Niels Juel, 1.8.1856

Høgtærade I. Aasen! De undrast væl te sjá brev ífrá ein ukend, som enndá kann og lýstast takka Dikko fyre seinast; serdeles lýt eg takka fyre ei kveldstund eg fekk reika med Dikko umkring slottet og tala um dat meg índarleg kære norske mál. Dá (torer eg ínkje skriva dat "do,"?) lýt eg enndá føra Dikko í mínne, at eg er dan ungdomen, som vart tilført Dikko fyrra summaren av stud. Gudbrandr Vígfusson.
 
Inntrengjande lýt eg beda, at De vil ors[a]ka meg fyre di eg brýr Dikko med detta enndá til - litle innlagde brevet. Dat er ínke átleina elsk til málet eg skriv í og "forvisning" um, at detta átleina vil hevja os[s] til ein ansedd egte federnelandsk og sjølvstyrande "nation"; men dat er og dan elsk og vyrdnad eg heve til Apostelen fyre vár velferd og "nationalitet", som driv meg te skriva. Attemed lýt eg dá spyrgja um eit og annat um De eingong vílde vera so snild aa svara pá. Fyrst lýt eg fyre meg og gardsfolket her takka uppregtigt fyre dei morolege bøker me hava fengent[!] leset í várt mo'rsmál. Snart er andre bóki av "Landsmaalet" útsliti og "Ervingen" snart og upptoggen Dikko til æra. Ordtøki heve eg enndá ínke fenget fat í. "Liden Læsebog i Oldnorsk" vil dei desverre enndá ínke týggja upp fyre meg. Dikkar tilhángare tiltaka her ínke so lítet og enndá i Bergen blandt unge kaupmenner heve eg høyrt um ívrige tilhángare, so dei enndá tala Strílamál seg ímillom. Dat som ofta mest er ímot Dikko er so vidt eg sér berre leta og stundo líkagýld. Dei lesa "Morgenbladet" her pá øyi, men forstá dat ínke - mest ínke -. Dei hava leset "Ervingen" og eg undrast kor lítet dei forstá Hermann og kor væl hine. Dei lesa bibelen og vísa enndá í slíka bøker kor lítet dei forstá Dansk . Men Hálsnøyi er betre upplýst enn Storden, Valestrand, Skánavik o.s.v. og her danskast meir enn rundt umkring oss. –
 
Var eg rík kunde eg gera mýket; men no lýt eg ogso fyre te liva vera flittig í mit arbeid, so eg fær líte tíd lera meg dat gamla málet og gera nokot fyre dat nýa. Mýket meir kunde dar og utrettast um dar berre var fleire, som skreiv pá Dikkar máte, ísær um dat var yversetjingar av gamla sogor, religionsbøker og serdeles pátrengjande um landbruket, fyre te lesa um detta pá Dansk er dei til lite nýtta. Eg pástend, at landfolket vert inke upplyst pá 2 - 300 ár um ein íkke vil skríva dat bøker i norskt máI. I umgangsskularne sýnest eg dei mátte snart fá slíka; er dat ínke sant? - Eg var tenkt te senda Dikko nokre fá órd, som eg ínke heve funnet í órdbóki; men eg vil no beda, at De, nár De eingon[g] vandrar umkring ogso vil vera so índarleg gíld og lýdast innum til meg ogso, og so kan De sjølv høyra etter um eg heve funnet rette uttydningi pá órdi - Eg heve svær hug te vita korí mine. mest[!] feil, ligg nár eg skriver Nors[k],um dat ínke ogso er í ein danskagtig stil. Skadar dat einheiti um ein Vestlending skríver heima og vel (dei uttala dat veel)? Likaeins fell dat meg svært te enda eit adjektiv til eit hu elder dat í bestemt skikkelse pá e, altsá d. stora huset og gento. Turde eg venta eit svar eingong, so vilde eg beda um De ínke vilde segja um eg fær i vílsko med eitkvart og korleis De sjølv meinar um gagnet og hugnaden av eit norsk skrivamáI. Kor vida De sjølv helst vílde utstrekkja dat. Eg hápast dat er ínke berre fyre te vírka pá dat Danska De arbeidar, elder kanske? –
 
Nei no lýt eg slutta atter bedande mýket, at De vil orsaka meg!
 
Dikkar høgt agtande og tilhugarlege
Niels Juel.
 
Hálsnøy Kløster 1/8 56. Pr. Valen s[e]nd um Bergen. Dampbátsending Leirvik.
 
[I margen.] Er dat ínke rettare at segja som í Hordaland kløster dá dat vel kem av klaustr? Aa, mýket hadde eg hug te spyrgja etter, men kvat skal eg som lítet formár? –
 
[Utanpå brevet:] Herr Literat I. Aasen, Christiania.  
 
-
Brev nr. 8, «Nokre brev til Ivar Aasen 1852-1893», i Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal.
-
Merknader Reidar Djupedal:
Originalen ligg på UBO, brevsamling nr. 174.
 
Niels (Nils) Juel (1831-1897), bonde på Halsnøy og stortingsmann 1874-88 (sjå L. Eskeland: «Bønder», 1925, s. 76 ff.). Dette er det fyrste privatbrevet på nynorsk som eg kjenner. Brevet er før prenta i «Sunnhordland», bd. XXXIX, 1958.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009