Lysingar.

"Fedraheimen" kjem ut kvar Laurdag og kostar Kr. 1,20 (36 Skilling) for Fjordungaaret med Postpengar og alt. Bladet er aa tinga paa alle Posthus. Her i Kristiania kann Ein og skriva seg i Ekspeditionen, Ringvolds Trykkeri, Jernbanegata 6, elder hjaa Bokhandlar Alb. Cammermeyer. – Betaling fyreaat.
 
Arbeidstanken i Bladet er den: etter beste Makt aa hjelpa fram Folkets Upplysning og Framgang paa national og kristeleg Grunn. Fleire gode Maalmenn vil hjelpa til med aa skriva; me hev Lov aa nemna Kristofer Janson, Umsetjaren af Heimskringla, og Vingnir, og enda Ivar Aasen vonar me aa faa eitkvart Smaatt fraa so bil-imillom. Brevsendingar tenkjer Bladet og det fær fraa Landsens fleste Luter.
 
Ein kann her i Bladet skriva baade paa Landsmaal og Bygdarmaal (naar det er gode Bygdarmaal daa). Skriv Nokon paa framifraa ringe Maalføre (deribland Bymaal), skal me sjølve skriva det um, naar Stykki hellest er brukande.
 
Den, som samlar og sender Pengar fyr 6 nye Tingarar, kann faa Bladet fritt sjølv. - Etter kvart som Tingartalet aukar, skal Bladet verta større og faa Bilæte.
 
Folkehøgskulen paa Vonheim i Gausdal.
Til Vetren Skule fyr vaksne Gjentor, fraa 1ste November til seinst i April. Lærefag: Heimssoga (Verdenshistoria), Fedrelandssoga, Jordkunna (Geografi), Lesning, Rettskriving, Rekning, Song, og so Skræddarsaum; Skulepengarne er 2 ½ Spd. Maanaden, og dei maa bitalast fyreaat fyr tri Maanadar. Vil nokon vera her berre eit stuttare Bil, kostar det 3 Spd. Maanaden. Kost, Hus og Ved fær Ein hjaa Kr. Janson fyr 7 Spd. Maanaden; Sengklæde fær Ein fyr 1 Spd. fyr heile Vetren; men Lakan og Handklæde maa ein sjølv hava med seg. Faste Lærarar vert i Veter Ingvar Bøhn og Frits Hansen; dertil vil Kr. Brun og Kr. Janson jamt halda Fyredrag. Innmeldingar maa Ein senda, fyrr Midten av Oktober, til Frits Hansen, Follabu um Vetlehamar.
 
Fraa By og Bygd,
Maanadskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit Nummer paa 16 Sidor Octav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt send med Posten, og kann tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Innhald 1877: Til Lesararne. Fraa Telemork. Smaastykke fra Dalarne. Nebraska (Fortelnad etter Gerstácker). Smaanøgdi og Stortorvi. Ho Hamars Brynhild. Framgang i Landet. Kunsten at skriva. Til Maalmennerne. Ute paa ville Havet. Rafteseten. Jonsok-Kvelden. Fodernaudi. Ein Brotsmann etter tapad Æra. Kor ligg Leidi? Eit Tilsvar. Olav, Son min. Ymist.
 
Det norske Samlag.
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen. Det hev no arbeidt i 8 Aar og gjevet ut mange Bøker, paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Dei, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Kr. fyr Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut. Ein skriv seg hjaa Rekneskapsføraren fyr Det norske Samlaget (Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarspengarne.
 
Dei, som skriv seg no, og legg Aarspengarne med det same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte af Aasen, Vinje, Janson m. fl, so langt Upplaget rekk, - umframt dei Bøkerne, som er utgjevne i Aar (derimillom Sogu um Olav den Heilage, elder Snorres Heimskringla II).
 
Paa 6 betalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likeins vert ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og sender Pengar fyr 6 nye Lagsmenn.
 
Ein fær sendt seg alle Bøker fritt med Posten, og likeins Tidsskrifti "Fraa By og Bygd", som kjem ut i Bergen.
 
- NB. fyr eldre Lagsmenn: Aarspengarne fyr kvart Aar maa koma inn i fyrste Helvti av Aaret, annars vert det Slut med Boksendingi, til dess Pengarne kjem.
 
Det norske Samlag.
Utkomet er: "Sterke-Nils av Jørn Telnæs" (forteljande Dikt i Telemaal). Boki vert kringsend i desse Dagar til alle dei Lagsmenn, som hev bitalt Aarspengarne. Dei Andre skal faa henne etter kvart som Aarspengarne kjem inn. – Med Boki fylgjer Fraa By og Bygd.
 
"Symra"
I Arbeidarsamfundet Tysdag 23de Oktober Kl. 9 Kveld.