Notisar

Den katolske Kyrkja er lik seg sjølv. Ein taa dei fyrste Jesuitarne i Italia, Curci, hev alt i nokre Aar skrevet um det, at Pavens verdslege Magt ikkje var nokor Trudoms-Læra, og med di det no var so reint raadlaust fyr honom aa faa denne Magti att, skulde han slaa burt Tanken um det og forlika seg med Staten. Fyrst vilde dei ikkje laast høyra paa det, men daa Curci framleides dreiv paa med sitt, gjorde dei det so trongsett fyre honom, at han no hev vortet nøydt til aa skilja seg ut or Jesuit-Samlaget.
 
Stortingsmann P. A. Sæther, som uhepte seg paa Heimferdi i Vaar, er det minder Von verta so godt att, so han kjem paa Tinget meir. Um so er Tilfeldet, kjem den fyrste Varamannen (Suppleant) L. Soelberg i Staden hans.
 
Eldingi slog ned i ei Løda paa Garden Tetten i Nes, Aneks til Bjugn den 16de November. Løda stod straks i Loge, og derifraa kom Varmen ogso aat dei andre Husi, so hele Garden laag i Oske paa ein Time. Dei fekk ikkje redda stort annat enn ein Hest og nokre Kyr.
 
Med Throndheimsbanen, som no hev drevet ein Maanad, skal det hava gjenget toleg bra. Iser hev det vortet sendt mykjet Vare fraa Throndheim sudgjenom. Med Folkeførsla hev det vortet ymse.
 
Draap. Ein Arbeidar paa Stangebanen, ein Saalung er nyss vortet ihelstungen.
 
Universitetet i Bergen. Det segjes fyr visst, at ein Rikmann i Bergen skal hava gjevet 80,000 Kronur til aa stomna ein Vitenskapsskule der i Byen.
 
Stiftsmøtet i Trondheim hev vedteket denne Avgjerdsla: "Med di Stiftsmøtet erkjenner, at Soknarlaget (Menigheden) er den einaste og sjølvaste Eigar av Retten til aa kalla Tenarar i Kyrkja, aamaalar det, at Soknarlagi i Landskyrkja vaar, med visse trygge Avskil fyr Røysteretten, maa faa Innverknad paa Valet av Prestarne sine."
 
Falske Kronestykkje med dansk Stempling og fælt godt gjorde, hev i den sidste Vika voret i Umsviv her i Byen. No her um Dagen fekk dei Tak paa den, som var Meisteren fyr desse Pengarne; han negtad lengje, men stod til tilslut. Han er fraa Slesvig, kom hit fyr nokre Maanader sidan, men fekk ikkje nokot Arbeid her, og daa det so traut paa Pengar fyr honom, maatte han finna paa Raad. Han hev hellest ikkje gjort mange av desse Pengarne.
 
Ein norsk Mann, Premierløitnant Flood, er faren til Turkiet og hev teket Teneste i den Rumænske Heren.
 
Lærarne ved Doktorskulen her inne hev skrivet til "Stavanger Totalafholdsforening," at jamn Drikking av Sterkt, som Portvin, Sherry, Madeira, Brennevin, Puns, Toddy, er beintfram til Mein fyr Helsa. I ymse Sjukdomar kann slikt Drikka vera godt; men daa maa Dokteren segja fyre, kor myket og kor lengje Ein skal bruka det. – Folk kann herda det stridaste Stræv utan all Bruk av Sterkt; ja det er trulegt, at Vant av slike Drykkjer er meir gagnleg enn Bruken.
 
Kandidat H. Ross hev Løn av Staten fyr aa fara kring i Landet og samla upp slike norske Ord, som enno ikkje er komne inn i Aasens Ordbok. Han hev i Sumar voret i Thelemark, og no i Haust paa Nordmøre, fortel Bergensposten, og der hev han funnet 700-1000 nye norske Ord. Det ser ut til, at det norske Folkemaalet hev ein Rikdom, som er mest botnlaus.
 
Aarvegen. Fraa dei fleste Kantar høyrer Ein, at det er helder skralt med Aarsavlen. Høy og Kreturmat er væl paa Lag som eit Midels Aar; men Korn og Potetur er det smaat med.
 
Kongen vaar er Skald; Dikti hans er no umsette paa Tysk og fær godt Lov i "Berliner Fremdenblatt."
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum