Ei Naturlog or Fysiken.

Der bur ein djup Trong i Menneskjom etter aa finna ut dei rette Grunnarne fyr Alt, som gjeng fyr seg framfyr Augom deira baade i den livande og livlause Naturen. Utav denne Trongen er det, at heile den megtuge Vitskapen vaar hev sprunget fram. Ja er det ikkje sannt, at me vert glade, naar me fær sjaa Grunnarne fyr ein Ting; er det ikkje liksom der vert tendrat eit litet nytt Ljos inni oss fyr kvar slik ein Kunskap. Soleids kjem eg so godt ihug, kor glad eg vart, daa eg fyrste Gongen fekk full Greida paa Lagningi taa eit Sagbruk og forstod, korleids Vatnkrafti fekk Storhjulet, og det igjen dei mange Smaahjuli, til aa ganga, og korleids desse daa fekk Sagbladi til aa drivast upp og ned. Ein vert meir tilfreds med seg sjølv, naar Ein eig myket taa slik Forstand paa Tingi rundt ikring seg.
 
Fysiken (ei Avdeild av Naturlæra) hev ei myket enkel Naturlog, som kann gjeva oss Grunnar og eit nytt Forstandssyn paa ei utruleg Mengd av Smaatreff, som me ser dagleg ikring oss. Logi segjer so: Ein Ting ("Kropp") kann ikkje setja seg sjølv i Fart, og er han sett i Fart, so kan han av seg sjølv korkje stadna, elder minka hell auka Farten sin, men vil ganga med same Farten til endelaus Tid. Du tykjer kannskje, at ho lyg den her Logi. For naar me trillar ein Stein burtyver Marki, so varer det ikkje lengje, fyrr han stadnar. Men han gjer det nok ikkje taa seg sjølv lel. Marki er full av Hol og Smaatuver, og d e i er det, som stansar Steinen. Og likeins er det med kvar Ting, som trillar, um so det er den glattasteKula, som trillar paa eit Golv taa slipat Glas: ørsmaae Innsøkk og Knupplar vil der allstader vera, og dei vil tvinga Kula til aa staadna smaaningom, - men taa seg sjølv vilde ho aldri stadna. Og enn ei Kanonkula? Ja, naar ho var skoti ut or Kanonen, so vilde ho fljuga ut i det endelause Romet, dersom det Ingenting var, som hindrad. Men at ho likevæl stadnar, kjem seg av tvo Ting: Jordi dreg alle Kroppar ned aat seg, og Lufti gjer Motstand. Der maa soleids stødt ei Kraft til utanifraa baade til aa setja ein Kropp i Fart og til aa taka Farten fraa'n att. Den her Magtløysa hjaa kvar ein Ting til aa setja seg sjølv yver ifraa Fart til Kvila og fraa Kvila til Fart kallar me i Fysiken Staheiti i Kropparne. Endaa dei livande "Kropparne" gjer ikkje nokot Undantak ifraa Logi. Naar soleids Viljen i oss Menneskjom hev sett Kroppen vaar i Fart, so er Kroppen so "sta," at det er umoglegt aa faa han til aa braastadna att med det same Viljen segjer stopp. Han vil halda paa aa fara fram same Vegen.
 
No vil me taka fyr oss ymse Smaatreff, som er væl kjende ifraa vaar daglege Ferd. Kor gjeng det fyr seg, at me vil stupa, naar me snubblar imot ein Stein elder ei Tuva? Jau: heile Likamen vaar hev nyst voret i jamn Fart; men so stansar Steinen med ein Gong Føterne paa oss, med' at all den andre Kroppen vaar vil halda fram med same Farten, fyr Skuld den nystemnde Staheiti, og so ber det med Nasa i Jordbakken. Paa same Maaten er det, naar du stend uppreist i ein Baat elder paa ei Vogn, som er i Fart; daa er og heile Likamen din i Fart, men dersom no Baaten braastøyter imot Land, elder Hesten, som dreg Vogni, braastadnar, so lyt og med det same Føterne dine stadna; men Yverkroppen din stemner fram med uminkat Fart, anten inn mot Framstamnen paa Baaten elder inn paa Hesterova. – Stend du uppreist i ei Vogn, som enno ikkje er sett i Fart, og so Hesten med ein Gong tek til Sprangs, so kjem det og med det same Fart i Føterne dine, som heng fast med Vogni; men alt det andre taa Kroppen vil, fyr Skuld Staheiti si, bli standande paa same Flekken som fyrr; og korleids gjeng det daa, naar Føterne dine vert framflutte, men Kroppen vil standa i Fred? Daa ber det attlends med deg. Enn naar du hoppar ned or ei Vogn, som er i  Fart, og Beini dine tek Marki og tvingast til aa braastadna, kvat vil daa "Staheiti" orsaka? Jau, Yverkroppen din vil fara etter Vogni, den. – Enn naar du kjem rennande paa Skid nedyver ein bratt Bakke, og so det trast attpaa kjem ein liten Motbakke? Jau daa vil eg gjeva deg den Raadi, at du stramar Laarmusklarne dine: hellest sig du i Kne, liksom du var sturad ihop. Detta kjem og greidt av Staheiti. So lengje du flyg nedgjenom Bakken, so er heile Kjøtmengdi paa deg i Fart ovanifraa og ned; men naar so Skidi braatt flyg uppyver Motbakken, so tvingast Føterne dine med det same til aa fara stad i ei ny Leid, nemleg nedanifraa og upp, med' at Yverkroppen held fram den gamle Leidi ovanifraa og ned; det vert aa stuvast ihop, det. Det same gjeld, um Bakken gjeng braadt yver i ei Flata; men Stuvingi vert ikkje so sterk daa.
 
Dersom ein klyv uppi Toppen paa Mastri paa eit Skip, som er i full Fart, og slepper ned ein liten Stein, so kunde Ein tru, at Steinen datt ned attum Mastri, ettersom Skipet siglar fram eit godt Stykke i den Tidi, som Steinen er i Lufti. Men "Staheiti" segjer nokot annat, den. Naar eg sitt upp i Mastretoppen, so er det greidt, at baade eg og Steinen, som eg held i Hondi mi, hev same Farten i oss som Skipet, og den kann korkje Steinen elder eg auka elder minka taa oss sjølve, so Farten vert nok sitjande i Steinen i Fallet og. Han vil difyre verta liggjande beint nedmed Foten paa mastri. Men kom Steinen dettande ned or Lufti, utan at han hadde nokot med Skipet aa gjera, og so strauk beint nedum Mastretoppen, so vilde han verta liggjande paa Dekket attanum Mastri. – Nokot likt som med Steinen er det med dei Konstrarne, som "Beridararne" gjera. Dei stend paa Hesteryggen, med' at Hesten er i fullt Tvirenn, og hoppar ende upp i Veeret, og kjem so standande ned paa honom att. Han flyg slett ikkje ifraa deim, medan at dei er i Lufti; og helder ikkje hoppar Kunstnaren fram, men berre beint til Veers. Det er og greit aa skyna. Den Farten, han hadde paa Hesteryggen, vert sitjande i Kroppen hans upp i Lufti og, soleids at Hest og Mann fylgjast aat taa seg sjølv. Endaa skal eg nemna ein Ting. Paa Jarnvegerne kann Ein sjaa, at i braade Svingar, der ligg Skinarne (Hjulfaret) høgare paa den ytre Sida taa Svingen enn paa den innre. Det heng og saman med "Staheiti." For, naar Vogni hev faret eit langt Stykke etter ei Leid, og dei so kjem i Svingen, so tvingast Hjuli til same Kanten som Svingen gjeng, men heile den andre Vognkroppen vil ganga fram same Leidi, som han er van til, og so skynar Du, at det lett kann bera ut i Beita paa den ytre Sida.
 
"Fedraheimen" kunde faa Bladfyll eit langt Bil, um han skulde gjera Greida fyr alle dei Smaatreff, som "Staheiti" aat Kropparne orsakar. Men no vonar me, at kvar og ein taa Lesarom vaare skynar den-her Naturlogi sjølv og kann gjera Bruk av henne, naar eit slikt Smaatreff syner seg. Eit "Stortreff" skal me greida ut ein annan Gong, og det er, korleids "Staheiti" kann syna oss grant, at heile Jordkloten vaar sviv ikring Akselen sin.
 
- Det er ei greid Sak, at mannen kann gjera stort Gagn av Kunskaparne sine um Krafterne og Logerne i Naturen, baade dei store og dei smaae. Det er mest Smaasaker, som stend i detta Stykket, og det, som kan verta til Nytta av det, vert difyr og Smaasaker. Soleids naar Ein fyreaat veit, at Ein vil siga ihop, naar Skidi flyg uppyver Motbakken med Ein, so kann Ein og fyreaat gjera seg ferdug til aa taka imot. Men endaa um Laarmusklarne ikkje hev Styrke nok te verja Siget av, og det ber i Snjohaugen med Karen, so er det like fullt ein upplyftande "Triumf" fyr Mannen aa kunna segja til den ovmegtuge Naturkrafti: Eg hev ikkje Evnen slik som Viljen til aa standa deg imot; men um eg enn likamleg maa gje' meg fyr deg, so hev eg aandeleg vunnet yver deg; for eg veit Knipet ditt og skodar deg tvert igjenom. Gjeve, at den herlege Tidi ikkje var altfor langt burte fraa Fedraheimen vaar, naar kvar ein Bonde og kvar ein Fiskar og kvar ein Sjøgut i Sanning kunde segja detta til Lufti og Havet og Veeret og alle dei Krafterne i Naturen, som heile hans Liv er ein Strid imot!
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum