Ei bidledros

Fyr spegilen sat ho, den unge møy;
ho var so væn, at du kunde døy.
 
Ho keik inn-i spegilen, snøggt, på sneid, -
då såg ho sjølv, at ho var 'kje leid.
 
Ho speglad seg betre, ho speglad seg væl;
då vart ho so byrg, då vart ho so sæl.
 
Ho speglad seg framme, ho speglad seg bak,
so strauk ho seg upp og gjorde seg strak.
 
"Det finst no væl vandt slik ei dros som eg; -
hå hå, kor dei drengjir skal få dragast um meg!
 
"Lat dei smjuga smått, lat dei stauka stort, -
eg skal sjå meg um, fyrr eg festar meg burt!"
 
Byrg steig ho fram i den bidlegard;
ho visste so væl, korso gild ho var.
 
Ho visste so væl, ho var gild og staut,
ho tenkte, på bidlar det aldri traut.
 
Ho svingad seg keik, og storsleg ho log; -
då mylte dei drengjer og burt seg drog.
 
Og då ho just skulde sjå seg ikring,
då var han kvorven, den bidlar-ring.
 
Og då ho væl hadde set seg ikring,
då stod ho åleine, det arme ting.
 
Men spegilen log, då ho heimatt kom -:
"der narrad eg deg, du vænaste blom!"
 
Og spegilen log åt den gjente-sut:
"No lyt du ha meg til din bidlegut!"
 
q.
 
Ordforklaringar:
Dros: fager og staut gjenta. Bidle-dros: ei gjenta, som fær mange bidlar (les: Bélar) elder friarar.
trjota: (tryt, traut, troten) få ende.
kverva: (kverv, kvarv, kvorven) koma burt, av synast.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum