"Huskoen"

"Huskoen" er, liksom Skindfellen, eit nationalt Plagg. Gamall er han med. Det var visst fyrste Freistnaden. Folk gjorde med aa laga seg skikkelege Sko. Fyre "Husko-Aldren" kann me tenkja oss ein Næver-Alder, daa dei berre røyrde Føterne sine med Næver og annat dilikt, og so Berrfot-Aldren, daa Folk ikkje brukte andre Sko enn dei, som dei var fødde med.
 
Fraa fyrstunde var Huskoen i stor Æra, liksom alt nytt. Han fekk pryda endaa kongelege Føter. Men so vart det uppfunnet nyare Ting, og Huskoen, stakkar, kom or Moden. Sidan gjekk det til atters med honom Dag fyr Dag, til dess han no er komen so reint i Mismæte, at Folk snaudt veit um, at han er til. Snart skal du sjaa, han "døyr ut" au.
 
Endaa det hev han ikkje fortent. Væl er han ikkje nokot Stasplagg, og høver ikkje i "Salongarne." Han er for loden og uvand, maatru, og so dreg han for myket Surp med seg inn paa Golvet. Sannt aa segja trivst han ikkje paa Stovegolvet sjølv held. Han vert hard og skrinn der, og fær Skrukkur. Men tak honom paa Foten, naar du skal ut i Snjoen, so skal du sjaa, han er Karen sin; for der er han heime. Daa fær han Fyll i Skrovet sitt, og vert mjuk og god som den finaste Silkeskoen. Lett er han au, og detta Lodne, som snur ut, liver so godt fyr Snjoen. Og so god som han er i Skibondi! Du finn aldri Maken hans der. Han el upp mang ein Idtrottsmann, og hjelper mang ein Mann skadelaus gjennom Frost og Snjo, so Ein kann tryggt segja, at han el fleire enn han slær ihel. Dermed burde han faa Lov aa liva. For døyr han ut, so veit eg visst, han vert saknat. Det er med honom som med ymse store Menn: han er vanvyrd, so lengje Ein hev honom; men aa for ei Sorg, naar han væl er i Gravi! –
 
Huskoen er uvand aa gjera. Ein flær Hudi av Kufoten, skjer so desse "Fetir" elder Fetlingar av nokot ovan Knei, og biksar dei strame paa ei Fjøl; der stend dei daa, til dess dei er turre. So kokar Ein Orebork og legg dei i, og imillomaat kreistar og vrid Ein dei, so dei tek betre Barking. Er dei daa barkad, so legg Ein dei paa Leisten, som berre er ein Trebite, paa Laget som ein Mannafot. Saumetraaden er ei Skindreim.
 
Likevæl er det eit Kunstarbeid aa laga Husko, naar dei skal vera væne og fullgode. Eg kann minnast han gamle Harald Uppistova, kor smeiselege Husko han gjorde seg. Det var "kvite Husko med svarte Gjeirar," som Ordtøket segjer. Ein hadde godt kunnat stadet Brudgum med dei, og komet or Kyrkja like heil. Men slike Kunstmenn er sjeldfengde her som i alt annat. Dei fleste lyt vera nøgde med "Dusingarbeid," som og bergar seg væl til Kvardagsbruk.      
 
H. E.
 

Frå Fedraheimen 01.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum