Kongedøme og Republik.

 II.
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
Dei Folk, som me kann læra mest av i alt det, som høyrer den eldre Historia til, er dei tvo gamle Folk, som hev grunnlagt den nyare Kulturen, Grekararne og Romararne. Hjaa dei styrde i Fyrstningi kvar Husbonde sitt Hus. Han var Millommann millom Huslyren og Husgudarne og offrade til Husgudarne fyr seg og sine. Det var han, som knytte ihop Bandet millom dei av Ætti, som livde paa Jordi, og dei, som sov i Haug. Av detta kom all Husbondens Magt. Naar Ætterne sluttade seg ihop til eit Folk, hadde Folket ein Husbonde yver seg, ein Konge, som var Millommann millom Folket og Folkegudarne, og av det kom all hans Magt. I Huset og i Riket tok eldste Sonen Retten og Magti etter Faren, naar han var slik, at han kunne røkta Preste-Embættet sitt. Kongedømet hjaa desse Folk hadde soleides eit heilagt Upphav. Me hev ei livfull Skildring av detta Kongedømet i det store Diktet "Iliaden", som er diktat minst ei 9 Aarhundrad fyre Kristus, og dei Hendingarne, som det er fortalt um der, er endaa mykje eldre. Det gjekk fyr seg i ei Tid, daa dei brukade Bronse i Staden fyr Jarn til Vaapen og allslags Reidskap, og difyr kallar dei den Tidi fyr Bronsetidi. Den gamle Skalden segjer i "Iliaden", at Kongen er gudeboren, og at Zeus, den øvste Guden, hev gjevet honom Æra, og den vise Zeus elskar honom. Guden Hefaistos, den hage Smeden, hev sjølv gjort den Kongs-Staven, som Zeus gav til Kongsætti og som gjekk fraa Far til Son, til dess Kong Agamemnom fekk honom "til aa styra mange Øyar og heile Argos." Naar Kongen heldt Raad med Hovdingarne, kunne dei segja si Meining og gjeva Raad, men Kongen kunne gjera, som han sjølv likade best. I Folkemøte skulde Folket berre høyra paa, kvat Kongen og Hovdingarne sagde, og fekk inkje leggja sitt Ord med i Laget. Det er Kongen og Hovdingarne, som gjer Storverket i Striden, ein Mann av Folket "duger korkje i Strid elder i Raad." Eingong vaagar Tersites, ein mann av Folket, aa skjella paa Kong Agamemnon. Men Skalden segjer um denne Tersites, at han var den styggaste Mannen i heile Heren. Han var krokføtt og vank paa den eine Foten, og Herdarne var krokutte og ihopbøygde yver Brjostet, Hovudet gjekk kvasst upp, og han hadde tunnt, stridt Haar. Soleides saag han ut den eldste Demokraten, som me kjenner. Men det gjekk galet med honom, stakars Kroken. Daa han var ferdug med aa skamskjella Agamemnon, gjekk ein av dei mindre Konggarne, Odysseus, burt til honom og sagde, at kom han slik ein Gong til, skulde han taka og rundjula honom, og dermed lagde han til Tersites med Staven yver Ryggen og Herdarne, so det vart ei stor blodutt Pylsa paa Ryggen hans. Detta totte alle hine var det beste, Odysseus hadde gjort.
 
Seinare kom det ei Tid, daa flestalle greske Folk avlyste Kongemagti, Folket i Attika, er det sagt, fyr di dei var rædde fyr, at dei inkje skulde faa so god Konge att, som den siste Kongen, - Arkadarne, fyr di dei var rædde fyr aa faa att so laak ein Konge, som den siste; med andre Ord: Tidi var ute no fyr Kongedømet. I Attika er det fortalt, at dei i Staden fyr ein Konge innsette ein Arkont (Styrar) paa Livstid, og hans Embætte skulde ganga i Arv i Kongsætti. Meiningi med detta er vel det, at det gamle Kongedøme "av Guds Naade" vart avlyst, og eit ansvarlegt, "indskrænket" innført. Seinare vart det soleides, at dei kvart Aar valde 9 Arkontar, og dermed vart Republikken innførd (683 fyre Kristus).
 
Men det var dei store Ætterne, som hadde innført Republikken og hadde alt Gagnet. Det var det øvste Samfunds-Lag, Adelen, som no hadde mognat fyr Sjølvstyre og hadde rivet til seg all Magti. Aalmugen vart hardt trælkad, og Fatigdomen var stor. So vidt me veit, kunne Odelsbønderne i Attika inkje selja Gardarne sine, daa Garden høyrde Ætti til; difyr laut dei mindre Odelsbønderne, naar di trengde Pengar, pantsetja Avlingen, og kom paa den Maaten djupare og djupare i Gjeld, naar Lukka var imot. Husmennerne laut pantsetja seg sjølv elder Huslyren sin, naar dei skulde laana, og naar dei inkje kunne betala, kunne den, som hadde Pengarne tilgode, gjera dei til Trælar. Tidt laut dei selja sine eigne Born til aa berga Livet. Ei sterk Kongemagt kunne aldri funnet seg i, at Adelen trælkade Aalmugen og paa den Maaten vart so megtug, at han kunne trassa Kongen sjølv. Men ein Republik, der Stormennerne styrer (ein aristokratisk Republik), er det liten Fridom fyr Aalmugen. I Attika vart det snart so illa, at Aalmugen inkje lenger kunne halda det ut. Det fyrste Framsteg fraa det gamle Kon  gedømet til Folkestyre vart soleides fyr Aalmugen eit Steg attende.
 
Naudi var stor. Landet var veikt og vanvyrdt, Adelen vilde inkje gjeva fraa seg Retten sin, og Aalmugen vilde, at alt Jordegods i Landet skulde skiftast likt millom alle. Det saag ut til, at den einaste Boteraad var ein Einvaldsherre.
 
Daa vart Solon vald til Arkont og skipade Republikken. Det skulde inkje lenger vera nokon Adelsstand, men Folket vart no bytt i 4 Klassur etter Inntekterne. Dei rikaste fekk mest aa raada i heile Styringi, men so fekk dei tyngste Lasset aa draga og. Solon lettade den tunge Gjeldi og forbaud aa gjera Folk til Trælar fyr Gjeld. Daa Attika var eit magert Land, hjelpte Solon upp Handel og Industri, og detta gjorde likso myket som Logerne til aa hindra, at Fatigdomen skulde auka paa att.
 
Solon sagde, at han hadde inkje gjevet Folket dei beste Logerne, men dei beste, som Folket kunne taka mot. Han skynade, at um hans Loger høvde godt fyr Folket, slik som det var paa hans Tid, kunne det koma ei Tid, daa der trengdest betre Loger, og at hans Skipnad inkje kunne standa i ævelege Tider; men han vilde hindra, at ein einskild Mann elder nokre faae skulde taka Herredømet og forandra Logerne paa si eigi Hand. Difyr sette han i Logi, at naar det var Strid millom Borgararne, skulde alle taka Parti. Den Fridomen og Parten i Styringi, som kvar Borgar hadde fenget, skulde vera hans Eigedom, som han inkje skulde lata nokon taka fraa seg, og han skulde inkje vera like glad, korleides det gjekk med Landet og Logi. Vart det til det, at dei gamle Logerne inkje dugde lenger, skulde Folkeviljen og inkje ein Magtrøvar raada fyr, kvat som skulde koma i Staden.
 
(Meir.)
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum