Utlandet

Frankrike. Broglie og hans Lagsmenner vart til Slut nøydde til aa gjeva upp Riksraads-Sessarne sine. Til Trøyst fekk dei med seg eit litet Tillitsvotum fraa Senatet; det er her i Grunnen dei "konstitutionelle," som hev alle Avgjerder i si Hond, og desse Kararne, som er nokot so midt imillom varmt og kaldt, fann no, at dei borde halda atti og stella seg fram til aa verja dei konservative Grunnsetningar imot Folketinget. Mac Mahon hev no fenget i Stand eit nytt Riksraad. Det hev sjølv sagt, at det vil halda seg utanfyr den politiske Striden, at det hev til Fyremaal berre aa halda Riksverket gangande, faa handelen paa Fot atter, stagga Øsingi og faa Riksmagterne til aa semjast. Rochebouët er Fyremann i Raadet og Krigsminister. Korkje han elder nokon av dei andre hev voret framme i Rikslivet fyrr; soleids kann ein segja, dei stend utanfyr Partistriden, og det skal vera duglege og rettenkte Folk, men dei er alle saman Atterhaldsmenner, og dei fleste av deim hev eit Drag burt imot Kjeisarveldet. Dei hev ikkje fenget vidare Studnad fraa nokor Sida, og daa dei lagde fram sitt Program i Folketinget, gav dette det Svaret, at det ikkje vilde hava nokot med det Raadet aa gjera. Dermed er Krigen i full Gang atter; og dette spake Riksraadet hev ikkje voret so uviljugt endaa til aa taka Motstandspolitiken uppatter; men nokot Statskup er fulla ikkje ventande, medandetstend fyr Styret. Folketinget paa si Sida kjem kannhenda til aa negta Finanslogi fyr aa driva sin Vilje igjenom; men i so Fall vil Mac Mahon gjeva Senatet aa velja: anten skal Folketinget verta heimattersendt, elder so gjeng Riksfyremannen av. – Det er no mange, som er i stor Otte fyr, at denna Røra skal verka skadelege paa Utstellingi aat Aare. Etter at dette var prentat, er det komet eit Par Telegram, som tyder paa Semjing.
 
I den prøysiske Landdagen hev det nyst voret eit kvast Ordskifte um "Velferfondet;" det er den avsette Kong Georg av Hannover sin Medel, som det prøysiske Styret hev fenget i sitt Vald og skulde bruka til aa gjera til inkjes Kong Georgs Freistnader mot Prøysen. Det hev ofte voret Ording um aa lata den blinde Kongen faa atter sin Eigedom, og no hev det reist seg Mistanke um, at ein stor Deil av Pengarne vert brukad til andre løynlege Fyremaal en det aa verka imot Kong Georg; og det var dette, Tinget vilde hava Greida paa. Riksstyresmennerne vyrde ikkje aa møta fram, og det Forslaget, som var framlagt, vart forkastat.
 
England. Riksraaden Derby hev teket imot eit Sendefylgje, som hadde aa bera fram eit Tilhald til Styret um aa leggja seg frami i Austerlondom. Derby svarad, at Styret ser ingen Grunn fyr England til annat enn aa halda seg utanfyre. Han trur ikkje, at Konstantinopel er i stor Faare, elder at det spøkjer fyr Sues-Kanalen. Den engelske Floten kann ikkje sigla til Konstantinopel utan Samtykkje av Porten, og Porten vilde fyr detta setja Vilkor, som England ikkje kunde taka ved. Naar det vert laglegt Høve til det, vil Styret gjera alt, det kann, til aa faa gjort Fred. – Dei turkevenlege Bladi er misnøgde med Talen og er rædde fyr, at Styret ikkje skynar, kor vankomet England er no, etter at Ryssen hev sigrat i Armenia; andre Blad – deriblandTimes– trur, at Talen vil fullnøgja Storparten av Folket og døyva det skræmande Gjetordet, som hev gjenget.
 
Paven er no so klen, at han vist ikkje hev langt atter.
 
Krigen. Turkarne strævar med aa faa i Stand Hjelpeherar baade aat Osman Pasja i Plevna og aat Muktar Pasja i Erzerum. Skobeleff, den djervaste og duglegaste av dei rysske Herførarom ved Plevna, er saarad, men ikkje til Ulivs.
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum