Studentarne.

Av Arne Garborg
 
Studentarne hev i siste Bilet havt ei Haustmoro her inn i "Studentersamfundet", slik som Visi er kvart Aar no. Der syng dei Songar og gjerer Leikar og Komediar, til Moro – skulde vera – baade aat seg sjølve og aat dei Folk, som gjeng og ser paa. Men no denne Venda skal det, dei baud fram, ikkje alt hava voret so gildt som det burde. Songarne deira hev voret helder laake, korkje aandfulle elder smakfulle, er det sagt. Storbladi herinne er fælt ublide fyr detta, og meinar paa, at Slikt er baade Skade og Skam, daa Studentarne meir enn andre skulde vera Aands- og Tankefolk, og vera dei fremste i alt, som kunde hjelpa upp Folkeskikken og Sedskapen i Landet. Um detta er det skrivet baade myket og kvasst.
 
Som og rimelegt kann vera. Eg veit ikkje nettupp, um det alt er so galet som Morgen- og Aftenbladet læt til; men at det er "smaatt Stell", det veit eg, og det er litet hugsamt aa vita. Naar Studentarne heldt Fest, skulde Ein venta baade Vit og Aand, attaat Sans og Samhug fyr alt det Gode, som er framme i Tidarlivet rundt ikring oss, ute og heime. Istadenfyr det so gjeng dei der og gjer "Skalkehermingar etter Apollosalongen" 1) og byd fram ei Folkemoro, som er so aandlaus som ho nokonstad kann bjodast endaa paa det argaste Sekundtheater.
 
Men so uhuglegt som detta er, so kjem det daa ikkje uventande, i Grunnen. Kor skulde væl dei Folk taka Aand ifraa til ein Fest, naar dei i sitt Kvardagsliv eig so litet Aand, som dei no motleggslaust gjera? -
               
Det vert tidt sagt, baade i Vers og Tale, at Studentarne er "Tankens (Ideens) Bærarar". Men ikkje trur eg, at dei skal slita seg helselause paa dei Tankarne, dei no "ber" paa. Det sleng altid Einkvar, her som i andre Stand, som "interesserar seg fyr" (hev Samhug med) Livet og Livsens Arbeid og Tankar; men Mengdi er "Filistrar" so gode som dei kann finnast. Dei tenkjer paa sin Eksamen, dei, og paa Livemaaten, og Embætte, og gjeng so kaldkloke og flirer aat kvar ein "Ide" (Tanke), som dei var Fe-Karar og Sildesaltarar og ikkje "norske Studentar."
 
Sjølve "Studentersamfundet" liver paa rein aandeleg Sveltihel. Er det "Idear", brennande Tankar or Tid og Folk, som fær Talen til aa fløyma og Hugen til aa gløda i det Laget, tru? Det høyrer Ein so sjeldan gjete. Den største Striden, som paa lange Bil hev stadet der, den stod um, kven som helst skulde sitja i Lagsstyret deira, anten Medisinarar elder Juristar.
 
Dei hev sumetider ei Kjenning av det sjølve, at detta-her, dei no driv med, ikkje er nokot, og at dei maa faa nokot meir, skal det sæta. So bed dei Folk um aa koma og laana deim det Liv og den Aand, dei ikkje sjølve hev. "Hadde me berre ein Bjørnson!" sukkar dei. So tome er dei, so arme er baade Tankarne og Hugen aat desse Tankeberarar, at dei kann ikkje eldast upp fyr nokon Ting, utan dei hev ei Stor-Kjempa, som liksom alt i Eit kan øsa og eggja dei upp. Det er liksom i Persarheren: det lyt ganga Folk bak, som piskar desse Daudskoltarne ut i Tankestriden.
 
Snaudt hev det i Heimsens heile Soga funnest ei Tid, som hev voret so rik paa store Tankar og store Spursmaal, som den me no liver i. Europa stend som i ein Logje av aandeleg Strid; det spyrst um Fridomen, um Trui, um Mannsens dyraste Ting. Kor er vaare Studentar? – Eg trur, dei let seg væl telja, dei, som sjølv kavar seg igjenom desse Tankar og denne Strid, so dei sidan kunde vita sjølv, kvat dei trudde og vilde. Dei driv med, der det høver, elder der Straumen er sterkaste; mange liver utanfyr reint; - Eksamen, Eksamen, det er Alfa og Omega; det er den store Gudinna, som dei fleste av desse unge Tankemenn dyrker og gjev seg upp til.
 
Me hev og ein heimleg Strid; me hev folkelege Tankar, me hev ei Gjerning fyr Landet, me hev ein Politik; - kor er Studentarne? – Dei, som heilt ut er med i desse Ting og hev Hjartelag fyr Striden og ærleg Vilje til aa vera med i Arbeidet, - dei er eg rædd var snart talde.
 
Folk, som hev so faae Tankar og so liten Eldhug i sitt eiget Liv, - eg spyr endaa ein Gong: kor skulde dei taka Aand ifraa, og gode Tankar, til ein Haust-Leik? - Den store Meistartjuven Ingvald Enersen burt i Stavanger, det er just Mat fyr slike Monsar. Og det aa liggja og føra Krig med "Apollo-Salongen", det er eit verdigt Fyremaal fyr slike "Tankeberarar". Det eine er etter det andre her. Ein fær aldri Kveite av Kvika elder Talg av ein Trebukk.
 
Kor slik Armodsdom kann koma ifra, - ja det maa du segja. Eg tenkjer han heng ihop  med Tilstandet i heile Samfundslivet vaart no fyr Tidi. Morgen- og Aftenbladet hev i Grunnen liten Rett til aa skjenda paa Studentarne. For det er visst ikkje Aand, dei er sjuke av dei helder. Og slik med det Meste her inne. Boklivet vaart er Snakk rundt Vagl og Veggjer, Kjekl og Kritik 2), men litet Aand. Er det ein, som vaagar seg ut med eit ærlegt og varmt Ord, sagt ut av hans eigen sanne Eldhug, so er heile Flokken av desse Klokingarne vaare etter honom med Gjøying og Biting liksom Rivbikkjur. D'er ikkje godt for dei unge Gutarne aa vaaga seg til aa eiga Tankar, og eiga Eldhug fyr desse Tankar, naar kvar Ein, som ikkje "ræsonnerar" likso kaldklokt som alle andre Gamlingar, vert sett i Gapestokken som ei Folkebisn og ei Landsskam. Naar Ungguten ser slikt, so støkk han, og tenkjer med seg: det er best aa vera klok og gjøy med dei hine; - fær seg so eit Augneglas ("Lorgnett") og lærer seg til aa kaldflira og fryna aat "Idearne" likso grumt som dei. Kann det nokon undrast paa detta?
 
Høgskulen (Universitetet) er hellest ein god Ting; men han er ikkje slik no um Dagarne, at han kann vekkja upp nokot Liv i Studentarne. Dertil er han, som væl slik ein Skule maa vera, altfor klok og "kritisk". Dei unge Professorar (Høgskule-Lærarar) er hæve Karar til aa kvessa Vitet og læra Folk upp til kaldklok Døming og Tviling; men leggja ein Livstanke inn i Ungdomshugen, elder gløda Folk upp i Eldhug og Vilje fyr nokon Ting, det kann dei ikkje. Og so er det no Eksamen, maatru, – Eksamen fyrst og Eksamen sist, so det er snaudt dei kann faa Studentarne til aa sjaa, at det er Aand i sjølve Lærdomen, dihelder.
 
Og Skularne vaare – fostra ikkje upp Ungdom lenger, dei fostra Ovklokingar og 16 AarsFilistrar. Det ligg kannhenda i Tidi, detta? Elder ligg det i sjølve den Maaten, som Skularne arbeidar paa? Det er Sume, som trur det. Dei meinar, at Skulen legg seg so hardt etter aa kvessa Vitet, at han reint gløymer Hugen og Hjartat. Det vert daa ikkje Folk av desse Stakkarar, men Leksegampar og Eksamensstutar. Og det hjelper litet aa setja Slike inn paa Høgskulen; dei vert verande Gampar like radt dei. Og krevja Aand og Manns Hug av slike Blodløysur og Bok-Aamur, det vil vera likso klokt som aa krevja Fikur av Tistlar elder Druvur av ein Klung.
 
Naar Samfundslivet er aandlaust og armt, og Skulen er paa same Gjerdi, so maa Studentarungdomen verta slik som han er. Studentarne er no so vorne, som Klokingarne vaare sjølve hev viljat. Kvat er det Morgenbladet jamrar fyre? lat det, og lat dei hine, takka seg sjølv fyr det som no kjem upp, og taka i sin eigen Barm og spyrja seg, kven tru som hev Skuldi. Det hev voret betre Tider i Studentflokken og: eg skal berre nemna, daa Bjørnson var her. Men daa var Morgenbladet reint fraa seg av Sinne. Lika eins altid, naar det hev synt seg Aand og Ung- domssinn i Studentlivet. No hev Morgenbladet vunnet. Studentarne er no "Kristianiatiserte"; Kristianiaaanden hev faret i deim; Klokskapen fraa Morgenbladet og Letings-Kritikken fraa Aftenbladet raader i Studentlivet med. Kvi er so ikkje dei gamle Gutar nøgde? Kvat meir vil dei krevja?
 
Nei, det er nok andre, som hev Retten til aa døma og refsa her. Og desse andre er det, som lyt tenkja ut Boteraader og Lækjedomar. Og eg tenkjer dei fleste vil koma til det, at det som trengst, er meir Aand i heile Livet vaart, og so kannhenda –ei ny Aand inn i Landsens Skuleverk og Folkefostring.
                                
 
1) Apollo-Salongen er ei Bud her inn-paa "Klingenberg", der dei held "Sangerinder", som syng Rennevisur og slikt til Moro aat – Lysthavande. - "Sekundtheater": Komedihus av lægre Rang, der dei helst driv paa med "Moro" og Gjøn og mindre med den rette Kunsten.
 
2) "Kritik": Utskiljing, Døming, Avdøming. Sunn Kritik dvs. den som aalvorsomt leitar etter Sanningi fyr aa liva etter den, er ein umissande Ting; men denlate Kritikken, som leitar etter Lyte fyr aasleppaifraa Sanningi, den er Sjukdom og ein speleg Ting i alt Folkeliv.
 

Frå Fedraheimen 20.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum