330 Helsing frå Det norske Samlaget til Island, 24.6.1874

Til Islendingom.
 
Gode Frendar! I dei tusund Aar, som ero avlidne, siden Forfederne dykkar foro ut til Island og toko seg Heimstad der, heve Norig og Island havt nokot so nær den same Lagnad. Den Tid, daa Norig stod i sin beste Blome, var og ei stor Tid fyre Island; daa Norig siden seig ned i Vanmagt, kom der ogso uheppna Tider yver Island. Og i dessa Tidom vardt det ogso litet av Samkvæmet imillom Norig og Island.
 
Vistnog fekk vaart Land ein Fyremun, daa det fyre seksti Aar siden vardt eit fritt Rike paa nytt; men paa ei onnor Sida hava de paa Island ein stor Fyremun framfyre oss. Medan det gamle Norrøne-Maalet hjaa oss vardt vanskøytt og utsleppt or Kyrkja og Skulen, hava de der ute med Truskap haldet fast ved det gamle Maalet og dermed drivet det fram til større Fullkomenskap.
 
Gode Frendar! Denne dykker Truskap mot Ervemaalet er nokot, som me vyrda høgt og som me vilja takka dykker fyre.
 
Det norske Samlaget, som so smaatt heve freistat aa nøyta vaart gamle Bondemaal til boklegt Bruk, tykkjest hava serleg Grunn til aa takka dykker fyre denne Truskapen, som alltid maa vera vaart Samlag til Styrkning og til ei god Fyresyning. Vistnog heve Lagnaden ført oss inn paa ein annen Veg, so me ikkje faa fylgja dykker i same Faret; men endaa vilja me vona, at Islendingar og Nordmenner skulo kjenne kvarandre paa Maalet, og at denne Kjensla skal vera ei kjærleg Minning um Broderskapen.
 
Me ynskja Island til Lukka med Tusundaars-Helgi. Me ynskja, at dykkar Framtid maa verda jamgod med dykkar beste Fyretid. Og so vilje me vona at me paa baada Sidor av Havet skulo hava den same Framhugen, so vist som me paa baada Sidor hava same Minni fraa Forntidi.
 
Kristiania i Juni 1874.
 
H. E. Berner. Hans Ross. E. Blix. Ivar Aasen.
C. R. Unger. C. J. Nilsen. K. Seip. 
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Prenta etter Kristofer Janson: «Fraa Island», 1874, s. 40-41. Originalen ligg ikkje no i Þjóðminjasafn Íslands (der ligg elles originalane til helsingane frå Vestmannalaget og Uttrønderne, som K. Janson òg bar fram), men har truleg vorte utlånt til bladet «Isafold» (bladstyrar Bjørn Jónsson) som 17. okt. 1874 prenta ei omsetjing til islandsk. Av helsingsbrevet finst eit utkast og ein kladd (med påskrifta: «Efter Concept af Berner, senere lidt omskrevet og i denne Form afleveret»), begge skrivne av I. Aa. I dagboka skriv I. Aa. 30. mai: «Studeret paa en Hilsning til Island» og 1. juni: «Hos Berner (Adresse til Island)». - Det er gjort nokre rettingar i K. J.s tekst i samsvar med I. Aa.s kladd som elles ikkje har den same ordfylgja: foro ut ~ [kladden har:] foro - [vanskøytt <] ~ vanskjøytt - ikkje faa ~ [kladden har:] faa ikkje - [jamgod<] ~ jamngod - [C. R. Unger<] ~ [K. J.s tekst har: C. Unger, den isl. oms. har: C. R. Unger].
 
- Brevet er ei helsing til 1000-årshøgtida for den fyrste islandske busetjinga. Utsendingar frå Noreg var Gustav Storm, Kristofer Janson, Marius Nygaard (som alle har skrive om ferda), Nordahl Rolfsen og Birger Kildal. Om K. J.s helsing sjå m. a. K. Janson: «Fraa Island», s. 38 ff. og «Hvad jeg har oplevet», 1913, s. 142 ff., «Dagbladet» 1874, nr. 194 (etter «Dagtelegrafen», Kbh.), nr. 195, 205, 206, 208 og 209. Om helsinga frå Vestmannalaget sjå T. Hannaas: «Vestmannalaget», s. 76 ff., Berg. Tid. 1874, nr. 188, og Berg. Adr. Cont. Efterretn. 1874, nr. 222. O. J. Høyem gav ut «Uttrøndarhelsing aat Islændingom», 1874.
 
- Carl Johan Nilsen (1836-1879), stud. theol., var med og skipa Det norske Samlaget og sat i styret 1868- 76 (sjå SS 1908, s. 232 ff. og 268 ff., og «Norsk Aarbok» 1928, s. 62 ff.). Karl Seip (1850-1909) cand. theol. 1873, seinare skuledirektør og statsråd.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009