Thiers.

 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Sluten.)
 
Det var Polignac, som den Tid stod for Styret, og som var aa skulda baade for denne Raadgjerdi og for andre, som verre var. Styret og Kongen freistad baade vondt og godt, baade loglegt og uloglegt for aa faa Yvervegti ved Tingvali. Men Vali gjekk deim beint imot. So gjekk Kongen lenger en nokotsinn fyrr. Folketinget vart løyst upp, fyrr det var ihopkomet, Valretten vart innskjerdt, og Trykkjefridomen vart krenkt. Det var ein Riksumstøyt, Kongen og Styret vilde freista; men det traut deim Kraft og Dug til aa setja honom igjenom. Umstøyt vart det fulla, men paa ei onnor Leid, en dei hadde ynskt og vanat.
Thiers var av dei fyrste, som fekk vita um desse Raadgjerderne; "Juli-Ordonnansarne" er det aalkjende Namnet paa deim. Dei var underskrivne Sundagskvelden den 25de Juli. Maandagsmorgonen set Thiers seg til og skriv den namngjetne Journalist-Protesten (Bladmann Motlegget). Det vart det fyrste Stiget til Umstøyten. Sjølv sette han sitt Namn under med dei Ordi: "Me fær setja nokre Hovud paa dette Papiret," og so skreiv dei under alle dei Bladmenner i Paris, som hadde nokot Namn. Dei, som so hadde lagt i Vegen, heldt no fram med Motstandet og eggjad Folket, og det var lett aa eggja. Thiers var den, som vilde fara varlege. Han prøvad aa halda deim fraa aa taka til Verja; men han var ikkje Mann for aa stagga deim. Røra tok alt den 27de til aa verta stygg paa sume Leider av Staden, og snart stod det ein øgjeleg Strid i alle Gator. I tri Dagar slost Folket for Fridomen. Mottaket var ikkje, som ventande kunde voret, og tridje Dagen hadde Folket Vinningi. Thiers ansad ingen Faare; han foor inn ibland den sigrande Mugen, medan Kulorne kvein, for aa sanka Vener aat Hertugen av Orleans, som han vilde hava til Konge. Thiers var ikkje Fristyremann vorten endaa. Men Folket hadde smakat Blod, Draumar fraa den fyrste Umstøyten livnad uppatter, og dei byrjad ropa paa Republiken. Thiers var no reint for spak, totte dei, og dei vilde tyna honom paa Flekken; det var med Naud han kom seg undan. No var Kongen viljug til aa gjeva Kaup, men det var for seint: "Kongen av Guds Naade" vart avsett av Folket. Hertugen av Orleans vart tald til aa taka imot Krona etter honom.
So var Ludvig Filipp Konge – "Konge aat Fransmennom." Han var ein godlyndt og frilyndt Mann med eit godt Hovud: men han var helder veik, og det er ille for ein Mann, som Umstøyten hev lyft upp paa Toppen av Samfundet. Han vilde freista og halda ein Millomveg millom Utendom, men det var ikkje greidt. Han vilde gjera alle til Lags, og han gjorde ingen til Lags. Det eine Riksstyret løyste det andre av, og Thiers var med i Styret fleire Gonger. Han var ikkje med i det fyrste Riksraadet, men i 1832 var han Innriks-Styrar, og han kugad daa Upprøret i Vendé, som Hertuginna av Berri hadde vakt.
Det var altid ikkje paa den finslegaste Maaten han foor fram med den Drosi, og han hev voret lastad for det, at han hjalp seg med ei Svikraad. Det var ein Kjeltring, som baud seg til aa forraada Hertuginna for 72,000 Kronor; og tru ein Riksstyrar hadde onnor Raad en aa taka imot, naar eit slikt Tilbod vart gjort? Same Aaret ved Joletider skifte han Embætte og tok Styret yver Handel og aalmenne Arbeid. I 1834 vart han Innriksminister atter. Ludvig Filipp vart verre og verre stadd, etter som Tidi leid. Dei, som ikkje var nøgde med eit logbundet Kongsvelde, men vilde hava Fridomen endaa større, dei gjorde Staak, rett som det var, og det vart meir en ein Gong gjort Freistnad paa aa drepa Kongen desshelder.
Ein Gong hadde ein Mann lagt ut eit Helvitesverk, som sprang sunder just i det at Kongen foor framum: det tynte Folk i Hopetal, Kongen sjølv var uskadd, Thiers likeso, men Marskalk Mortier, som gjekk attved honom, fekk sin Bane.
Thiers fekk daa i Stand eit nytt Riksstyre under seg i 1836. Han hadde Viljen til aa taka munarlege i baade innetter og utetter; han vilde, at Fransmennerne skuldefalla inn i Spanja imot Karlistarne, for at Austmagterne ikkje skulde faa Yvervelde der, men Ludvig Filipp var for rædd og elskad Freden for myket; han sette seg imot Herferdi, og Thiers tok Avskil. Den fredsame Kongen var stødt uhugad til aa blanda seg inn i Millomriks-Politiken, um so Frankrikes Æra kunde tykkjast aa krevja det, dessmeir.
I 1840 i Striden millom Turkiet og Ægypten gjorde dei andre Stormagterne ei Semja, som var krenkjande for Frankrike. Thiers var daa Fyremann for Riksstyret atter, og den vesle stridsame Mannen riste paa Sverdet, budde seg til Herferd, styrkte Paris med Festningsverk, og kytte paa, at Frankrike skulde ved Rin taka sin Mun atter for Skjemdi. Men nett som Krigen skulde brjota ut, let Kongen honom falla og tok Guizot i Staden, og no var denne Hovudet for Styret til Aaret 1848.I desse Millomaarom skreiv Thiers paa sitt andre Hovudverk, "Soga um Konsulatet og Kjeisardømet," og dertil var han ein av Hovdingarne for Motstandet mot Styret.
Det var komet myket Fusk inn i Riksstellet, og for Motstandsflokken galdt det iser um aa faa fram ei Vallog, som kunde gjera ein Ende paa den kunstige Yvervegti, som Kongen hadde fenget seg i baade Ting. Misnøgjet voks, og det braut til Slut ut i blodugt Upprør i Paris i Februar 1848. Paa nytt Lag laut Kongen kalla Thiers til Styret for aa stagga Øsingi, men det var for seint. Juli-Kongedømet rauk. Etter Februarumstøyten var Thiers med i Tinget. Han røystad for Cavaignacs Diktatur, var fyrstundes imot Ludvig Napoleon, men valde til Slut paa honom til Fyremann for Republiken. Daa Napoleon gjorde sitt Statskup i 1852, fekk han Takken for den Tenesta: han vart sett fast og førd utor Landet. Han fekk snart Løyve til aa koma heimatter, men valde aa liva utanlands i 11 Aar, og al den Tidi foor han mesto med vitskaplege Arbeid og Kunst.
I 1863 kjem han atter aat Frankrike. Han vert vald inn i Tinget og tred djervelege fram i Strid mot Kjeisardømet; men det er fyrst, daa Frankrike byrjar den ulukkelege Krigen med Tyskland, at Thiers stig rett fram paa Vigvollen. Det er eit Merke paa hans gløgge Syn, at han sette seg imot denne Krigen, og aldri hev han lagt sin Fedralandselsk betre for Dagen, en daa han hugfallen foor fraa Rike til Rike og tiggde Kongar og Kjeisarar um Hjelp aat det nedaatgjorde Frankrike. Folketinget i Bordeaux valde honom til Fyremann for den franske Republik i 1871. Han gjorde Ende paa Utstyret til Kommunen, friad Landet for Fienden, baade den framande og den heimlege, og greidde den overslege Skuldi so fint, at all Verdi var uppi Under.
I 1873 drog han seg undan, daa Attergangsmennerne med sine Krokar hadde fengit ihop eit Fleirtal imot honom i Tinget, endaa Yvermunen var berre liten. Etter den Tidi hev han voret Hovudet for Fristyreflokken, og han hev voret den, som alle hev meint skulde taka atter Fyremannsplassen etter Mac-Mahon, naar hans Dag kom. Det siste Ord, han hadde aa segja sitt Folk, var ei Maning til aa halda fast ved Fristyret, eit vegtigt Ord, som fulla gjerer sin Virkning i den Valstriden, som no gjeng paa; det var Valskrifti hans, som laag ferdugskrivi, daa Dauden tok honom. Thiers hev voret snikkad for det, at han vart Fristyremann paa sine gamle Dagar, han som fyrr var Kongsven, og han som sette den fyrste Napoleon høgre, en nokon annan hev gjort. Det var ikkje Hugen, som gjorde honom til det; det var Naudi. Han saag, at Fristyre var det einaste, som kunde standa i Frankrike.
 
Det er lett aa peika paa mange Umskifte og Motsetningar hjaa Thiers; men Saki er den, at han var ein praktisk Statsmann, som var framifraa gløgg til aa sjaa, kvat Tidi og Umstandi kravde, og som ein glødande Elsk til Folk og Land dreiv til Gjerningi. Det er kannhenda dei beste Statsmenner, etter alt.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum