Utlandet.

Danmark. Den eldste danske Vitskapsmannen i Lækjekunsten, Oluf Lundt Bang, døydde Fredagen den 12te Oktober.
 
Frankrike. Vetterdagen stod Vali til Folketinget, og me kjenner no Utgangen. I det nye Tinget kjem det vonlege til aa sitja ikring 330 Fristyremenner imot 200, sam stend med Mac-Mahon. Yvermunen vart ikkje fullt so stor, som Fristyremennerne sjølve hadde vonat eitt Bil, men likevel større, en mange no sistpaa hadde ventat etter alt det Braaket, Styret hev gjort til aa faa Yvervigti paa si Sida. Det hev faret fram baade med List og med Vald, so at det hev vakt Harm yver heile Europa baade hjaa Framgangsmenner og Atterhaldsfolk. Dei hev freistat alle dei Hjelperaader, som Styret kann bruka, til aa verka paa Vali, og aldri hev Embættesmennerne og Prestarne voret so uppsette paa aa faa fram dei styresvenlege Tingmannsemne som no. Men so er Sigeren dess større for Fristyremennerne. Det Lov lyt ein gjeva desse, at dei hev agat seg vel i denne Valstriden, endaa Tolmodet deira hev voret hardt freistat mang ein Gong. Kvat som kjem etter dette, er ikkje godt aa vita. Men etter dei siste Hende og heile Framferdi aat Fristyremennerne i dei siste Tider ser det no ut til, at Fransmennerne hev mognast meir for eit sannt Sjølvstyre, og det spaar i alle Fall godt for Framtidi, kor det so gjeng no heretter. Det er sagt, at korkje Marskalken elder Riksraadet er meinte paa aa gjera, som Gambetta sagde: anten gjeva seg under elder gjeva seg fraa. Og det kann vera Von til dess, at dei no vil gilda seg av ein "moralsk" Siger, sidan dei hev vunnet nokre Mann fraa Fristyreflokken, og at dei vil freista med aa løysa Tinget upp paa nytt Lag. Kann henda, at den "rettviljuge" Soldaten – som Marskalken gjerne vil nemnast – vil til Slut finna, at han hev gjort seg sjølv og Frankrike ei laak Tenesta med det, at han hev gjevet seg dette Styret i Vald, som no er. Det er beste Voni, at det endar med Umstøyt, og so kjem det anten Ustyre elder Ovstyre etterpaa. Det ser ogso ut til, at Styret el seg og Frankrike Uvener i Utlandet med Presteelsken og Pavedomen sin. Det er nokot, som ikkje er vellikt, korkje i Tyskland elder Italia.
 
I Tyskland kjem Rikstinget saman Maandagen den 22de.
 
Krigen: Snjoen tek no til aa verta myket til Meins for Krigsføringi. I Balkantrengjorne ligg han paa andre Alni djup, so det hev voret Trui, at Herarne snart skulde verta nøydde til aa draga seg ned paa Sletti. Ved Plevna hev han ogso hindrat Arbeidet, men no er det komet Tidend um, at Ryssen hev teket paa Plevna med Skjoting yver heile Lina. I Asia hev endelege Ryssen vunnet Siger yver Muktar Pasja. Ryssen hev teket fleire vigtige Stelle, drivet Turken med stort Tap tilbake til Kars, fangat 3 Avdeilder av Turkeheren, og teket ei stor Mengd med Kanonor og Føring.