Kristiania den 20de Oktober

Ein Laurdag vart Jarnvegen millom Hamar og Throndheim vigd. Det var ei stor Stund. Det var liksom Vigsla til ei ny og større Framtid. Dovremuren som fyrr stod og skilde millom Nord og Sud, var no sprengd; dei tvo store Landsholvur, "Nordanfjells" og "Sunnanfjells", laag tett sambundne som Perlur paa ei Snor; det var eit stort Steg fram til det, som hev voret Fyremaalet i Soga vaar alt fraa fyrste Dagen: Norigs Semjing og Sambinding til eit Rike og eit Folk. Desse Tankar kom og fram i denfagre Vigsletalen som Kongen heldt. Det, som her var gjort, sagde Hs. Maj., var liksom ein ny Stein paa Harald Haarfagers Storverk, ei ny Utvikling av Tanken fraa Hafrsfjord i 872; 1) det var soleis ein fager Maate aa byrja Norigs andre Tusundaar paa. Og sanne Ord var detta.        
 
Det er ingenting, som binn Folk slik ihop som denne daglige Samferdsla med Handel og Vandel, som Jarnvegjerne skapar. Austlendingar og Nordlendingar vil no jamt høvast og verta meir kjende med kvar Dag, som gjeng. Dei fær daa snart meir Samkjensla og Samhug og fleire sams Tankar og Fyremaal ("Interesser"), enn fyrr, daa heile Dovrefjellet laag der og stengde med alle sine Tindar og Troll, og det var Viku Veg millom Nidaros og Oslo. Og slik maa alle Landsens Stordeilder samlast. Landet maa bindast ihop med desse sterke Jarntraadar, og Folket maa blandast og semjast, til alt er liksom ein einaste stor Kropp, og ikkje berre ein Flokk av Bygder elder Smaa-Rike, som det no myket er. Daa fyrst kann me segja, at Harald Haarfagers Verk er fullførd, elder at Landet er Eit.
 
Men det er langt fram. Me hev ikkje Raad til aa fara so "skjott". Det var fulla ingen Ting, som meir kunde turvast enn ein Jarnveg millom Austland og Vestland, liksom no millom Austland og Nordland, og det er liksom gjort eit litet Tiltak til detta ogso (Jarnvegjer til Voss og Eikersund). Men slike Vegjer kostar Pengar, og Landet er armt. Me lyt daa gjeva Taal, og tenkja som so, at det er væl godt fyr nokot, at det ikkje gjeng for fort au.
 
Det er no og mangt annat som maa gjerast enn byggja Jarnveger. Og kvar Mann lyt daa stræva paa sin Kant so godt han kann. Framhugen maa me ikkje sleppa, um det gjeng smaatt i mange Maatar. Det er stort Verk, me hev fyr oss, so Strævet er ikkje burtkastat. Me maa sjaa aa faa eit samfengt og livande Folk ut av alle desse Smaabygder og "Samfundsklassar," som no altfor myket gjeng kvar fyr seg og berre tenkjer paa Sitt. Og det ber fram ogso, nokot med kvart.
 
Gamle Norig byrjad i Hafrsfjord med Ufred og Strid; nye Norig tek til med Freds og Framgangs Verk. Gamle Norig vann ikkje fram; det blømde eit Bil, og rekst so reint burt i Armod og Trældom. Nye Norig hev ljosare Voner, um alt fær ganga rett og beint til. Kvar Jarnvegsstubb, kvart Skip og Baat som vert bygt, kvar Jordflekk, som vert rudt, kvar Skule og Kyrkja, der det bur Liv og Aand, kvar god Mann og Kvinna, som veks upp i Folket, - alt er Stykke paa Veg, og alt gjer Mun. Det spyrst mest etter, um me hev god Vilje og rett Fedrelandshug. Naar kvar daa gjer Sitt, so lagar det seg nok. Hjelp deg sjølv, segjer eit gamalt vist Ord, so fær du og Hjelp av Vaarherre.
 
1) Daa Harald Haarfager batt Norig ihop til eit Rike under ein Konung.