Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
II.
Paa Kapitolium.
(Framhald).
 
[Del 6 av 25. Fyrste delen.]
 
Her ligg han, den "døyande Kjempa". Sverd og Skjold er signe ut or Henderna paa honom, han strævar endaa med at halda seg uppe. Blodet renn or Saaret i Bringa, og Andletet bit Verken i seg. Næste Stund stuper han aa Gruve og er inkje meir. Ein kann stira og stira og aldri verda mett, - den fagre Skapnaden, den mannelege Sorg i Andletet. Paa Haaret og Halsbandet ser ein, at han er Utlending. Kannhenda ein Kongsson, som er teken i Slaget og no slæpt til Rom til at moroa den fine Herkemugen (Pøbelen) paa Amfitheatret 1). Ein ser, kor det skjer honom i Øyrat Fagnadropet fraa Menner og Kvende, som skoda paa, no han ligg her hjelpelaus, magtlaus, mest ihelstungen. At Stein kann tala soleides!
 
Her stend "Gjætaren" ved Praksiteles. Han styd seg uppimot Trestubben og bles paa Fløyta si med smilande Andlet. Limerne er unge og glatte som paa eit Kvende. Berre med at sjaa paa honom kjenner ein Solvarmen og høyrer Fuglesongen og ser Sauderne liggja kring Føterne hans, og vert so hjarteleg glad og so hjarteleg lat.
 
Og so er det du stakkars Venus, som lyt standa innlæst i eit litet Rum fyre deg sjølv, berre av di du inkje er paaklædd, og som krev Toll av ½ Lira 2), fyrr du syner deg fyre Folk. Eg trudde inkje, du ellest var so bljug av deg, men det er so underlegt med det no, du er komi i Tenesta hjaa Pave Pius. Det var leidt, at Krinolina inkje var uppfunni den Gongen Kunstnaren skapad deg, so kunde me fenget sjaa deg utan Bitaling. No heve du inkje annat enn Vaarherre sin Klædnad, og han er fulla simpel han. Me tolda gjerna ½ Lira, og no skal me daa sjaa – ja det vil eg fyrst raada kvar og ein, som kjem til Rom, byrja inkje for tidlegt med at tolda til Venus paa Kapitolium, for so halda de aldri upp. Venus er daarande den Dag i Dag, og du set inkje Foten paa Kapitolium, minders du lyt sjaa henne atter, naar du fyrst ein Gong heve gjort det. Og dette Marmorbilætet skulde ein kunna sjaa paa med vanheilage Augo. Det er so reint, so skuldlaust, so kvitt i Sjæli som Steinen, det er gjort av. Ho stend der bljug og rædd og gjøymer seg med Henderna, kvar Gong ho høyrer Døri rikta paa Jarnet. Og likavel kjenner ho sin Vyrdnad. Det er Dronningi, det er Gudinna, som støkkjer burt alle kaate Augo, og magtstel alle ureine Hender, som retta seg mot henne. Ein Amerikanar med Kona og Dotter er komen til. Han tykjer nog, at denne Venus aldri kann vera rett skapt, ho er reint for lang, og so skal han daa mæla med Staven paa Mutter. Det er Gutar, som taka det praktisk det.
 
Me ganga inn i Filosofromet. Her finst Bilæti av alle dei store Tenkjararne fraa gomol Tid. Der hava me Sokrates med desse makalause Naserna, som peika ende til Ve'rs. Stygg er du, men klok var du. Og her hava me Homer, den store græske Skalden, og her hava me Diogenes, som laag i Tunna, og her hava me Demostenes og Æschylos og utalige andre. Der er Seneka, gamle Gubben, stygg som den vonde sjølv. Og Cicero – du som plaagad meg so i Skulen med dei kjeidsame Bøkerna dine! Ja, ja, lat oss inkje snakka um den Tid no - eg likar deg betre her i Stein enn i Bokprentarsverta, og du ser godt ut, skjegglaus men andfull.
 
Men kven er so denne Mannen med det magre Andletet, den høge Skallen, det lange Skjegget, han som ser so djuptenkt, so aalvorsam ut? Det er Epikur, han som sette den høgste Livsvisdomen i at njota Livet hernede, so myket ein kunde. Og med slikt eit Andlet! korleides kann det rima i Hop? Det lyt vera, som eg altid heve tenkt. Læra til Epikur er inkje Heidningadomen, som tankelaus kastar seg burt, og glad et og drikk, for i Morgon døya me; men det er Heidningadomen, som faafengt freistar at gripa Sanningi, Spursmaalet um den udaudlege Mannaanden, um Livet etter detta; som Gong etter Gong glett nedfyre Muren, han freistad kliva, og so sidst paa hugsprengd let Augo atter og sigler med den breide Straumen, so kjem ein vel fram ein Stad. Det er Mannatanken ventande paa Openberingi, paa Gud, som vardt Kjøt, og som opnad Himlarne fyre oss. Andletet til Epikur preikar inkje Livsgleda elder raa Lettferd, men Tungsinn.
 
Me skrida vidare inn i næste Romet, Keisarsalen. Her standa dei, alt ifraa Tiberius og nedetter, desse Menner, som heldt Lyklarne til heile Verdi i Henderna sine, som med eit Ord kunde støypa deg i Dauden og med eit Ord lyfta deg i Høgsetet; som skulde styra heile Heimen, men inkje kunde styra seg sjølve. Um ein kunde samna alle dei Sukkar, alle dei Skrik, alle dei Vaabøner, som desse Blodsugarar i Mannaskapnad hava klembt ut or Offri sine, or alle deim, dei hava pint og brent og slengt fyre ville Dyr, kjøvt og sundflengt, so vilde det verda eit heilt Helvite. Det er eit Blod, som skal ropa liksom høgt som Abel sitt paa Domsdagen. Og mange av desse Illmenne hava Andlet som Gudsenglar. Sjaa paa Kaligula, han som sidstpaa let seg tilbeda som ein Gud, - eit ungt, fint, nokot veikt Andlet, med Tungsinn i Dragi. Sjaa paa Nero som ung – glatt som ei Jomfru. Men her kann ein og sjaa, kor Syndi et seg inn i Andletet og set sitt Merke paa. Dei sidste Hovud av Nero er dyrelike, Kjakarne trutne, Augo innsigne. Her er og Kjærasten hans, Poppæa Sabbina, som kvar Morgon tvætte seg i Mjølki or hundrade Asnor og sidstpaa vardt spend i Hel av Elskaren sin. Ho ser inkje ut, som ho skulde kunna freista nokon.
 
Underlegt er det at ganga millom alle desse Andlet fraa Forntidi og sjaa Saga rulla seg upp Blad fyre Blad og so vera her paa dei gamle Tufterna, der Anderøysterna tala sterkare enn dei livande. Men ein Gong lyt vera sidste. Me lyt ut atter til Markus Aurelius paa Hesten og til det nye Rom. Fyrr me ganga, sjaa me med Undring paa ei Vaskarkjering, som er innkomi, og no stend reint fortapt og ser paa Bilætstytta av Agrippina, der ho kviler maklekt i Stolen sin. "Che bella statua" ! 3) segjer ho og legg Henderna ihop. Eg tenkte paa vaare Vaskarkjeringar heima.
 
Naar me vel er utkomne, kjenna me, at me er svoltne, og so ganga me burt til "Kafé Genio" og bisna paa Alessio, dette Under av ein Reidsvein (Opvarter), som kann hugsa hundrad Retter i ein Gong og giva kvar sitt utan vidare Spursmaal. Han maa vera fødd med Fyreklæde paa og Matsetel i Munnen. Timarne etter Middagen ganga snøgt, og so er det alt myrkt. Det verd tidleg myrkt i Rom. Som eg daa vil smetta heim, høyrer eg eitkvart ropa paa Namnet mitt, og der hava me Budal og Kjellberg og Dahl, Svenskar og Normann, Bilæthoggar og Byggmeister. "Kvar skal de av?" "Til Kapitol, i Kveld kjem visst Maddalena med Tamburin, so skal me hava det morosamt. Vil du vera med?"
 
Tamburin, Maddalena, Kapitol – heve du Hug at fylgja? det er det nye etterpaa det gamle. Me ganga og er snart atter paa dei gamle Tufterna. Me krøkja oss gjenom nokre tronge Smog nedfyre Kapitolshøgdi. Vegen er straadd med Kaalblad og Bos og Surp, og ei einaste Trankola sveiter i Myrkret. Drøymer du um Knivrispor og Røvarar og so burtetter, er det best, du lagar deg til, for no skal me gjenom ei myrk Sval, der du inkje kann sjaa Hond fyre Augo. Me kveikja Vaksljosi vaare og strida hugheile fram. Seint um sidar finna me ei Dør og banka paa.
 
(Meir).
 
1) Runde Skodespilhus, oftaste taklause, der Folk moroad seg med at sjaa ville Dyr rivast, elder Folk strida med deim, elder Slaastkjempor sundflengja og drepa kvarandre.
2) Somyket som 37 Øre paa Lag.
3)For ei fager Bilætstytta!
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum