Lysing

Folkehøgskulen paa Vonheim i Gausdal.
Til Vetren Skule fyr vaksne Gjentor, fraa 1ste November til seinst i April. Lærefag: Heimssoga (Verdenshistoria), Fedrelandssoga, Jordkunna (Geografi), Lesning, Rettskriving, Rekning, Song, og so Skræddarsaum; Skulepengarne er 2 ½ Spd. Maanaden, og dei maa bitalast fyreaat fyr tri Maanadar. Vil nokon vera her berre eit stuttare Bil, kostar det 3 Spd. Maanaden. Kost, Hus og Ved fær Ein hjaa Kr. Janson fyr 7 Spd. Maanaden; Sengklæde fær Ein fyr 1 Spd. fyr heile Vetren; men Lakan og Handklæde maa ein sjølv hava med seg. Faste Lærarar vert i Veter Ingvar Bøhn og Frits Hansen; dertil vil Kr. Brun og Kr. Janson jamt halda Fyredrag. Innmeldingar maa Ein senda, fyrr Midten av Oktober, til Frits Hansen, Follabu um Vetlehamar.
 
Trykt i Ringvolds Bogtrykkeri.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum