Notisar

Ei stygg Ulukka hev hendt paa Jarnvegen i Rusland, med di 7 Vogner med nokot nær 400 fangad Abkasingar, som skulde førast til Sibirien, vart reint øydelagde. Ikkje ein einaste Abkasing slapp fraa det med Livet, for dei var ihoplekte, som dei vanleg brukar ved Fangeførsla til Sibirien. Detta Hende hev gjort stor Røra i Rusland, og Regjeringi hev lovat aa faa full Greida paa, koss alt hev gjenget til.
 
Trondheimsbanen skal høgtideleg opnast idag. Hans Maj. Kongen med eit Fylgje paa 60, 70  Mann reiste difyre uppyver igaar; dei skulde ligja paa Tynset i Natt var, og idag skal sjølve Festen haldast paa Røros. Sidan skal dei draga til Trondheim og derifraa skal dei reisa attende Maandags Morgonen, so dei kjem til Kristiania Tysdags Kvelden.
 
Det vert no stelt til so, at ein kann reisa millom Kristiania og Trondheim paa 2 Dagar. Nattestaden skal daa vera paa Koppang i Store Elvedalen. Men sidan, fraa fyrste December, naar Dampbaatarne paa Mjøsi sluttar ganga, tek det 3 Dagar. Daa maa ein taka Nattstad paa Hamar og Tynset elder Røros. Det er Meiningi, at det skal ganga ei Færd upp og ned til kvar Dag.
 
Eit Bispemøte vert haldet her i Byen detta Bilet. Av det, som er fyr seg havt, kann me nemna: um dei kyrkjelege Serlag (Sektererne) i Landet, Ægteskapslogi og um Lægmenn i kyrkjeleg Teneste, Prest og Bispeval og Konfirmationen. Maandag skal dei taka paa med Absolutionen.
 
Kongen var Onsdag til Drammen og innvigde ein Frimurarloge der.
 
Bjørnsens nye Forteljing "Magnhild", som venteleg kjem ut med det allerfyrste, skal ogso samstundes gjevast ut paa Tysk.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum