Kristiania den 3die November.

Kristiania, den 3die November.
 
Nærstrand 29de Oktober. (Brev). Her hev voret eit surt og ruskutt Vedr denne Hausten, og seint og ubeint hev det gjenget med Haustvinna. Det er inkje meir enn ei fjortan Dagars Tid, sidan Kornet kom inn. Det vardt allestader lett, flestestader klent, og der er fulla altformyket dei Gardar, der det inkje verdt nytjande til Folkemat. Jordepli (Potetorne) ero væl no allstad komne i Hus; nokot rikt Potetaar vardt her inkje; men Folk laata væl, at dei ero friske. Av Høy vardt her, tenkjer eg, eit Midelsaar.
 
Maandagen fyr fjortan Dagar sidan bles her ein Storm fraa Sør, so hard, at det er snaudt, Folk minnast slikt eit Vedr fraa den Ætti (Kanten). Natti millom Maandag og Tyrsdag var han paa det høgste, og, daa det attaat gjekk Byrtingar alt i eitt, var det mest skræmelegt, imindsto fyr oss her paa "Straanda," som fyr inkje lenge sidan vardt kvekkte av, at Ljonelden flog ned i ei Løda mest midt i Husekrullen. Um Tyrsdagen laag Snjoen aalkvit radt i Fjøra, og kaldvoren og vaatsam heve han sidan voret, so det ser ut til, me faa ein tidleg Vetter.
 
Landbruksskulen fyr dette Amtet skal i Haust flytja hit. Den fyrste November skal han byrja med 8 elder 9 Læresveinar fraa ymse Kantar av Amtet. Der hev voret eit heilt Staak med denne Amtsskulen no eit Tak.
 
Medan eg talar um Skulen, kjem eg ihug Amtsthinget vaart og Skuleløni her i Amtet. Det er kunnigt nok, korleides det gjekk med den. 1) No hev den eine av dei tvo Prestarne (Monrad), som daa gjorde seg so syrgjeleg navngjetne, gjevet sitt  Tilsvar i "Stavangeren" til desse, som hava skrivet um Saki, og som slett inkje hava teket i honom med Silkevaattar. Han vil frihelga seg med det, at mange av Lærararne ero so litet duglege, at dei gjera inkje Skil fyr betre Løn, enn dei hava, og fortel, at han kjenner Lærarar, som inkje kann "dividera i ubenævnt." Men daa, kunde ein tru, maatte det netupp vera Tid fyr Skulevinerne til aa ropa av all Magt paa betre Skuleløn; for det er Løni, som maa draga dei gode Lærararne etter seg, inkje Lærararne Løni; skulde me bida etter det, hadde me den Dag idag havt Lærarar, som inkje kunde "dividera i ubenævnt." Rettnok kom han med eit Framlag um, at Seminaristar og "andre, som stod jamt med deim", skulde faa 2 Dalar; men denne Retteboki var i sume Maatar til inkjes og i andre Maatar visst verre enn Sjukdomen. Fyr det fyrste var det slett inkje visst, um Kommunerne so radt vilde taka nett dei dyraste Lærararne, og fyr det andre, desse, som skulde standa jamt med Seminaristar, kven skulde taka deim ut? Ja, det var eit Spursmaal. Elles var ho leid fyr Monrad, denne Greida. Han er visst ein dugleg Mann, og ingen, som kjenner honom, trur annat, enn at han heve Hjarta fyr Skulen; men – klok Mann kann og mistaka seg.
 
Lied, den andre av desse Prestarne, no ja, han heve og skrivet i Bladom. Han fortel, at Lærararne "hans" liva so oversleg grust og godt; dei korkje frjosa elder svelta, segjer han. Korleides det er i Matvegen fyr deim, skal eg inkje segja; men Ordet gjeng, og det er nok altforsant, at Klokkaren hans anten heve sagt upp elder aa vil segja upp, avdi han ikkje ser seg Raad til aa koma utav det med Hr. Lied. Ein lyt segja det var illa fyr Presten Monrad, at Navnet hans skulde nevnast i slik ein Samanheng med denne Mannen sitt.
 
Med alle gode Ynskje fyr "Fedraheimen" og den Tanken, han ber fram, segjer eg no Takk fyr denne Gongen.
 
Lars Digranes, (Lærar).
 
1) Framlaget um større Lærarløn (2 Spd. Vika) vardt negtat. Skuld i detta var iser dei tvo Prestarne (or Ryfylke) Lied og Monrad. Bldst.
 

Frå Fedraheimen 10.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum