Utlandet

Danmark. Finanslogi for iaar var framme paa Folketinget til 1ste Gjenomgang den 5te i d. M. Bojsen foreslo, at Saki skulde stana og sendast aat eit Utval paa 15 Mann, som skulde freista aa faa full Greida av Riksstyret um Framlegget av den provisoriske Finanslogi, soleids at det kunde verta moglegt aa faa paa vanleg Vis ei vanleg Finanslog for dette Aaret og. Forslaget vart vedteki mot 1 St. – Finanslogi for 1878-79 vart gjenomgjengi 1ste Gongen no um Tysdagen, og gjekk einstemmigt til 2dre Gjenomgangen; ho vart likeins vist til eit Femtenmanns-Utval.
 
I Frankrike stend Valstriden paa det hardaste. Gambetta hev gjevet ut eit Val-Upprop, som hev mest det same Innehaldet som den Talen hans i Lille, som Styret hev saksøkt honom for. Av dette vert det ei Sak til imot honom. Dei hev kytt paa aa setja honom fast ogso. Ein av dei Gamlekararne, som var i Riksraadet ihop med Thiers, ein Greive Montalivet hev stiget fram i desse Dagom med Uppmaning aat Folket til aa taka Vare paa Fridomen sin. Hans Maningsord og det Valuppropet, Thiers hev leivt etter seg, er som tvo Røyster fraa Gravi, og dei gjerer nog sitt.
 
Krigen: I Rysseheren er no dei gamle velrøynde Herførarar komne til Heider og Æra atter, og Prinsarne, som er betre fallne for Skalkekrigen en for ein Tynarkrig med Turkar og Basji Bosukar, dei hev no fenget mindre aa segja. Den gamle General Todleben, som varde Sebastopol so djervt i fyrre Krigen, stend for Arbeidet ved Plevna; der helt dei paa og hakkar og grev Holveger og bur seg til eit Storslag imot Turken. – Det ser ikkje blidt ut mot Vetteren for Ryssen Stakkar. – I Asia var det som Tidendi lydde: dei hadde vunnet baade tvo; men Tapet vart paa Ryssarne si Sida til Slut. – I Siebenbürgen hev det voret eit fælt Uppstyr med Verving av Folk til Turkaheren; Festpengarne skal vera i engelskt Gull, er det sagt.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum