Dei Dansk-Norske

er ei merkjeleg Folkeferd. Fraa fyrsto er det Danskar, som hev flutt inn i Landet. Men daa dei ikkje hev kunnat haldet seg frie av Norskdomen rundt ikring seg, so hev dei nokot med kvart fenget liksom ein norsk Svip. Samstundes hev dei teket inn i seg ei stor Mengd av Nordmenn, som dei væl hev "fordanskat," men som dei og paa si Sida hev fenget sumt Norskt av. Soleids hev det vortet ei Blanding, som ikkje er norsk, men ikkje reint dansk helder. Ho er "dansk-norsk." Ein kunde mest segja, at dei Dansk-Norske var ein Thjodskap fyr seg sjølve; men daa dei enno held paa Danskemaalet, so gjer Ein rettaste i aa segja, at dei er som ei Utbygd (Provins) av Danmark.
 
Men dei vert jamt norskare og norskare, og dermed skal me vona, at dei eingong vert fullt norske, so at Folket i Landet kunde verta heilt ut Eit, baade i Tankar og Tale. Um so gjeng, so vert den nye norske Nationaliteten (Thjodskapen) so rik og sterk, som me no snaudt tore vona.
 
For desse Dansk-Norske er gode Folk, med merkjeleg store Gaavur. Slik Folkeblanding hev altid voret gagnleg. Det er so mange gilde og store Menn ibland dei Dansknorske, at Landet til all Tid vil hava Æra av aa ha født dei fram. Me er og alle glade i desse Menn, og byrge av at Landet eig dei, endaa dei ikkje er norske i den Mening, som me vonar at dei eingong vert.
 
Fyrr dei Dansk-Norske er heilt upp samde med hitt Folket, fyrr vert det ikkje helder nokot nu-norskt Folk av. Det er her med detta, som det i Sverig og Danmark var med Tyskararne, og i Enge land med Fransmennerne. Det vert ikkje nokot Heilvakset og Fullsannt av nokon Ting, fyrr baade dei Framande og dei gamle Landsbuar hev sampat seg ihop til ei Støyping. Og lat oss vera glade fyr, at det gjeng fram. Det gjeng skjotare enn nokon skulde tru. Det er utenkjande, kor mykje norskare dei Dansk-Norske er no baade i Hug og Maal, enn dei var i den fyrste Tidi etter Fridomen. Det er ikkje yver eit Mannaminne sidan, at Fin-Verdi i Norig talad mest likso rein Dansk som Kaupenhamningarne sjølve. No er det Ingen, som talar Kaupenhamnarmaal. Alle hev dei fenget sumt "Norskt" inn i Talen sin – og i Tanken med, for dei tvo Ting held liksom Lag. Mange av dei hev endaa-til lært aa lesa og lika sjølve det norske Maalet.
 
Det, som gjev dei beste Voner um Framgang, er, at dei Beste og Fleste av dei Dansk-norske no meir og meir vil vera norske. Dei tek liksom til aa setja ei Æra i det. Dei likar ikkje, at me minner dei um Sanningi, at dei enno berre er halvnorske. Dei vil vera fullnorske med ein Gong. Dei kjenner seg alt no meir heime i Norig enn i Danmark. Det er sumetider mest aa læ aat, so hardt som sume av deim stend paa detta at dei er "Nordmenn". Og kjem dei fyrst mannjamt til det, at dei vil vera norske, so er dei paa god Veg. Væl hev me enno eit litet Serlag, som gjeng og tuslar med desse gamle Samrøringstankar ("Amalgamationsideer)"; men det Laget minkar med kvart Aar. Dei fleste av deim er "gode Nordmenn" og elskar paa sin Maate baade Land og Folk. Men er det slik, daa hev det inkje Naud med den "norske Saki."
 
- Det er denne dansk-norske "Nationaliteten", som hev alet fram desse store Skaldarne vaare: Wergeland, Welhaven, Bjørnson, og dei. Dei skriv ikkje Norsk, desse Folk, men dei hev ein Svip av det Norske, og den Svipen vert sterkare og sterkkare fyrr kvar Ættled, ser det ut til. Detta er huglegt aa sjaa. Men endaa maa me hugsa, at det er langt fram, so me ikkje krev for myket. For daa vil me tidt verta urettvise. Me, som er norske "av Naturen," ser lett nok, at den dansk-norske "Norskdomen" ikkje er so "ægte". Fyr oss ser han jamnaste ut som Herming (Efterligning.) Han likjest paa Norsk; det er alt me kann segja. Tak derimot Vinje elder Aasen, elder Folkediktingi, og trast skal du sjaa Skilen. Her hev du Norskdomen sjølv. Her klingar Maal og Tankar ihop i Eit, og er ei Støyping med Liv og Folk og Landslag og Alt; - hjaa dei Dansk-Norske derimot klingar det ofta som Stræv og Knot. Bjørnsons og Ibsens Bønder er hæve Folk, og tidt makalaust avskildra; - men knotar gjer dei, so du aldri kann kjennast fullt ved deim. Hjaa dei norske Skaldarne skal du og jamt finna som ein annan Daam elder Tone (Aand): roleg, klaar, praktisk, greid, ofta humoristisk, - reint ulik det Urolege og Saare hjaa Ibsen, det Ville og Høgfløygde og Gloande hjaa Wergeland, og det sumetider Draumtunge og Sentimentale (Ovkjenslesame) hjaa Bjørnson, som no hellest i Forteljingarne sine er komen so langt inn i den norske Tonen som væl ein dansk-norsk Mann kann koma. Det er likt til, at den norske Aand er meir skyld med den engelske (og franske), medan den dansk-norske enno ligg nærare Tyskland (og Danmark.) – Men det vilde vera urettvist aa lasta dei Dansk-Norske fyr detta. Me maa hugsa, at me enno ikkje paa lang Tid kann venta rett Norskdom av dei, ja at det er store Ting og meir enn ventande, at dei alt er komne so langt.
 
Rettvise, sannfarande og ærlege maa me framum Alt vera, helst no, daa me i full Aalvora er meinte paa aa taka upp Retten vaar. Me maa ikkje eingong lasta Danskarne, endaa det var dei, som "innførde Danskemaalet" her i Landet. Me skal hugsa, at i Grunnen er det ingen annan enn me sjølve, som hev Skuldi fyr vaar Skade og Skam. Hadde me ikkje voret so arme og tankelause i den Tidi, so hadde me kunnat havt Maalet vaart like uskadt. Sjaa berre paa Island, som hev voret under Danaveldet lenger enn me, og sjaa, um det ikkje hev Maalet sitt like godt fyr det. Og endaa er det islandske Folket so ørende litet, at me er som ei "Stormagt" imot det. Tingen er, at Islendingarne hev voret vakne og haldet fast paa Retten sin; men me hev voret late og magtlause og like sæle baade um Retten og um Æra. Lat oss so ikkje orsaka oss med "Danaveldet", og skulda paa "Dansken", men lat oss skjemmast av oss sjølve og kjennast ved, at det er me, som hev Skuldi. Daa Danskarne saag, at me ikkje hadde korkje Magt elder Vilje til aa halda uppe vaart eiget Maal, so hadde dei Rett, kann me segja, naar dei brukte sitt Maal her i Landet. Og hellest hev dei, og sidan dei Dansk-Norske, gjort oss so myket godt, serleg no etter 1814, at me hev snart meir aa takka dei fyre enn aa saka dei fyre. Det Einaste, me no skal gjera, er aa arbeida oss sjølv fram, og lika eins Maalet vaart, so me sjølve kann velta av oss den gamle Skammi og sjølve vinna att den gamle Æra, baade fyr Folket og fyr Landet vaart. Den Retten, me sjølve sleppte fraa oss, maa me sjølve taka upp og arbeida fram, so me i Sanning kann fortena den Lukka og den Æra, som er i det aa faa hava eit eiget Kulturmaal.
 
Det er ein leid Ting med desse Dansk-norske, at dei sjeldan hev Vit elder Vilje til aa sjaa, at detta Strævet vaart er rett og naturlegt. Dei vil helst drepa det ned. Me skal ikkje eingong faa Lov til aa faa vaart norske Maal inn paa vaare eigne Skular. Men ikkje eingong detta er so mykje aa undrast paa, so lenge me sjølve er so late i Arbeidet som me til dessa hev voret. Me maa nok taka likare i, og serleg Bondefolket, um det skal muna. –
 
Me maa koma so langt, at Bonden sjølv reiser seg og krev Maalet, og daa trur eg ikkje, dei Dansk-Norske vil gjera so hardt Motstand. Lat berre Bønderne, i ei einaste Bygd um ikkje meir, koma inn til Thinget med Bøn um aa faa Norsken fullt inn paa Skulen sin; lat dei gjera Aalvor av Snakket; lat dei stiga fram, um so fyr næste Thing; - og so skal me sjaa!
 
n.
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum