Svein Bjørndal, 20.9.1859

                                                                                    Mo den 20. September 1859.
 
Hrr. Ivar Aasen. Som ein frammande og ukjende Mann fyre dikka lyt eg bidja dikka aarsaka meg fyre eg skrive dikka til. Men eg trøysta meg med, at naar did heve høyrt mit Maa[l]emne, so vil did inkje finna det saa undarlegt heller. Etter alt, kvat eg heve høyrt um dikka, vona eg meg det Beste.
 
I den seinare Tid heve eg fingje stor Hug til at 1æra Norsk. Dei Bøker, som ero skrevne dari, heve hugdrege meg so stærkt, at eg er fast bestemt paa at 1æra det fyre eg kvile. Men so stend eg i Beit fyre Bøker, som kun[n]a giva meg greid Retleiding i Maalet. Dikkas Ordbok er naudturveleg til at hava, men den finnst inkje i Bokhandelen i Bergen. Eg viste ingjen annan til at spørja etter den, end dikka; kanskje did vilde svara meg herpaa?
 
Eg er Lærar i "Elementairfagene" ved "Nordre Bergenhus Landbrugsskole" og er født i ein Fjølldal, "Haalandsdalen" i "Søndre Bergenhuus Amt" kor dei enno tala godt Norsk. Dei gamle Ordi renn meg, i Hugen, naar eg 1æser deim i Dølen, soleides som eg høyrde dei av mi gamla Besta, som var ifraa Harangr.
 
Eg kom tile burt, daa eg inkje hadde 1ært til at vyrda mit eie Morsmaal, elde kunne eg heve teke meir med meg.
 
Eg vilde verda ovlega glad, dersom did vilja svara meg og kanskje gjeva meg ei lita Retleiding.-
 
Ein Vin av meg og ein Landsmand av dikka, Lensmand Paulsen i Jølster, heve bedt meg helsa dikka mykje, og det same gjere eg ogsaa.
 
Med Vyrna
S.Biørndal.
 
Min Addresse er: Førde i Søndfjord.  
 
-
Brev nr. 11, «Nokre brev til Ivar Aasen 1852-1893», i Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal.
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Originalen ligg på UBO, brevsamling nr. 174.
 
S. Bjørndal er truleg identisk med Svein Endreson Bjørndal (f. 1831), som tok eks. på Stord lærarskule i 1851. (Sjå elles merknad til Br. nr. 258).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009