Guten syng.

Du sviver glad upp å sæter-bø,
eg stavrar i brattan lid -:
syng meg ei fager visa,
du vænaste gjenta mi!
 
Her synger fuglar og bekkjer små'
kvate i skogar og fjell;
hauk meg ei visa, Dagny,
du syng då vænaste lel.
 
Syng um den glade guten, du,
som døydde for gjenta hans sveik!
- For sorgi ligg under og bivrar og brenn
i all vår song og vår leik.
 
Sorgi ligg under og skjelv og græt
i all vår leik og vår lått; -
syng meg ei visa, Dagny!
du veit, det gjer' meg so godt.
 
Fela ho læt no fulla vænt,
slåtten so vida sviv; -
men fyrst at gjenta synger,
då fangar lundarne liv.
 
19.
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum