Ny Medalje.

Hans Maj. Kongen skal under Visti si her i Byen hava gjort ein ny Æremening (Medalje) som ein Godviljesmun fyre Framgang i det norske Jordbruk. Han hev no fyrste Gongen gjevet honom i Gull til Landbruksdirektør Jonas Smitt og Direktør fyr Aas Landbruksskule Fredrik August Dahl. I Sylv vart han gjeven til: C. Blakstad, Asker. K. O. Dilling Rygge, Smaaleni. B. Kjækstad, Røken, Buskerud. B. Stormoen, Skouger, Jarlsberg og Laurvik. S N Aarhus, Gjerpen, Bratsberg. P. Tviland, Omlid, Nedenes. Lensmann Spilling, Vigmostad, Lister og Mandal. G. E. Stangeland, Klepp, Stavanger. J. Braastad, Aalstad, Vardal. Kristian J. Schumann, Alden, Askevold, n. Bergenhus. J. J. Aga, s. Bergenhus. O. Høvig, Hosanger, s. Bergenhus. M. Fokstad, Stange, Hedemarki. O. O. Grimnæs, Tingvold, Romsdal. A. Støvne, Holtaalen, s. Trondheim. Aune, n. Trondheim. Dundas, Lurø, Nordland. Lensmann Krogseng, Maalselven, Tromsø. O. Haabensen, Maalselven, Tromsø. O. Jørstolmen, Alten, Finmarki. Medaljen hev til Paaskrift Ordi: "For Fortjeneste af det norske Landbrug".
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum