Norig og "Norden".

Av Arne Garborg
 
Det er ingen Ting me Norske fær høyra so tidt, og ingen Ting, som det likevæl er so litet Sannt i, som detta dei skrik paa, at me vil stengja oss inne radt fyr oss sjølve og ikkje meir hava Lag med hi Verdi, og serleg ikkje med dei Folk, som ligg oss næraste. Naar det kjem til Stykket, er eg rædd det vil syna seg, at det er me, som minst hev Naud paa aa stengja oss inne, og som best vil kunna halda Lag baade med "Verdi", og med "Norden".
 
Ein Ting er sann. Me trur, at kvart Folk kann vinna lengst og best fram, naar det tenkjer og talar og les og skriv sit naturlege Maal; Upplysningsarbeidet gjeng daa ein Gong til so lett, og mange fleire kann koma med i Tankelivet; men detta er so endefram og greit, at det tarv Ingen serskilt vera "Maalmann" fyr aa vita det.
 
Motstrævet kjem jamt med det Motlegget, at det finst mange Land, der Upplysningi er likso laak, og laakare, enn i Norig, - anten det no kjem seg av Maalet elder av andre Ting; og kvi skulde daa me vilja hava det gildare i denne Vegen enn so mange andre? – Men detta bryr oss ikkje stort. Upplysning og Folkeskikk er so god og ynskjeleg ein Ting, at me aldri kann faa formyket av den, og kunde me endaa vinna framum andre Folk, so skulde me visst ikkje graata fyr det.
 
Eit litet Folk maa hava Magti si i Hausen meir enn i "Grautfatet." Di mindre det hev av Pengar og Hermagt, di meir Aandsmagt maa det hava; annars kann Ein vera mest trygg paa, at det "ryk upp" i det store Kappstræv fyr Livet, som er millom alle Land. Lika eins maa eit litet Folk gløggare enn andre sjaa til, at det ikkje slepper sitt aandelege Sjølvstende elder det, dei kallar Nationaliteten. Det maa liksom til kvar Tid kunna leggja fram Brev paa, at det er eit sermerkt Folk, um det i Lengdi skal kunna fløyta seg uppe paa det store Soge-Havet. Det maa vera seg sjølv utan Fusk og Fjas.
 
Det er desse Tankar, som hev skapt Folke-Høgskulen baade i Danmark og Norig, og væl ogso i Sverig. All rett Folkeskule gjeng ut paa detta: god, rik, aalmenn Folkeupplysning – paa fullt heimsleg elder national Grunn. I Danmark syner detta seg serleg greidt, og der er dei og komne lengst. Hjaa oss tek FolkeHøgskulen og no til aa verta national (norsk), og di norskare han vert, di større Rett vil han hava.
 
Det spyrst um fyr smaae Folk aa bruka Krafterne sine, elder aa faa Alle med i Aandslivet, so vidt det let seg gjera. Me hev ikkje Raad til aa halda ein stor Herkemuge gangande berre som Arbeidsdyr; me er ikkje fleire, enn me treng oss væl. Alle maa me arbeida, men Allemaa me og vera med i Aandslivet, i Politik og  meir Slikt, so langt me kann. Daa fyrst kann det verta eit Folkeliv. Tankarne maa faa strøyma fritt og lett gjenom heile Folket. Alt som finst i det av Godt og Vekseført, lyt daa fram, og alt det, som er sjukt og morket, vert liksom løyst upp og reinskat ut. Det fær ikkje gjerast so mange Bakevjur og Blautmyrar, som hellest so gjerna vil leggja seg til i alle Kræer og Viker og vera til Meins fyr Livet; Tankestraumen gjeng fri og frisk som ei Elv og held baade Folkelivet med Helsa og gjerer det grorsamt og grøderikt.
 
Eit litet Folk, som hev det slik, elder daa strævar med aa faa det slik, er i aandeleg Meining eit stort Folk, som kann avla fram mangt eit gildt Verk og mang ein god Mann, og som væl svarar Romet sitt i den store Folkeheimen.
 
- Alt detta trur me. Men det er berre den eine Sida av Tingen.
 
For liksom den einstaka Mannen maa staa i fullt Samband med Folket sitt, um han vil verta nokot meir enn Einstøding og Tull, soleis maa og Folket vera i Samband med heile Manna-Ætti, um det vil vera annat enn ein Flokk af Villmenn. Den Tankestraumen, som gjeng gjenom Folket, maa i Grunnen vera den same Straumen, som gjeng gjenom alle dei andre Folk, - Historiestraumen, Livstanken aat sjølve Ætti. Slikt eit Straumdrag er t. D. no dei store Fridomstankar, som me ser held paa strøyma fraa Land til Land, og som i Grunnen hev si Rot i den høgaste av alle Livstankar, elder Grunn-Livstanken i heile Soga: Kristendomen. Alle slike store Aandstankar er ei Sameign fyr alle Folk, liksom Lufti og Guds Sol; og um det fannst eit Folk so daarlegt, at det vilde stengja seg ute fraa desse Godluter, so kunde det aldri liva, men sokk ned i Raaskap og Villmannsliv um eit litet Bil.
 
Detta gjeld endaa fyr dei største Folk. Det hev aldri funnest ein Sedskaps-Nation, som hev sugat Tankarne sine berre or sitt eiget Brjost. Gamle Hellas, dihelder, vart eit so stort Sedskaps-Land, av di det jamt sugad i seg alle dei Tankar og Livsstraumar, som var uppe i den Tidi hjaa dei ymse Folk. Dertil var Hellas sjølv ikkje nokot Einrike, men helder det me no vilde kalla ein heil Jordbolk. Kvar By var liksom eit Folk fyr seg sjølv med sine Skikkar og sine Livemaatar, og so byttest daa Tankarne ut by-imillom liksom no landemillom. All Framgang og Sedskap veks upp av slik ei Tankeblanding liksom ei Elv av sine Bekkjer.
 
Men ingen treng meir til slikt eit Samband og Samliv med Ut-Heimen enn smaae Folk. For dei er mest i Naudi med, at Livet deira kann koma paa Skakke og gjerast armt og einsynt og villmannslegt, naar dei ikkje heng godt ihop med Ætti hellest. Store Folk, dei er so rike og hev so myket aa taka av, og so stor Blanding af Folk og Tankar segimillom, at dei helder kunde hjelpa seg sjølve; men dei smaae hev for litet aa ausa av til dess. Alle Livshøve er so myket mindre. Der er ikkje desse store historiske Rørslur og Tildrag, og ikkje so mange store Livskrav, som avlar stort Verk og driv fram store Tankar. Der er og færre Folk, og mindre Skil paa deim, og mindre rikt Skifte i Landslag og Veeraatta og Livemaate, og dermed liksom færre og veikare Strengjer aa spila paa, so det folkelege Samlivet alltid vert mindre aaljamt og fullsyngjande, kor god so Upplysningi er i Landet.
 
Det er ikkje berre dei store historiske Tankarne, som soleis lyt koma inn fraa Ut-Heimen, men og mangt annat, som høyrer med til Folkjens Liv. For myket maa det ikkje vera, so Folket gløymer seg sjølv og kjem innpaa Etterherming og Ap; men det maa vera so myket, at Folket laanar alt det, som det ikkje sjølv kann avla, men som det likevæl treng um til eit heiltupp folkelegt Liv.
 
Men no vilde det ikkje vera gildt fyr slikt eit litet Folk, um det laag altfor fast sambundet med dei største Nationar, for daa kunde den framande Aandsstraumen verta for sterk fyr det. Soleis veit me, kor hardt Danmark hev tevlat med aa berga seg fyr Tyskdomen, og det er væl snaudt det hadde greidd seg helder, hadde det ikkje havt Hjelp nordanifraa.
 
Beste Lagnaden, som kann vera fyr smaae Folk, er naar dei ligg fleire ihop, som er nokot-so-nær jamsterke, og deratt aat so like kvarandre, at dei fullt kan semjast og fylgjast aat og hjelpa kvarandre i Samlivet sitt. Desse fleire Smaafolk kann daa i denne Maaten vera jamgode med eit stort, attaat det, at dei kvar fyr seg fær vera "Sjølveigarar" elder Odelsfolk, og ikkje tarv gjeva upp seg sjølve i nokon Ting. – Men no er det nett upp slik me hev det.
 
Det er sannt nok: av smaae Folk er det ikkje mange, som hev eit so rikt Liv, elder so mange Strengjer aa spila paa, som Norig. Me hev so mangfeldt eit Skifte paa Landslag og Livemaate og dermed paa Folkelynne, at me lyt kunna faa fram eit helder gildt aandelegt Samspil i Nationslivet vaart, som Aasmund Vinje skreiv um. Her er Fjell og Skog, Dal og Slett, Fjord og Hav, Heidar og Høgfjell; Veerlaget er skiftande, og ulikt paa dei ymse Stader; Livemaaten er og av alle Slag, baade Jordbruk og Bergbruk og Skogdrift og Fiskje og Sjøferd og Handel og Vandel og alting, som skal til i eit folkelegt Samfundsliv, so det var Synd aa klaga paa detta.
 
Men likevæl vantar me sumt, me ogso, og hev vaar "laake Sida" so godt som Nokon. Det me eig, er smaatt, og litet av kvart Slag, so Livet vaart vert hosta myket upp i Stræv og Kav berre fyr Maten. Dermed fær me eit leidt Drag imot Matstræv og Aandløysa. Det endelause Starv og Stræv vil og ofta drepa ned i oss det fulle gode Hjartelaget og det friske Livssyn og gjera oss hardlyndte og kaldvorne i Hugen. Nokot likt er det og med det "norske Tunglynde". Den saare Striden gjerer oss hugsjuke, og so kjem dertil den store, myrke Naturen vaar og legg si Tyngd til. Det gjeng mang ein "Bergteken" i detta Folket, tyngd av myrke Tankar, og so bringeklembd av sjuk Aalvora, at han liksom snaudt fær teva. Detta kann Ein faa ei Kjenning av i sume av Folketonarne vaare. Det er som ei innestengd og bringeklembd Jamring, som ikkje vert løyst, som ikkje fær Pusten. Det er so du kann fæla, naar du høyrer sume av Fjellslaattarne vaare med all den saare, jammerfulle Villskap, kor fagre dei enn paa sin Maate kann vera. Me hev havt formyket Kav, maavita,  og forlitet Tid til aa "liva" elder kjenna oss frie og Menniskjur.
 
Stod me no mo aaleine her, so kunde det nok vera fælande fyre, at Livet vaart vart baade armt og sjukt, som det og paa fine stader er. Kannhende er det allestader meir kaldt og skinnt og storket enn det burde vera. Men her er det, at me skal taka Lærdom og Hjelp av Brøerne vaare.
 
Det er daa som ei Guds Lukka, at me hev tvo slike gode Folk beint paa Sida av oss, som baade kvar hev sitt serskilde Folkelynde og Liv, og som dertil er oss so like i Maalføre og Tankar, at me utan Vande kann læra av deim. Og enn alt det, som her er aa læra! og det ofta slikt, som me just treng paa, baade av Tankar og av Former.
 
- Me Maalmenn hev ein framifraa Rett til aa halda detta fram, av di det ikkje hjaa oss lenger kann vera Tanke um aa gjeva upp korkje Landet elder oss sjølve. Me hev fullt Fotfeste paa Norigs Grunn, og tarv daa ikkje lenger ræddast fyr aa læra av Andre. Herming og Ap maa me aldri driva; me skal taka upp slikt, som høver aat oss og som me tykjest turva, og kasta fraa oss slike "Norskheder," som me trur ikkje er verde aa halda paa; men so skal me roleg og fast "vera oss sjølve." Slik er Maaltanken, og slik maa kvar vitug norsk Mann tenkja.
 
Det er fyr alle dei tri Landi ein gjæv Ting, at dei ligg so nær kvarandre baade i Aand og i Rom. Fær kvart av desse Folk vera seg sjølv, men attaat læra av dei tvo andre, so den eine allstødt hjelper den andre fram, men Ingen freistar paa aa drepa den andre ned, so vil Skandinavtanken paa rettaste Maaten vera sett i Verk. Men detta maa alt skipast gjenom Skulen. Kvar upplyst Mann i Norden maa kunna lesa alle tri nordiske Maal, attaat det at han fyrst av alt fær bruka sitt eiget baade i Munn og i Bok.
 
Men skal me faa upp slikt eit "Skandinavia", daa maa fyrst me Nordmenn sjaa til aa verta Folk, liksom Danskarne og Svenskarne alt er det, kvar med sitt heimslege Maal og sin heimslege Kultur. Me maa verta likso norske som Svenskarne er svenske og Danskarne danske; detta er ei Skulda baade mot oss sjølve og mot "Norden", som hellest aldri vil faa liva so rikt og kraftfullt som det kann og skal. Men daa vert det og eit Broerlag, som er Mun i, naar kvar er sin eigen Mann, so han baade kann taka imot og gjeva att. Og um me Nordmenn kjem sist, so er det ikkje dermed sagt, at me kjem minst elder fær "laagaste Sessen" i detta fagre Folkelaget.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum