Trondheimsbanen vigd.

Som me gat um i fyrre Bladet, for Hans Maj. Kongen nortil fyr aa vigja den nye Banen saman med eit stort Fylgje, som var medbedet av Jarnvegsstyret. Paa Hamar steig Kongen inn i den nye Kongevogni, som er kostad fraa Amerika fyr innpaa 16,000 Kronur og flust innreid paa alle Maatar. Heile Vegen hadde Jarnvegsstyret gjort Tilstelningar, so det vart gild Fagning. Folk mødte fram paa Stationarne langveges fraa fyr aa sjaa denne sjeldsynte Ferdi. Veeret var bjart og glimande, so Øysterdalen fekk syna fram heile sin Stordom og Vænleike. Det var vist fyr alle ei Fagnareis. Av dei Bygder dei for igjenom, var vel Vesle Elvedalen den einaste, som ingen Konge fyrr hev voret i (minders det daa skulde voret taa dei gamle Kararne). Men det var myrkt, daa dei kom dit, so dei ikkje fekk sjaa det væne Synet, som her byd seg, av denne fine Bygdi, naar ein hev aket gjenom den lange Øydeskogen, som skil Store-Elvedalen fraa Vesle-Elvedalen. Daa dei kom til Tynset, var det kveikt Ljos i kvar Stova og paa ein liten Nut hadde dei tendrat ein Varde, som lyste mot dei langt ned gjenom Dalen. Laurdag Morgen reiste dei til Røros. Der var det uppsett ein Æreport. Jarnvegshallen var fint utpyntad med Flag og alt Slag Tilstellingar, og ein stor Folkehop var komen saman. Kongen steig upp paa ein Tram og heldt Vigsletalen, som vardt motteken med stort Samtykke.
 
Sidan reiste dei lenger. Ned i Gauldalen stanad dei ofta og gjekk ut av Vognerne fyr aa sjaa betre paa Arbeidet og det fine Utsynet. Landslaget hev her ein annan Svip, det er ikkje lenger dei flate Sandmoar som i Øysterdalen. Banen ligg her høgt upp i Lidi, og under seg ser ein Gauldalen i eit djupt Gil. Men rett som det er, kjem Utsynet burt, naar ein stryk gjenom ein Tunnel (Stull), som det her er mange av. Her er Landets høgste Jarnvegsbru yver ei Elv, som heiter Drøya; ho ligg 140 Fot yver Dalbotnen. Daa dei kom til Trondheim var det alt myrkt, men heile Byen blenkte do som eit Hav av Ljos. Sundag heldt Byen Middag fyr Gjesterne, og um Kvelden gjekk Byfolket i Stemna med Faklar (Kyndlar) upp til Kongen og song ein Song til honom, som Jonas Lie hadde diktat. Under Visti si i Trondheim gav Kongen 4000 Kronur til Domkyrkja. Maandag reiste dei same Vegen attende og kom Tysdagskvelden attende til Kristiania.