Ymse Dyr, som ero til Gagn eller til Mein fyre Landmannen.

(Røda haldi af Stipendiat R. Collett ved Landmannmødet den 5te Oktober).
 
(Framhald.)
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
Det er eit annat vel kjendt Spendyr, som eg her vil nemna, og som ofta heve voret misteket, um ikkje nett i den aalmenne Tydingi av detta Ordet, og det er Reven. Detta Dyret heve stundom bognat under Byrdi av eit Syndatal, som aldri fær Ende, og stundom hava Folk – isertydske Naturkunnige – freistat aa orsaka honom so tidt og traatt, at det vore verdt ei betre Sak, til dess at Reven heve kunnat standa mest skuldlaus eller i alle Fall som eit aldeiles meinlaust Dyr. Detta kann til Deils hava sin Rett, men ogso berre til Deils. Saki er, at ein lyt døma Reven ymist etter dei ymse Stader som han liver paa. I Millomeuropa og i Danmark, der han held seg i Lauvskogar og Hegner um upprudde Stader, er det tvillaust, at han til Deils er nøydd til aa liva av (Oldenborre-) Aamor 1) og av Vaand (Markmus), og soleides heppar det til, kann ein segja, at han kjem til aa gjera Gagn. Men hjaa oss held han til i Barskogen, som han gjeng ut or paa sine Umsviv, og her finn han korkje Oldenborre-Aamor eller mange Markmus, men dess meir Orrfuglungar og Harar, og difyre gjere Reven hjaa oss myket større Skade enn Gagn, so detta Spursmaalet ikkje skulde vera tvilsamt. At einkvar røynelege sannprovar, at Reven paa den eller hin Staden heve tynt nokot Markmus, heve ikkje stort aa segja; paa Øyarne vestanfjells og nordanfjells, der han liver av Fugleungar av ymise Slag, Rjupeungar og Andungar, ikkje aa tala um Lamb, der veit kvar Mann aa verdsetja hans Gagn og Ugagn. Det er soleides ikkje stor Uppmoding fyre oss til aa spara Reven; tvertum, me byrja i Vissa liggja etter og tyna honom med alle dei Raader, som me eiga.
 
Eg skal ikkje stadna lenger ved Spendyri, men visa paa nokre Fugleslag, som Folk kjenna mindre til eller og mistaka seg um deira rette Natur. Imillom uteljande Fugleskapnadar finna me her fyrst ein undarleg Fugl, som flestalle vist hava set fljuga umkring i Skymringi, men som snaudt ein av tie tusund heve havt i Handi og skodat paa, detta er Kveldknarren, som høyrer til eit Fugleslag, som heve heime i det varme Jordbeltet og der skiler seg i overslege mange Greiner, medan det i Europa berre finnst nokre faae. Denne undarlege Fuglen kjem til oss um Vaaren og held seg i Skogatrømar, der han ligg kurr og solar seg um Dagen, men um Natti flyg han umkring i Holt og Lundar og framme ved Husi. Her sviver han timevis rundt um Trei, med ei undarleg Læta av og til, som likjest Ljodet av ein durande Rokk. I sine snare Snuningar fangar Kveldknarren si Føda, som er mest berre av slike Skordyr, som gjera oss det verste Mein. For umkring 14 Dagar sidan fekk eg tilsend ein Kveldknarr som hadde vordet skoten i Bergum (Bærum), og ved aa opna Buken fann eg Magen fullt utspanad etter eit Matmaal, som han nylege hadde ført i seg, og detta var som her fylgjer: 20 Skordyr med skaltekte Vengjor, dei fleste elles meinlause, so som smaae Tordivlar o. a., men do ogso ymise meinsame, serlege ein Oldenborre (Melontha brunea), framleides 49 Stykke av det meinsame Nattfly (Noctuæ), som er nokot mindre enn dei eigenlege Nattvinglor, men større og tjukkare enn Molar og Mælarmakkar; me hava alle set deim um Hausten inni i Husi vaare, daa dei fljuga inn etter Ljosken av Lampor; og Aamorna aat desse liva alle paa Tre og Kjørr og gjera overslege stor Skade. Vidare fannst det 34 ymise Molar og Mælarar (Geometrer) umfram 3 Myhankar og tri Tvistyrtor (eit Skordyr, som sviver um yver Dapar) og endelege nokot Smaagrjot til aa hjelpa paa Magameltingi; og detta Storetarmaalet fyre ein Fugl so lang som ei Hand og ikkje myket større enn ein Trost. Kveldknarren er ein av vaare merkjelegaste Fuglar og heve myket sereiget, i di at denne Kyndi stend helder einsleg i Fugleriket.
 
Av Nattfuglarne skal eg vidare nemna Ulorna; av desse er det do snaudt meir enn ei Kynd hjaa oss, som endefram fortener eit godt Lov, og det er Kattula. Sjeldan men do likevæl stundom forbryter ho seg so vidt, at ho tek ein Fugl; jamnast finn ein henne fullstoppad med Myser (Musskjer) og Skordyr, serlege Tordivlar. Dei andre smærre Ulorna eta meir Fugl enn Mus. Detta er soleides Tilfellet med den minnste av alle Ulor, Sporve-ula, som ikkje er større enn ein Dompape, ho tek mest berre Grønspikkar (heiter ogso Kjøtspikke, Kjøt-Eirik, Talgukse) og Songfuglar, som ho stillar seg paa, naar dei sova. Den store kvite Fjell-ula er vistnog trottig til aa tjona Lemende, men mest i dei Aari, daa desse økslast i uvanlege stor Mengd, i andre Aar tek ho ogso Rjupeungar. Det heve lenge voret aalkjendt, at den største av alle Ulor, Bergulven eller Steinulven, helst liver av Orrfugl og Harar og berre sjeldan av Mus, og difyre høyrer han til vaare meinsameste Ræfuglar.
 
Ein annan Fugl av Ræfuglom, som ofta fær ei rang Umdøming, er Musvaaken; han heve serlege av tydske Naturkunnige vordet framdregen som ein av dei mest gagngjerande Fuglar, me hava. Det er skillege sannt, at Musvaaken høyrer til dei Dyri, som era trottigaste til aa tjona Musskjer; men kvar gløggsynt Veidar, som er so vidt kjend med dei ytre Merki paa Ræfuglom, at han kann skilja millom dei ymise Slag, heve røynt til Vissa, at Musvaaken slet ikkje vandar Ungarne aat vaare ville Skoghøns, og at han med større eller mindre Heppa jagar etter dei vaksne Hønsi med. Det sama gjeld um Snjovaaken, som vistnog liver myket av Lemende, men ogso tek Rjupeungar, og fleire kan henda, enn Folk vara. Kvar Gong ein vitjar Reidet aat denne Fuglen, vil detta visa seg. Ved dei ymise andre Ræfuglarne skal eg ikkje stadna vidare, men berre nemna som ein aalmenn Takster, at dei store Falkar og Haukar gjera mest berre Mein, Vindhauken (den litle Taarnfalken) derimot gjer munarlegt Gagn, med di at han tek Myser og Skordyr.  
 
Eg skal no med nokre Ord røra ved ei Tru, som i dei siste Aari meir og meir tek til aa gjera seg gjeldande um Smaafuglarne og det Gagn, dei gjera. Um ein Fugl heve det voret myket Ordskifte anten han gjere mest Gagn eller Ugagn, og det er den aalmenne Graasporven. Naar mange Naturkunnige gjeva seg til aa rekna ut, at naar ein Graasporv berer Føda til Ungarne so og so mange Vendor, so heve han samstundes tynt so og so mange hundrad og tusund med meinsame Skordyr – som i nokre Maanadar vil gjera eit forbisnelege stort Tal – so er detta eit fulla rangt Paastand. Fyre det fyrste er den Føda av Skordyr, som Graasporven tek, helder liten og ikkje nokot som munar. Vistnog er det so at Sporveungarne i deira fyrste Tid verda uppfødde med smaae og naaelege Aamer, men desse verda sjeldan tekne paa Frukttrei eller paa dei Stellor, som det vilde vera oss til Gagn; jamnast era dei av dei Slagi, som me kunna vera lika sæle um; og etter kvart som Ungarne veksa til, faa dei mindre Føda av Skordyr; det Foreldri bera til Reidet er berre Avfall i Rennestein eller paa Tun eller og umelt Korn, som dei pikka upp or Hestemyk i Vegom. Ender og daa kunna dei taka einkvar Smellar eller Trebukk, men heile Sumaren liva dei berre til ei Deild af Skordyr, og naar Hausten kjem, sjaa me, kor dei kasta seg paa Frukttrei, eller kor dei sleppa seg ned paa Aakrarne i yrjande Mengd. Kvar og ein heve Rett til aa taka det etter sin eigen Hug med Gagn og Ugagn, og til aa lata Hagen sin fara som han sjølv vil, men skal ein vera ærleg, so gjere Graasporven større Mein enn Gagn, so at me ikkje gjera nokot galet, um me halda deim innanfyre eit høvelegt Skilmerke. Det maa vera kunnigt fyre flestalle, at Graasporven heve voret innførd paa ymise Stader, der han ikkje fannst fyrr, som i Nord-Amerika og i Australia; paa desse Stader trivst han so gildt, at Skaden, som han velder, heve vordet storo merkande, og paa dei fleste Stader ynskja dei endefram, at dei aldri hadde fenget honom. Men kor som er, me era glade i Sporven likevæl, og me skula ikkje gløyma det Liv og den Hugnad han spreider um seg, i di han hyggjer seg til oss og tek sin Lut med oss i det kalde Aarsbilet, og difyre maa me ikkje vera for harde mot honom.
 
(Meir.)
 
1)Oldenborren er nokot likt som Tordivelen, men ikkje so breid, og meir brunvoren i Liten.
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum