Anders Hovden, 15.8.1894

Vanse 15de aug 94.

 

Kjære Ivar Aasen.

 

Det er længje no, sidan eg høyrde nokot frå deg. Længji er det og, sidan eg skreiv. Og når eg ikkje hev frett noko um deg, so liver du vel med det gamle, vonar eg. Med mitt hus hev det vorit skrøpelegt til tilstoda. Sidan eg i febr. iår kom attende frå Xania, hev kona mi legje dødsens sjuk, doktor opp og tenarar i mente. Det stod då til liv likevel. Og no, ho var sopass, me kunde stydja henne yver golvet, er ho reist paa ei sæter i Romsdalen og hev gjenta med seg og minste barnet. Eg vert nok enkjemann i vetter. Eg hev litle Ivar heime. Han er spræk og gild gut. Og giv, han kunde likjast attpå den, han heiter etter!

Både borni var og attmed enden i vetter. Og ei vanheppa kjem ikkje åleine. Eg hev i 2 måna voret mållaus og fær fyrst lov til å preika no sunndag kjem. Og so må eg segja:

Halleluja min strid er endt osv! Eg hev nytta denne håse-tidi til å riva av meg eit og anna rimet. Og det hev eg i kvart fall sett meg fyre, at det eg skriv heretterdags skal verta fyre seg gjort, so godt som eg på nokon måte kann få det til. Gjev eg kunde skriva nokot, som du tykte um, so vart eg glad! I denne tunge tidi hev eg fyrst rett prøvt å arbeida, og kva det vil segja å søkja si trøyst der.

Lev væl då, kjære Aasen, og ver hjarteleg helsa frå meg og litle Ivar.

 

Anders Hovden

 [Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]