Samfundets Støtter

"Samfundets Støtter. Skuespil i 4 Akter af Henrik Ibsen. Kjøbenhavn, Gyldendalske Bokhandel." Ei lang Stund fyrr denne Boki kom, gjekk det Ordet, at ho skulde handla um Politik, og daa riva ned paa Morgenbladshopen, liksom "De Unges Forbund" i si Tid reiv seg ut paa Fridomsflokken. Dei, som hev ventat paa slikt, vert no narrad, for Boki hev ikke eit Ord um Politik. Ho driv paa med folkeleg Sed og Skikk elder Samfundsmoral, og er paa slik Gjerd, at ho gjerna kunde sluta liksom Bjørnsons "Kongen" med Ordet "Sanning." Dermed kann Ein vita, at det paa sin Maate er ei god Bok, um ho enn er litet lik dei Bøker, Ibsen fyrr hev skrivet. – Eg skal i næste No. skriva meir um "Samfundets Støtter" og um Ibsen.
 
G.