Jordbruks-Utstellingi.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Maskin- og Reidskapssjaaet var utan Likning rikaste av alle Bolkarne. Det hadde ikkje mindre enn 680 No. i Katalogen (det trykkte Upptalet), og kvart No. inneheldt tidt mange serskilde Ting. Fleire av dei Folk, som handlar med slikt, hadde sett upp heile Samlingar, som kvar fyr seg tok upp store Rum av Utstellingi. Største Samlingi var den aat S. H. Lundh & Co., som og fekk "Selskabet for Norges Vels" Medalje (Ærepening). Rossings, Jensen & Jarmanns og Heyerdals Samlingar var og baade store og væne. Gode Plogar var der fraa Hjelmarfors Bruk pr. Ulrichshamn, fraa Göteborg, Kathrineholm, Frognerkilen, Smed Jakobsen, Bygdøyi, Hornby & Son o. fl. Dei som besl kunde høva her i Landet, mest allestader, var kannhenda dei fraa Hjelmarfors, som var framifraa væne og sterke. Horver var der og nok av; dei gildaste saag ut te vera dei ifraa Hald & Co., S. H. Lund & Co., Göteborg og Frognerkilen. Saamaskinar, baade til Rad-Saaing og Breid-Saaing var au aa sjaa: av Haustingsmaskinar var der mange etter Maaten; dei vænaste og mest fyr-seg-gjorde syntest vera dei fraa Wood, Hornsby og Johnstone Harvey. Ein liten Slaattemaskin av svensk Arbeid saag ut til aa kunna høva godt paa mindre Gardbruk hjaa oss. Maskinar til aa taka upp Rotfrukter med var der au, men ingen av dei saag ut til aa vera nokot hæve. Treskjemaskinar som gjekk med Eim, var uppsette i ei lang Rad frametter Festningsmuren til Kontraskjæret; dei var i Gang i fleire Dagar, og treskte so fort, at det var ein Lyst aa sjaa; men fleire av deim maatte gjerna treskt nokot reinare og ikkje slegjet so sund Halmen. Andre Treskjemaskinar var der au nok av; men dei var mest alle so mangslungne og ugreide i Byggningi, at dei litet kunde høva fyr smaae Bruk. Hakkmaskinar fraa Jakobsen og S. H. Lundh fekk Premie. Ein Hakkmaskin fraa Frognerkilens Verk var arbeidd slik, at Valsarne elder Kjevli stadna, kvar Gong Knivarne skar; detta var nokot nytt og visst ikkje galet. Av Rot-Rasparar merkte Hornsby & Sons seg mest ut, og av Rotskjeremaskinar Kværner Bruks. Av Spadar, Greiper og Høygafflar var der store og gilde Samlingar fraa dei fleste, som hev Handel med slikt. Ved Ivar S. Young og Lundh & Co. var der synt fram Samlingar av Reidskapar og Velde til eit Mjølkehus (Meieri). Fleire Stader fekk ein sjaa desse "Sjølvpumparar" (sjølvverkande Pumpur), som dei hev skrivet so myket um no eit Bil: dei vart heldne i Gang og var forvitnelege aa sjaa. Paa ei av deim var eit Stykke av Pumpeveggen av Glas, so Ein fekk sjaa nokot af Innbunaden og Gonga. Væne Torv  gogner ("Maskinar) var framsynte av Ingeniør Anrep i Stockholm. Torv, som var lagat med disse Greidur var og utstelt, og saag reint godt ut. Gardmann Takstad fraa Hamarkanten synte fram eit Mønster til ein Torvmaskin fyr einskilde Gardar; den var nokso greid og beintfram aa sjaa til.
 
Ost var der fraa ei Mengd av Mjølkehus og Gardar, baade Feitost og "Magerost" og Mysost; men Gamallost og Fat-Ost var ikkje aa sjaa. Av HageAvling saag Ein ein heil Brote med Kaal og andre Grønsaker, sume Prøvur av Graskar, Agurkar, Lauk, Salat o. fl., lika eins væne Samlingar av Frukt og matferduge Hagevokstrar. Av "Framavlingar fyr Jordbruket" var der utstellt fraa ymse Handlarar Kraftfoder og Fabrik-Hævd.
 
Handgjerningssjaaet hadde mange væne Ting fraa dei fleste større Handgjerningsskularne paa Austlandet, baade av Korgbinding, Snedkararbeid, Svarving o. fl. Av beintfram Heimearbeid var der og mange sovorne Ting. Nokot Korgbindararbeid, som var gjort av ein Folgemann i Stange (Hedemark) var væl verdt aa merkja, og likaeins ei Samling av Treskjerarbeid fraa Bygdøy Kongsgard. Der var og ein Stad, Ein kunde faa sjaa paa, at slikt Arbeid vart gjort. Der sat Frøken Anna Månsson fraa Stockholm og krotad væne Rosur og Bilæte i Tre; Mimi Frelsen fraa Kristiania med Kniplingar, ein Steinslipar fraa Klintbergs Fabrik gjorde Bordplatur, Sylgjur, Knappar og meir slikt av Gottlands-Marmor; Lærlingarne fraa Blindehuset batt Korger, og Lærlingarne fraa Handgjerningsskulen sat og arbeidde kvar med Sitt. Soleis fekk Ein sjaa, korleis alle slike Ting vert gjorde, og det var nokot, som Ein baade kunde hava Moro og Lærdom av.
 
Av dei Ting, som høyrer til Kunnskap um Jordbruk og Bondearbeid saag Ein Samlingar av Skulegreidur og Skulebunad, og so Natursaker. Bokhandlar Malling i Kristiania synte fram Skulegreidur og Bilæte til Hjelp fyr Læring i Naturkunnskap. Fraa Kongnsgarden paa Bygdøy var der eit heilt "Jordbruks-Musæum", elder ei Samling av ymse Kornslag og Fræslag, Korn og Gras i Straa og Aks, Lav-slag og – Fiskar. – "Potetbilla" saag ein i Gutaperka-Avtrykk, avskildrat plent som ho var livande, i sine ymse Vokstersteg elder Aldrar. Mikroskop elder Forstørringsglas var framsynte av Optikus (Brillemakar) Wasserlein i Berlin, og Jordbruksdirektør Smitt hadde lagt fram ei Samling av Jordbruks-Landkort yver Norig, som eit Tillegg til den Boki han hev sett upp um "Det norske Landbrugs Historie." Der var og nokre Samlingar av Stein og Bergslag og ei Samling av Plantar (turkad og tilstellte), som alt var myket gildt aa sjaa. – Heile denne Utstillengsbolken var lærerik og forvitneleg, um han no hellest kunde voret rikare.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum