Altslag.

"Talekrafti." Bonden hev lenge kallat Telegrafen "Talekrafti", men no hev ein Amerikaner, som heiter Bell, funnet upp nokot, som detta Namnet endaa beter kunde høva til. For han hev funnet ut ein Maate til aa bera Ljoden fraa det eine Stelle til det hint, so ein no kann tala i Kristiania, og det høyrest i Drammen. Innreiden er ikke nokot nær so mangslungen som paa Skrifttelegrafen. Det er berre som ei Kasse, som er tilstelt paa ein eigen Maate, dei festar Telegraf traaden til; naar so tvo skal snakkast ved, maa den eine tala inn i Kassa paa sin Ende, med' den andre legg Øyrat inn mot Kassa paa den hin Enden av Traaden; berre maa dei agta seg fyr aa snakka i Munnen paa kvarandre. Dei hev no prøvat detta baade her i Kristiania og i Bergen. I Amerika hev dei alt gjort seg Nytte av Uppfinningi, med di dei hev lagt Telegraftraadar millom Kantorarne.
 
Ein annan Talemaskin.
Ned i Kaupenhamn syner dei no um Dagen fram ein Maskin, som av seg sjølv kan uttala Ord og segja, kvat ein vil hava den til, berre ein klemmer paa nokre Tangentar elder som eit Slag Spødur liksom paa eit Pianoforte. Han er tillagad etter Talereiden hjaa Menneskja, med Blaasebelgar i Staden fyr Lungur, og ei lidug Tunga og som ein Underkjake, som kann ganga upp og ned, til aa skilja ut kvart Ord. Ein skal godt kunna skilja, kvat han segjer, endaa det ikkje er ventande, annat han lespar nokot og held vel lenge paa "r".
               
Ei Gjenta med i Krigen.
Turkaheren skal det vera ei ung rik tyrkisk Gjenta, som paa eigen Tilkostnad hev utreidt 50 Hermenn. Ho gjeng sjølv i Karfolkklæde og er i kvart Slag med fremst i Rekkjom.
 
I Aaseraal hev ein Kar Hans Espelidi skotet 3 Bjørnar paa ein Gong.
 
Ny Drikka. No hev dei i Amerika funnet ut nokot, som skal vera gjævare en baade Kaffe og Te; baade skal det vera sterkare og ringare en desse. Det er ein Plante, som dei kallar Matè.
 
Ferskt Kjøt fraa Amerika. I de sidste Tider hev dei teket til aa føra ferskt Kjøt fraa Amerika til Europa paa den Maaten, at dei frøyser det i Iskassur. Kjøtet skal vera likso friskt og uskjemd, som um det kom beinast fraa Slagtebenken. I Frankrike og England driv dei især mykjet paa med det. Kor munleg det hev gjenget fram med detta, kann ein sjaa av, at det i April 1876 vart sendt til England 1 ½ Million Pund Kjøt, i November 3 Millionar og i Marts 1877 6 Millionar. I dei ikkje fulle 2 Aar, som er lidne, sidan dei byrjad med denne Innførdsla, hev det i allt vortet sendt 50 Millionar Pund Kjøt paa den Maaten.
 
Ei stygg Ulukka hev hendt paa Jarnvegen i Amerika. Ein Bekk hadde flaumat upp og gravet under ei Bru, so ho brast, daa dei kom køyrande, og heile Skeidi, so nær som ei Vogn, for utyver; det strauk med 16 Menneskjur paa Flekken og 35 vart hellest skamfarne.
 
Eit Ovverk held dei no paa med i Amerika; det er ein Tunnel, som skal ganga ei halv Mil inn i Nevadafjellet inn i nokre svære Gull- og Sylvgruvur. For dei hev no gravet seg so djupt ned i Berget, at det er baade tungvinnt og kostsamt aa pumpa ut Vatnet og faa all Malmen upp, so dei held det fyr ringare aa kosta ein Stull fraa Botnen av Gruva beint fram i Dagen, endaa han kjem til aa kosta innpaa 400,000 Dollars. Det er daa Meiningi hermed baade aa gjeva Vatnet eit Avlaup og aa leggja ein Jarnveg inn igjenom til aa føra ut Malmen. Dei hev no haldet paa med detta Arbeide sidan 1869, og det skal verta ferdigt i Haust.
 
Ein norsk Officer, Løitnant Christensen hev teket Teneste i den russiske Heren, og han skal i desse Dagar reisa til Tyrkiet.
 

Frå Fedraheimen 20.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum