Gjenteskular.

Gode Skular fyr Gjentur er nokot av det, me fyrst og mest treng um. Det er eit gamalt og vist Ord (av Luther), at vil Ein vinna fram med ein Ting i Verdi, lyt Ein byrja med Borni. Men skal Ein faa Barnet med, lyt Ein fyrst hava Moeri, veit du. Det er og so rart med den "GjenteSida." I Kvardagslivet og so i det daglege Lag hev Kvinnfolket meir Magt enn nokon trur. Det er slik, at hev du Kvinnfolket, so hev du i Grunnen Karfolket med. Det er Ingen, som i Langdraget stend seg mot Kvinna, maa vita, fyrst det er nokot, ho fast set seg fyre.
 
Det er Kona og Dotteri, som steller i Huset; og fraa Huset er det, at alt gjeng ut. So lengje daa Kvinna liver i den gamle Armodsdomen, vil det mest vera Uraa aa faa reisa Folket. Raaskapen og Vesalldomen maa ut or Heimarne, skal han ut or Folket. Men kann no Kvinnfolket halda Huset i godt Lag, med Reinskap og Hyggje, og litegrand Tankar kannhenda, og ein Song attaat, so skal ein visst snart sjaa Mun. Mest gjerer det paa Smaaborni. Fær dei veksa upp i eit vænslegt og hyggjelegt Hus, der alt er paa Folkevis, og der det daa og daa gjeng liksom Minningar um det, som er høgare og større enn Kvardagsstrævet, - so skal du nok sjaa, det vert Folk av deim, um dei hellest hev fengjet Vit og Helsa. Slikt eit Hus hev og eit sers Lag til aa verka paa Grannar og Bygdefolk. Eit Mønsterhus, som likevæl held paa Bondestilen og Bondestellet, slik at andre kann taka etter, det gjerer meir i ei Grend enn alt annat.
 
Det er utrulegt, kor myket det hev paa seg, at eit Hus er godt stellt slik i desse reint ytre Ting. Den gode Kona held Stova rein og med god Luft, som er slik ei Helsebot fyr alt Livende, og hev altid ein Barkvist elder ein Heggeblom aa stikka inn paa Peisen elder attum Spegelen elder i Glaset, so det vert fagert og hyggjelegt i Stova, til Helsebot baade fyr Sæl og Kropp; - slikt til kvar Dag, det folkar utrulegt. Lika eins med Reinskap paa Kropp og Klæde, og finsleg Bunad i det Heile. Der er ei Sanning i det gamle Ord, at "Klæde skapar Folk". Den som kvar Dag gjeng klædd som ein Slusk, skiten og uhamsleg, han fær tidt nokot av Sluskehugen og Slurvehaatten i sjølve seg med.
 
Ei god Kona skal og vita aa stella god og finsleg Mat etter Husens Raad og Høve. Det er i ein viss Maate sannt ogso det Ordet, at det er "Maten som gjerer Mannen", um det no ikkje hev so myket paa seg som Sume trur. Du kann væl sjaa Skil paa Folk, etter som dei liva godt elder ringt. Klen og ureinsleg og tungmeltande Mat er nokot av det verste som til er fyr Helsa; men er det ring Helsa og litet Magt i Folk, daa vil dei og ofta verta arme elder sjukvorne i Hug og Tanke. Eg trur eg hev set detta, og det er greit aa skyna ogso. Det er detta Dagjamne og Faste, som gjer det. Ein maa fulla ikkje tru, at Maten gjerer alt, so at det altid er dei beste Folk, dei som et best; det var nok langt av den Leid. Men god og vælstelt Mat, endaa han ikkje er so feit, er likevæl ein stor Ting i det daglege Livet og vil altid gjera Folk friske og sterke, naar dei hellest liver som dei skal. Difyr trur eg, det er eit gildt "Matstræv" detta aa arbeida med aa faa Matstellet og Livemaaten upp i Bygderne. Men daa maa Kvinnfolket med, fyrst av alt. Det er Kona, som er Fyrstemannen i Kjøk og Matbud. Ho maa vita aa stella det so, at alt Mannens Stræv kann verta gjort godt av; og det han dreg til Husanne, maa ho gjera ein Gong til so godt som det var. Men ei klen Kjærring, ho skjemmer ut og vasar burt, so det er litet Mun i, at Mannen strævar. Endaa Rikdomen er det litet Hugnad i, naar det ikkje er ei Kona i Huset, som veit aa bruka honom.
 
Men det fremste av alt, som Kona hev aa gjera, er aa fostra upp Borni sine. Men aa fostra Born er ei Kunst, ja den største av alle Kunster. Det er merkjelegt, kor litet Folk tenkjer paa det. Ala ein Ungfole upp til ein god Hest, det veit Alle ikkje er kvar Manns Sak; der skal Vit til det, og Grip paa Tingen. Men fostra eit Barn upp til ein god Mann elder ei god Kvinna, - det trur dei, kvar Ein kann gjera, kor faavis og vitlaus han er. Det er daa ikkje Under, at det veks upp myket Skarv og mange Dugløysur og Faamingar. Her skulde kvar Moer vera fyrebudd til Gjerningi, so ho hadde ein Tanke um, korleis ho skulde fara aat med aa læra Smaafolket sitt upp. Men daa lyt Gjenta faa Skulegang. Ho maa læra sjølv fyrst. Ho maa sjølv faa Syn og Sans fyr det Gode og Fagre, fyrr ho kann læra Andre upp til aa skyna det.
 
Kvinnfolket hev ei Haand med i alt Livet vaart, og difyre kann me segja, at som Kvinnfolket er, soleis vert Livet. Me kunde faa Skikk paa heile Folkelivet vaart, um me fekk gode og kloke Kvinnur. Lat oss daa taka aalvorsamt i med detta Arbeidet. Her er meir aa vinna, enn Folk veit av.
 
Folkehøgskularne skulde driva mest paa med aa læra upp Gjentur. Daa vann dei mest i Lengdi. Det er ingen Ting, som munar so jamt, og er so visst. Kvinna, det er Framtidi. Kvar vitug Mann skal tenkja paa detta, og hev han unge Kvinnfolk aa raa' fyre, skal han sjaa aa faa deim upplærde.
 
Folke-Høgskulen er væl best her, av di den ikkje fer med aa gjera Lærlingarne sine til Byfolk, som daa vilde vera ubrukande og ugagnlege paa Landsbygdi. Me maa her, som i all rett Folkefostring, gjera det slik, at me ikkje snur upp ned paa det Heimlege og kjem med reint nye Ting; men me maa lata Folk faa taka det paa sin eigen Maate, berre nokot klokare og betre enn dei sjølve kunde finna paa. Det var ingen Ting verre enn aa skapa Bondegjenturne vaare um til Bydamur, so dei kom heim til Mor att so kloke, att dei ikkje lenger kunde skyna det gamle Bondestell!
 
n.