Altslag

Høgsteretten hev i haust dømt ein Mann til aa betala 158 Kronur, fyre di Hunden hans hadde sprunget mot ei Glasruta og slegjet henne sund.
 
Koldrift paa Andøyi. Folk skal no tenkja paa aa slaa seg ihop um aa driva Steinkolgruvurne paa Andøyi, men daa det ikkje er Hamn nære nok, maa dei byggja ein 2 Mil lang Jarnveg.
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum