
Slik fridom totte dei andre greske Republikkarne var for stor. Fleire Herar kom dragande og vilde slaa ned den nye frie Republikken, men Athenararne drog motig ut mot dei: daa skjemdest den eine av Herarne og drog heimatt, og Athenararne slo dei andre. Den greske Historieskrivaren Herodot, som livde ei 50 Aar etter, segjer um detta: "Ein kann sjaa, inkje berre i eit, men i alle Tilfelle, at det er ein god Ting, at Borgararne er frie og like. Daa Athenararne hadde Tyrannar yver seg, var det inkje ein einaste av Grannarne deira, som dei kunne slaa, men daa dei vart kvitt Tyrannarne, vart dei dei fyrste av alle."
 
Paa denne Tid freistade Grekararne i LitleAsia paa aa gjera seg frie fraa det persiske Herredømet. Det persiske Riket var mot Grekenland paa Lag som Russland mot Norig i Storleike. Det stod under ein Einvaldsherre, som Grekararne kallade fyr Konge, men som me rettare kann kalla fyr Sultan. Han var uppfødd i Haremet til Far sin, (Harem er det Huset, som alle Konurne bur i,) han hadde i Hundredevis med Konur, kjende ingi onnor Log enn sin eigen Vilje, gifte seg med si eigi Syster, um han vilde. Ein slik Sultan dengde eingong Havet med Paakar, fyr di det hadde vaagat seg til aa riva ned ei Bru; ein annan gjorde ei Elv, som ein heilag Hest hadde druknat i, so liti, at eit Kvinnfolk kunne vada yver ho utan aa væta Kneet, og heldt paa med det Arbeidet ein heil Sumar! Alle, som tedde seg fyr hans Andlet, skulde falla ned fyr honom. Det stod ein Kvekk av den persiske Sultanen; 46 Folkeslag lydde hans Bod, og Grekararne, segjer Herodot, vaagade inkje aa sjaa paa den persiske Klædebunad elder paa Menner, som var klædde i den. Grekararne vart rædde, segjer han, berre dei høyrde Persar-Namnet nemna.
 
Det litle Athen hjelpte Brøderne sine i Asia mot Persarne, men det gjekk Grekararne illa. No skulde Persarne hemna seg paa Athen, og Son hans Peisistratos, Hippias Tyrannen, som var burtjagad, synte Fienden Vegen. 9000 Mann drog ut fraa Athen, og ein annan liten Republik Plataiai sende heile Mannskapet sitt, 1000 Mann, til Hjelp. Dei møtte Fienden ved Marathon, minst 10 Gonger so sterk som dei. Athenararne sette inn paa Fienden i fullt Sprang. Daa Persararne saag desse faa kom farande, trudde dei, at Athenararne var gjengne fraa Vitet. Den herlege Sigeren, som Athenararne vann paa denne Dagen, slo heile Persia og Grekenland med Undring.
 
Herodot fortel um nokre merkelege Ord, som fall millom ein Spartanar Demaratos og den persiske Sultan Xerxes, daa han 10 Aar etter Slagetved Marathon (480 fyre Kristus) sende innpaa 2 Millionar Mann mot Grekenland. Xerxes sagde so paa Lag: Korleides kann 1000 elder 10,000 elder jamvæl 50,000 Mann standa mot so stor ein Her, naar dei alle er frie og inkje vert styrde av ein Mann? Naar ein styrde dei, so kunne han skræma dei og tvinga dei med Paaken til aa ganga mot Yvermagti. Eg tenkjer, at jamvæl um Grekararne og Persararne var like mange, vilde dei knapt slaast med oss. Av mine persiske Spjotmenner er der Karar, som vil slaast med tri Grekarar paa ein Gong. Demaratos svarade: Endaa Spartanararne er frie Menner, so er dei inkje heiltupp frie. Dei hev ein Herre yver seg, Logi, som dei er myket meir rædde fyr, enn dine Menner er fyr deg. Dei gjer det, som Logi segjer, og den segjer altid det same, at me inkje skal røma fraa Slaget fyr nokor Yvermagt, men halda ut der me stend og anten vinna elder døy.  
 
Xerxes dreiv med Paaken sine tvo Millionar mot Grekenland, men Grekararne tok manneleg imot dei. Det var Athen, den friaste av alle dei greske Republikkarne, som i alle Maatar gjorde mest fyr Sigeren. Det stolte Sparta gjorde Krav paa aa vera Førar i Ufreden, og Athenararne fann seg i det, endaa dei hadde vunnet Slaget ved Marathon og Mesteparten av Floten høyrde dei til. Det var eit stort Offer fyr Fedralandet. Likso stor viste den athenske Borgar-Aand seg i Slaget ved Plataiai. Den persiske Føraren hadde uppstellt Persararne, det beste Mannskapet i Heren hans, mot Spartanararne, som han hadde høyrt gjetet var dei beste Hermennerne i heile Grekenland. Men Spartanararne bad Athenararne byta Plass med seg, og desse var strakst viljuge til det. Daa Persararne merkade det, bytte dei og Plass, so dei kom til aa standa beint imot Spartanararne att. Athenararne hadde Mot til aa stella seg upp der, som Spartanararne kvidde seg fyr aa standa, endaa desse var dei djervaste og best upptamde til aa slaast av alle Grekarar. Spartanararne var store Soldatar, men Athenararne var store Borgarar.
 
Denne forfælande Herferdi av den persiske Sultanen endade med Skam. 80 Aar etter gjekk 13,000 Grekarar uppyver i Asia same Vegen som Xerxes med sine tvo Millionar hadde gjenget nedyver, og vilde setja av den persiske Sultanen!
 
 
1)som etter Logi inkje lenger var til, men sjølvsagt hadde myket av si gamle Magt endaa.
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum